Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det Høgre ikkje snakkar om

Ein meir konkret klimapolitikk vann fram på landsmøtets siste dag. Men elefanten i rommet er det partiet ikkje snakka om.

Skal vinne valet: Statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg har planen klar for å vinne kampen om kommunane i haustens lokalval. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Like interessant som kva som blir snakka om og vedteke på landsmøtet, er det som ikkje blir snakka om frå talarstolen: Økonomisk ansvarlegheit og statsministerens kritikk av eit teaterstykke.

Høgre har i helga gjort seg klare for ein valkamp der partiet skal vinne attende dei store byane. Statsminister og partileiar Erna Solberg sitt mål er at halvparten av befolkninga skal bu i ein Høgre-styrt kommune.

Entusiasmen frå partiets lokalpolitikarar er upåklageleg, men skal dei fire regjeringspartia utvikle samarbeidet også lokalt, krev langt meir enn ein Høgre-framgang i kommunane. Førebels er det langt meir begeistring å spore for regjeringa sin politikk mellom Høgre-politikarane, enn mellom veljarane.

Høgre vil gjerne snakke om splitting på «sosialistisk» side. Om eit Ap som har mista kontrollen over venstresida. Om alle sakene Sp, Ap, SV, Raudt og MDG er usamde om. For tilsynelatande er det full semje internt i Høgre, og mellom dei fire regjeringspartia.

Under landsmøtet var det få overraskingar, som seg høyr og bør for det største partiet i regjeringa. At landsmøtet gjekk inn for å fjerne tredelinga av foreldrepermisjonen, gje gratis P-piller til jenter under 16 (seriøst, kva med gutane sitt ansvar for å verne seg sjølv og seksualpartnaren mot kjønnssjukdomar) og nei til «rumpereklame» er innanfor det «landets viktigaste politiske verkstad» må kunne krevje for å bestemme i alle fall litt.

Annonse

Den heftigaste debatten var den siste politiske debatten under landsmøtet: klima. Og landsmøtet var villige til å gå langt meir drastisk til verks enn resolusjonskomiteen. 18-år gamle Dina Solbakken frå Unge Høgre og Lofoten rista tak i landsmøtet frå talarstolen, med «alt vi ikkje gjer i dag, får konsekvensar i morgon"» Og det vart vanskeleg for landsmøtet å stemme ned alle offensive og konkrete framlegg, når representantar for ungdomspartia syner større omsorg for framtidige barnebarn og oldebarn som enno ikkje blir fødde på mange år.

Fregatten i rommet ingen vil snakke om, ikkje ein gong Kåre Willoch, er «over eller under streken». Skal utgiftene til ny fregatt og nytt regjeringskvartal takast utanom statsbudsjettet? Ja, meiner Erna Solberg. Nei, meiner Venstre-leiar Trine Skei Grande, som fann det for godt å måtte påminne Høgre om at borgarlege parti fører ein ansvarleg politikk då ho heldt helsingstale til landsmøte laurdag.

«Når Høyre går bananas med penger, blir vi engstelige i Venstre», sa Grande, halv spøkefullt, til landsmøtet.

Fredag rykka kulturminister Grande ut mot Solberg i Dagsavisen. «Jeg forutsetter at statsminister Erna Solberg er enig i det som står i kulturmeldingen jeg la fram før jul: At all kulturpolitikk har utgangspunkt i grunnlovens paragraf 100 om ytringsfrihet», sa ho til avisa.

Høgre har lansert ei smørbrødliste over korleis staten si makt over kommunane skal innskrenkast. Men samstundes vil ikkje partiet at kommunane skal avgjera spørsmålet om eigedomsskatt sjølv. Partiet har også vedteke at staten skal gripe inn over for kommunane når det gjeld store samferdsleprosjekt. Altså i viktige saker for kommunal sjølvråderett går Høgre inn for ei innskrenking.

Så står det att å sjå om veljarane let seg overtyde.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kollektivtrafikk i egenregi