Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den politiske sorteringa

Det er ikkje skyhøg arbeidsløyse, eit Nav som ikkje klarar å betale ut pengar eller klimaendringane som skapar politisk krise. Det er kvinnekroppen, atter ein gong.

Kvar skal grensene gå?: Heile Stortinget måtte samlast for å vedta endringar i Bioteknologiloven. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Kvar skal grensene gå?: Heile Stortinget måtte samlast for å vedta endringar i Bioteknologiloven. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Ein skulle kanskje tru at den enorme arbeidsløysa kunne ført til politisk krise. Eller at korona-permitterte arbeidstakarar risikerer konkurs om dei ikkje har ein rik slektning som kan betale løpande rekningar for dei, fordi Nav ikkje har eit system som klarar å betale ut dagpengar raskt nok.

Me kunne også sjå for oss at den pågåande klimakrisa og den manglande politiske viljen til faktisk å gjera noko med den som monnar, kunne ført Noreg ut i eit politisk kaos.

Eller at den elendige beredskapen koronakrisa har avslørt, ville føre til krav om at "nokon må gå".

Det er verken langtidsplanen for Forsvaret, som regjeringa nyleg fekk sendt i retur frå Stortinget, eller manglande sjukehusberedskap som skapar det største engasjementet. Lærlingar, bussjåførar, industriarbeidarar, transportarbeidarar må utsetje rekningar, slite med å betale husleiga, eller får trekt dagpengar av forskotet dei fekk av Nav medan dei ventar på lønskompensasjonen som garanterer inntekt etter 20. permitterte dag. Dei ventar framleis, på tredje månaden etter at mange vart permitterte.

Neidå. Det er ikkje desse sakene som skapar politisk krise. Det er atter ein gong kvinnekroppen.

Den mest intense politiske debatten denne våren, den som får fram mest kjensler, og som trugar med å sprenge regjeringa, har handla om ei kvinne sin rett til å avgjera over eigen kropp og vurdering av eigne, framtidige omsorgsevner. Det har handla om eggdonasjon, om assistert befruktning til einslege, om kvar grensa skal gå for fosterdiagnostikk og preimplementasjonsdiagnostikk.

Sidan det meste sidan mars har gått i å takle koronakrisa, hastebehandlar Stortinget sak etter sak i vår. Som kvotemeldinga for fisk, som vart vedteken med atterhaldet om at endringane faktisk skal greiast ut. Som bioteknologiloven, som vart hastebehandla av Bioteknologirådet førre veke.

I vinter gjekk Frp ut av regjering på grunn av ein annan kvinnekropp; IS-kvinna som vart henta heim til Noreg på grunn av sitt sjuke barn. Denne gongen er det så vidt det heldt for KrF. Eit sitat Kjell Ingolf Ropstad gav til TV2 onsdag førre veke, kunne tolkast som at partileiaren truga med å ta KrF ut av regjeringa. "Jeg jobber fram til tirsdag og så får vi se da, om det eventuelt da får noen konsekvenser om vi ikke lykkes", sa Ropstad.

Annonse

Dagen etter presiserte Ropstad at det var snakk om konsekvensar for Frp, ikkje konsekvensar for KrF. Det verkar ikkje som Frp kjende seg så truga av Ropstad. I fleire saker har Frp brote ut av fleirtalssemja, som ikkje synte seg å vera hogd i stein på Hadeland likevel.

Desse to sakene – Moria-borna og bioteknologiloven – treff grunnfjella til partia. I dei aller fleste politiske saker kan ein koma heim til veljarane med ryggen rank utan at partiprogrammet var det som vart vedteke i Stortinget. Men i kjernesakene, det som skil ein KrF-ar frå eit Venstre-medlem, ein Frp-ar frå eit Høgre-medlem, dei tuklar ein ikkje med, uansett kor perifere dei kan verke for størstedelen av folket. Då kan regjering vera regjering.

Det er ikkje krisepakkene eller langtidsplanen for Forsvaret som krev fullsett Stortingssal – det er eggdonasjon. Kampen har atter stått om kvinna si livmor, som no er prissett til 225.000 i pleksiglas innkjøpt for å hindre smitte mellom stortingsrepresentantane. Kanskje skulle glasa også hindre meiningssmitte i ei sak som for mange er eit samvitsspørsmål.

Born og unge med særskilde behov har vorte spesielt hardt råka av stat og kommune sine koronatiltak. Funksjonshemma born er framleis ikkje likestilt med andre born i Noreg. Allereie utslitne foreldre har brått mista assistentar, avlastingstilbod og undervisning for borna sine, men Klarar-du-ein-så-klara-du-to Ropstad samlar ikkje Stortinget til eit krafttak for desse.

Same dag som endringar i bioteknologiloven skulle opp, fekk KrF ein slags siger. Regjeringa går inn for å hente born frå flyktningleiren Moria, så sant 8–10 EU-land også gjer det. Det er vel kan hende prisen for å halde på KrF i regjeringa.

Eg meiner ikkje at dagens stortingsdebatt ikkje er viktig. Det handlar om noko så essensielt som livet og døden, og om grensesprengande teknologi som me treng grenser for.

Verdispørsmål treff oss kvar og ein av oss i hjarta i langt større grad enn talet på soldatar i Nord-Noreg. Dei er djupt personlege og politisk viktige. Difor er dei også så enkle for partia å mobilisere for og mot.

42.000 underskrifter vart måndag overrekt KrF og Senterpartiet, som dei mest iherdige motstandarane av liberalisering av bioteknologiloven. Det er nesten like mange som dei 44.000 underskriftene for Moria-borna som statsminister Erna Solberg fekk overrekt i april. Men kvar er underskriftene for dei arbeidsledige, dei permitterte som ventar månadsvis på kompensasjon for staten sine tiltak mot koronaviruset?

Kvar er KrF og Sp sitt engasjement for dei sårbare barna, dei som partia dyttar framfor seg i ein retorikk om "sorteringssamfunnet"? Det kan verke som partia ikkje veit at både politikken og samfunnet praktiserer sortering. For alternativet er jo ignoranse.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Bikkjeslagsmål om energi