Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den traurige byen møter #elskerbøgda

Det er ikkje storleiken det kjem an på.

Ikkje så mange folk: Det er ikkje alltid fullt av folk i Oslos gater, heller. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Ikkje så mange folk: Det er ikkje alltid fullt av folk i Oslos gater, heller. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Det er mørkt. Murbygningane vernar ikkje mot dei kalde gufsa frå vinden. Regndropane fell ned på skjermane på smarttelefonane til dei tause, inneslutta menneska, fjerne i blikket der dei står og ventar på bussen.

Ingen ser på kvarandre. Ingen helsar på kvarandre. Ein snakkar ikkje med framandfolk her, og ein seier definitivt ikkje "hei" til bussjåføren. I graset ligg ein brukt kondom og ein sprøytespiss. Restane av ein plastpose blafrar i buskane bak busskiltet.

Velkomen til Oslo.

Det kan vera ganske traurig her, også, sjølv om byen i 2018 stod på Lonely Planet si liste over 10 byar du burde besøke.

Forakten for bygda. Slik kan ein laurdagsreportasje i Dagens Næringsliv i helga oppsummerast. Ein fotograf og ein journalist har teke på seg oppdraget med å reise til Jevnaker for å avsløre at det finst absolutt ingen grunn til å reise dit – "i skogen et sted nord for Oslo", uansett kva New York Times hevdar. Kvifor Jevnaker, liksom, når du kan velje "Tokyo, Sicilia, Egypt, Mongolia, Kenya eller Colorado Springs".

"Vi ville ta en titt på Jevnaker med et åpent blikk", står det i reportasjen. "Jeg begynte nesten å le da jeg leste det", blir det sagt litt lenger opp i teksten, om at New York Times har teke med Jevnaker som 1av 52 stader å reise til i 2020. Så mykje for det opne blikket.

Ein kunne til dømes valt å skrive om at Jevnaker er den kommunen i Viken fylke som har størst vekst i talet på nye verksemder. At det var ingen andre rådmannsjobbar som var lyst ut i fjor som hadde fleire søkjarar enn stillinga i Jevnaker kommune. At talet på innbyggjarar har vekse frå 1. januar 2018 til 1. januar 2019.

Eller at spekematprodusenten Ask gård leverer noko av Noregs aller beste spekemat. Journalistar på tur kunne teke seg turen til Hadeland Glassverk, som med ein halv million besøkande årleg er ein av dei best besøkte turistattraksjonane i Noreg. Det er på same nivå som Vikingskipa (Oslo) og det er dobbelt så mange besøkande som Norsk Folkemuseum (Oslo) har.

Men det passar ikkje så godt inn i Den Store Forteljinga om kor traurig det er på bygda.

Annonse

For reportasjen i Dagens Næringsliv er ikkje berre ein reportasje om Jevnaker sentrum. Den illustrerer på ein god måte korleis sosialantropologiske refleksjonar ein skulle tru vart verande att på 1950-talet gjennomsyrer storbyelitens forakt for Distrikts-Noreg. Reportasjen syner med alle middel årsaka til Senterpartiet sin vekst.

Som Ingalill Olsen, stortingsrepresentant frå Finnmark Ap, så godt skriv: "Når sentrale aktører og myndigheter sprer forakt for sitt eget folk siver den ut i avisredaksjoner, på arbeidsplasser den bearbeider og forsterker ei oppfatning av ei nordnorsk befolkning som ikke vet sitt eget beste, som må bestemmes over sørfra og som stadig vekk umyndiggjøres."

Olsen skriv med eit nordnorsk perspektiv, men innhaldet er det same som i Siv Storløkken, redaksjonssjef i Hadeland, skriv; "Tonen i finanselitens lokalavis oppleves hoverende. Ikke bare overfor Jevnaker spesielt, men bøgda generelt."

Folk er heldigvis ulike. Men me lever liva våre der me til ei kvar tid er, på godt og vondt. Det er lov å vera glad i både bygda og byen, det er lov å vera meir glad i byen enn bygda, og det er lov å vera meir glad i ei bygd enn ei anna bygd. Det finst mykje forakt for byane, også, mellom folk på bygdene.

Men det er noko med kjensla av at om ein sjukeheim i ein liten kommune gjer ein feil, så er det fordi kommunen er liten. Om ein sjukeheim i ein storby gjer ein feil, er det menneskeleg svikt eller dårlege rutinar. Leverer ein liten skule i ein utkantkommune gode resultat, er lærarane for snille med karaktersetjinga. I storbyen blir suksess derimot forklara med høg kvalitet på lærarar og undervisninga.

Ein skulle tru at sosiale medium, deling av tankar, bilete, videoar uansett kvar du er, så lenge du er kopla til internett, ville auke forståinga og respekten for kvarandre. Likevel kan det sjå ut som at den mentale avstanden blir større og større, di enklare det er å få kjennskap til korleis andre lever sine liv, der dei bur. At godt er alltid stort, og smått er dølt og keisamt.

Tek du turen til mi heimbygd, Vang, er det ikkje så mykje som skjer der heller, ein fredag morgon kl. 10.00. Det er ikkje sikkert det er kø i kassa på Coop'en, heller. Og skal du ha kaffi, bør du ta den med sjølv. Men det er ikkje desse kriteria som avgjer om du bør reise dit eller ikkje.

Augeblinksbilete frå ein tilfeldig stad – by eller bygd – seier ikkje noko anna enn korleis det er nett der, nett då. På Jevnaker er svaret #elskerbøgda.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ta grep om tida