Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det farlege tankegodset

Høgreekstremismen er på framgang. Det angår oss alle.

Philip Manshaus vart måndag framstilt for varetektsfengsling i Oslo tingrett. Han er sikta for drapet på stesystera si og terrorforsøk på al-Noor Islamic Center i Bærum. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Utstyrt med GoPro-kamera, hjelm og våpen tok 21 år gamle Philip Manshaus frå Bærum seg inn i al-Noor Islamic Center i Bærum laurdag ettermiddag. Då hadde han, etter det han er sikta for, teke livet av stesystera si, som var adoptert frå Kina. I moskeen vart han – heldigvis – overmanna av Mohamed Rafiq, før han rakk å skyte ned nokon. Måndag sat han i Oslo tingrett og smila til pressefotografane.

Det er det andre terroråtaket i Noreg på litt over åtte år, og det andre som har utspring i høgreekstremt, innvandringsfiendtleg, islamofobisk tankegods.

På nyheitsmorgon på NRK P2 tysdag fekk PST kritikk frå Antirasistisk Senter for så seint som i år å ha meint at det ikkje er sannsynleg med høgreekstrem terror i 2019. PST undrar seg over kritikk frå nokon som ikkje har innsikt i korleis PST jobbar. Men PST må stå til rette for spørsmål, kritikk og diskusjon sjøl om Anders Behring Breivik og Manshaus ikkje er ekstreme islamistar med bombebelte.

Førebels trur politiet at Manshaus er ein einsam ulv. Einsame ulvar er ikkje lette å halde greie på, eller fakke. Det har me sett i andre terroråtak. Spørsmålet er om det er umogleg? Er det mogleg å skilje ut personane som "berre" trugar med å bruke vald og drepe, og dei som faktisk gjer det? Politiet vart tipsa om Manshaus i fjor, og gjorde ein sjekk av han, der dei ikkje fann grunn til å tru at han kunne gå til valdelege haldningar.

Oppsummert

Sinte, kvite menn

1 Dei siste åra er fleire terroråtak utført av kvite menn, mange av dei unge, mot jødar, muslimar, eller farga.

Kvit overmakt

2 Ein fellesnemnar er at mange er inspirert av ein idé om den kvite manns overmakt, og at det finst ei global samansverjing som skal erstatte kvite, etniske samfunn med innvandrarar.

Må handle

3 Det er trengst ein plan for å motverke framveksten av høgreekstremisme.

Når du vel å oppsøkje folk med annan hudfarge, religion eller seksuelle preferansar enn deg med føremål om å drepa dei, er det ekstremt. Det er ein krig mot mangfald og fridom ført på vegner av ein minoritet som har falle – meir eller mindre med grunnlag i eiga vilje – utanfor det såkalla storsamfunnet.

Annonse

PST kom i vinter med rapporten "Hvilken bakgrunn har personer i høyreekstreme miljøer i Norge?". Høgreekstremismen aukar. Aldersspennet blir større. Det er fleire med innvandrings- og islamkritiske haldningar. Over halvparten av dei som er med i grunnlaget for analysen til PST, står utan arbeid. Dei fleste bur på Austlandet, men dei færraste i Oslo. Ofte er det sosiale årsaker, ikkje ideologiske, som gjer at folk tyr til høgreekstreme miljø og forum.

Manshaus skal ha late seg inspirere av Brenton Tarrant, som drap 51 menneske i åtak mot to moskear på New Zealand i mars i år. Tarrant på si side skal vera inspirert av Anders Behring Breivik. Robert Bowers drap 11 menneske i eit åtak på ein synagoge i Pittsburgh, USA i oktober i fjor. Dylann Roof drap 9 afroamerikanarar i ei kyrkje i Charleston, USA juni 2015. Patrick Crusius er arrestert for massakren på Walmart-senteret i El Paso tidlegare i august, der 22 menneske vart drepne.

Crusius publiserte ifylgje CNN eit manifest som er inspirert av retorikk frå Donald Trump og det republikanske partiet, om "invasjonen" av immigrantar som kjem over den amerikanske grensa i sør. Også Crusius er prega av sterkt innvandringskritisk tankegods, kvit overmakt og eit hat mot latinamerikanarar.

Me veit nok om kven dei einsame ulvane er til å i alle fall prøve å overvinne dei.

Til grunn for ein del av det nye høgreekstremistiske tankegodset ligg ein teori om at kvite er i ferd med å bli erstatta av andre. "Andre" kan vera muslimar, latinamerikanarar, jødar. Teorien om "du grand remplacement" – den store utskiftinga – vart lansert av franskmannen Renaud Camus, som er kvit nasjonalist. Teorien, som no blir overført til andre land og folkegrupper, går ut på at franske etniske kvite må vike for muslimsk innvandring og folkevekst.

Konspirasjonsteoriane flaumar over i nettforum, der medlemene møtest i eit felles ekkokammer. Det konspiratoriske bakteppet er at det føregår ein rasekrig mellom kvite (kristne) og resten av verda. Jødar styrer verda. Muslimar, svarte, latinamerikanarar – alle som ikkje er kvite – får fleire born enn kvite. Nabolag, byar og land blir fløymd over av utlendingar, og dei kvite må kjempe for si eiga etniske og kulturelle overleving.

Statsminister Erna Solberg sin uttale om at det er mykje svensk å høyre når nynazistane marsjerer i norske gater, vitnar vonleg ikkje om kor lite alvorleg regjeringa hennar tek den framveksande høgreekstremismen, islamofobien og ekstreme innvandringskritiske synspunkt. I staden forsvarar ho å framleis gje Human Rights Service statsstøtte, ein organisasjon som har oppmoda om å dokumentere den kulturelle revolusjonen (les: den store utskiftinga) ved å ta bilete av tilfeldige muslimar.

Det er eit farleg tankegods som spreier seg. Muslimhat og islamofobi er ikkje det same som å kritisere innvandringspolitikken og integreringa. Me veit nok om kven dei einsame ulvane er til å i alle fall prøve å overvinne dei.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Sammenslåing av tingretter: Misforstått motstand