Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det er nok no, Erna Solberg

Kreft, studiepermisjon, større plass for dyra, utbedringar på garden. Staten har førebels funne mange måtar å unngå full kompensasjon til pelsdyrbøndene på.

Kompensasjon: Pelsdyrnæringa skal leggjast ned innan 2025, men det er framleis uklart kor mykje skal bøndene få i kompensasjon. Foto: Lars Bilit Hagen
Kompensasjon: Pelsdyrnæringa skal leggjast ned innan 2025, men det er framleis uklart kor mykje skal bøndene få i kompensasjon. Foto: Lars Bilit Hagen

Få av oss har nok ynskt seg å vera i arbeidskleda til pelsdyrbøndene dei siste par åra. Når livsverket og levebrødet blir forbode av staten med eit pennestrøk i ei regjeringsforhandling, blir framtidsutsiktene med eitt mørkare enn planlagt.

To og eit halvt år etter at Venstre i regjeringsforhandlingane med Høgre og Frp fekk gjennomslag for å leggje ned pelsdyrnæringa, er ikkje kompensasjonsordninga på plass. Å rekne ut erstatning for livsverka til rundt 200 familiar tek tid. For lang tid.

Utrekningane av erstatningsutbetalingane har vorte ein kamp om teknikalitetar. Bruksverdi, bokførte verdiar, omstillingsstøtte, tapte framtidige inntekter, verdsetjing av utstyr og bygningar som ikkje lenger er verdt noko når dei blir ulovlege å bruke. Kompensasjonen til pelsdyrnæringa har vorte ei politisk hovudpine for regjeringa.

I juni i fjor vedtok kom det endelege nedleggjingsvedtaket i Stortinget. Næringa skal avviklast innan 2025 – to og eit halvt år etter at eit anna fleirtal hadde gjeve grønt lys. Så enkelt kan ei næring trykkast ned, når maktkåtskapen er stor og næringa er makteslaus.

I november i fjor kom framlegget til kompensasjon frå Landbruks- og matdepartementet. Der er staten villig til å erstatte bokført verdi + eit tillegg for avlstisper. For ei revetispe er erstatningssummen 840 kroner og for ei minktispe er det 420 kroner. Minkoppdrettarar kan alternativt få 2150 kroner per avlstispe, men då utan kompensasjon for bokført verdi. Når ei næring skal leggjast ned, er det heller ikkje mogleg å få gode salsprisar. Ingen kjøper frivillig den berømte katta i sekken om dei veit at ho er der.

Det er berre det at bokført verdi er mykje mindre enn det fleire av gardane er takserte for. Revebonden Øystein Storholm i Oppdal har fortalt at kan med regjeringa sitt opplegg får erstatta 8 prosent av verdiane. Pelsfarmen hans vart taksert til 15 millionar kroner, medan han låg an til å få ei erstatning på under 1 million.

57 år gamle Øystein slit også med å få dei nødvendige midlane til omstilling til noko han sjølv meiner han kan leva av. Derimot kan han få omstillingsstønad til å byggje eit lagerbygg eller reiskapshus. Overfor Nationen stadfestar Innovasjon Noreg at omstillingsmiddel ikkje kan bli gjeve for gravemaskinar, landbrukseigedom eller anna fast eigedom. I Brumunddal har Kristian Aasen fått nei til å leggje om drifta frå pelsdyr til slaktegris fordi det er "i strid med føringar i landbrukspolitikken".

Julie og Kristian Erbs valde å leige ut garden hausten 2017. Dei ville satse då det i 2017 vart klart at næringa skulle få halde fram, og reiste til Danmark for å lære seg sjølve opp i pelsdyroppdrett. Det skulle dei ikkje gjort. For då kompensasjonsordninga vart klar, synte det seg at berre dei som hadde dyr per 15. januar 2018 skulle få erstatning.

Annonse

Kreftsjuke reveoppdrettar Ivar Fladsrud kan også tapa mykje pengar, sidan sjukdom hjå bonden ikkje blir rekna som gyldig grunn til opphald eller reduksjon i pelsdyrdrifta.

Pelsdyrbønder som ikkje hadde dyr eller hadde færre dyr per 15. januar 2018, til dømes fordi dei skulle utbetre tilhøva på garden, får heller ikkje full kompensasjon.

Bength Oftedal, som er pelsdyrbonde på Sola i Rogaland tapar 2,5 millionar kroner i kompensasjon fordi dyra hans har hatt større plass enn minstekravet i lovverket. Han driv på den måten styresmaktene vedtok i 2017, då det etter fleire års debatt vart vedteke at pelsdyrnæringa skulle få halde fram.

Wegard og Ann Qvalbein på Jæren vil starte opp med grønsakproduksjon, men får ikkje kontrakt med nokon av aktørane. I ei næring som blir peikt på som framtidsnæring i norsk jordbruk er det knapt plass til nye produsentar.

Etter at Frp i vinter gjekk ut av regjeringa vart det fleirtal på Stortinget for å betre pelsdyrkompensasjonen. Sp, Ap og Frp sikra fleirtal for at pelsdyrbøndene skal ha kompensert som om staten eksproprierer eigedomane. Det førte til at regjeringa må koma med nye føresegner om erstatning. Desse skulle vore klare før sumaren, men vart overraskande nok utsette til over sumaren.

Om regjeringa no brukar tida til å faktisk betre kompensasjonen for pelsdyrbøndene, lagar ei erstatning som inkluderer alle og som er anstendig, kan me vente nokre ekstra veker. Men om regjeringa nok ein gong prøver seg på omkampar for å spara pengar som i det store biletet er småpengar, kan ho vente seg bråk med Stortinget. Om staten legg opp til ein kompensasjonsordning der bøndene må betale attende opp til 40 prosent av beløpet i skatt, er det ein ufin og umoralsk omkamp. Men det er også eit døme på den dårlege behandlinga staten gjev pelsdyroppdrettarane og familiane deira.

No handlar det ikkje lenger om for eller mot pelsdyroppdrett, om det er greitt å halde dyr for pelsen sin del. Det handlar ikkje om korleis dyrevelferdsarbeidet blir styrt av folk sine kjensler, og kor søte dyra ser ut på bilete.

No handlar det om å gje folk ein anstendig pris og behandling når staten legg ned næringsforbod.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Statens lange arm