Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det er storleiken som tel, Bent Høie

Det må vera openbert for alle at "noko er rottent" i måten me har organisert helseføretaka og sjukehusa på.

Sprengt kapasitet: Sykehuset Østfold Kalnes er for lite, fem år etter at det stod ferdig. Foto: Lars Bilit Hagen
Sprengt kapasitet: Sykehuset Østfold Kalnes er for lite, fem år etter at det stod ferdig. Foto: Lars Bilit Hagen

Korridorpasientar. Flaskehals på akutten. Dårlege arbeidsvilkår for dei tilsette. Einmannsrom som plutseleg blir tronge tomannsrom. Nye, dyre, viktige maskinar det ikkje er plass til, og som difor står ubrukt. Fortvila tilsette som ikkje blir lytta til.

Slik er det på eit nytt sjukehus i Noreg – verdas rikaste land.

I ein reportasje fortel tilsette ved Sykehuset Østfold Kalnes om tilstanden etter at sjukehuset stod klart for fem år sidan. I mange år åtvara dei mot at sjukehuset vart for lite. I like mange år har helseføretaket og sjukehusleiinga peikt på oppstartsproblem, arbeidsflyt og flaskehalsar som årsaker til at kreftpasientar blir liggjande på gangen, til full belysning døgnet rundt.

Men det er ikkje berre Kalnes som er problemet i Sjukehus-Noreg. Ved fleire sjukehus har tilsette varsla om at det er for få senger. Pasientar blir sende ut for raskt, til kommunar som ikkje har kapasitet til å handtere dei. Eldre menneske med diffuse diagnosar blir kasteballar i systemet, slik VG avdekte i ei prislønte sak i fjor.

Annonse

Dei tre fyrste månadane av 2019 låg 16.258 pasientar på gangen på norske sjukehus. Det er openbert for alle – kanskje med unntak av helseminister Bent Høie og sjukehusføretaka – at "noko er rottent" i måten me har organisert helseføretaka og sjukehusa på.

For ein sjukehusbyråkrat som fyrst og fremst er oppteken av modellar og pengar, er det kanskje vanskeleg å førestille seg korleis det er å jobbe på eit sjukehus som er så lite at det ikkje ein gong er mogleg å halde smittevernreglane. "Vi bryter retningslinjene til Folkehelseinstituttet hver dag i dette bygget. Det er ikke fysisk mulig å sitte og jobbe med én meters avstand", fortel Anita Talåsen Granli, tillitsval i Norsk Sykepleierforbund til Nationen.

Det er alvorleg. Koronapandemien er berre nok ei påminning om at den rådande tenkinga i sjukehusbyggjing dei siste åra må kastast på skrothaugen.

Det skal byggjast nye sjukehus fleire stader i Noreg. I Mjøs-regionen i Innlandet, Oslo, i Alta, Møre og Romsdal og Nordland. Planleggjinga og byggjinga av Sykehuset Kalnes må stå som eit skrekkdøme på korleis det offentlege ikkje skal byggje sjukehus. Me må leggje til grunn at helseføretaka lærer av kvarandre sine feil.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Fakta om utbrudd av fugleinfluensa