Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den moderne kulturvandalismen

Bør Y-blokka få stå? Hva med hopptårnet i Holmenkollen? Borgund stavkyrkje i Lærdal? Er ikkje eigentleg Nidarosdomen litt gamaldags?

Verdt å verne: Y-blokka er ein av fleire bygningar i regjeringskvartalet i Oslo-sentrum. No har regjeringa avgjort at den skal rivast. Foto: Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Det finst mange utrykk for kultur, historie og identitet. Flagg, nasjonaldrakter, dialekter og mat blir gjerne brukt som symbol for identitet på ulike nivå. Kven me er og kvar me kjem frå vil påverke kven me blir og kvar me går, blir det gjerne sagt. Eit kulturminne er det ordet seier det er - eit minne om kulturen, frå ei særskilt tid i historia. Men gjeld det også for bygg i tre, metall og betong?

"Vi har et ansvar for å ta vare på historien og ta vare på kulturhistoriske bygg for kommende generasjoner", sa dåverandre kommunalminister Jan Tore Sanner i 2014. Dette ansvaret inkluderer openbert Y-blokka i regjeringskvartalet i Oslo sentrum. Y-blokka gjekk frå å vera føreslått freda i juni 2011 til å bli vedteke rive på grunn av terroråtaket juli 2011.

Offentlege bygg blir gjerne reist med eit særskilt føremål, i ei særskilt tid. Bygga held ikkje nødvendigsvis moderne standar og krav, og difor er det gjerne yttersida som blir freda, medan innmaten kan byggjast om.

Riksantikvar Hanna Geiran påpeiker i ein kronikk på NRK Ytring at det offentlege Noreg også er flinke til å flytte frå dei kulturhistoriske bygningane sine: Nye Deichmannske bibliotek står snart klart ved Operaen i Bjørvika i Oslo, Ullevål sjukehus skal leggjast ned, Nasjonalmuseet skal også flyttast, til Vestbanetomta, og det er snakk om å flytte frå kontora frå Victoria terasse til eit nytt regjeringsbygg som reiser seg i ruinane av Y-blokka.

Det er vanskeleg å konkludere annleis enn at arkitektur og ingeniørkunst diverre er undervurdert som kulturhistoriske, verneverdige uttrykk. 6 av dei 28 stavkyrkjene som er bevart, står i Valdres. Dei er ikkje like prangande som til dømes Borgund stavkyrkje i Lærdal. Men kvar for seg fortel dei historier om byggeteknikk, ingeniørkunst, kunnskap om materiale og gudfryktigheit på bygda i mellomalderen.

Oppsummert

Y-blokka

1 Det er avgjort at Y-blokka, som er ein del av regjeringskvartalet i Oslo sentrum, skal rivast.

Norsk modernisme

2 Arkitekt Erling Viksjø var ein av dei viktigaste arkitektane i norsk modernisme, og teikna mellom anna Y-blokka og Høgblokka i regjeringskvartalet.

Bevaringsverdig

3 Vernemiljøa har gått mot riving. Riksantikvaren har føreslått å rive ein del, for å ta kunne ta omsyn til sikkerheita, sidan Ring 1 går under Y-blokka.

Annonse

Øye stavkyrkje i Vang, til dømes, som i 200 år var ein gløymd løyndom under nykyrkja som vart bygd på midten av 1700-talet. Dette og det neste hundreåret vart stavkyrkjer over heile landet funne for små og umoderne. Ned med stolper, tak, alter og preikestolar. Fleire hundreår gamle ornamenteringar, som i dag forlengst gløymde treskjerarar la ned hundrevis av timar i arbeid med, gjekk same veg. Ut med det gamle, inn med det nye. I namnet åt moderniseringa, utviklinga og den heilage nye tid.

Då Øye stavkyrkje vart rive i 1747, etter å ha vore i bruk i godt og vel eit halvt tusen år, vart delar av kyrkja lagt inn under golvet på den nye. Der vart restane av stavkyrkja gløymd. Gløymselen varde til 1935, då grunnmuren på Øye kyrkje skulle restaurerast. Under kyrkjegolvet var 156 delar av den gamle stavkyrkja framleis bevart, og på 1950-talet kunne jo atterreisast delvis med kopierte materiale.

I dag ville ingen finne på å rive ei stavkyrkje fordi ho er umoderne eller for lita. Historia om stavkyrkjene er ei påminning om å tenkje i eit perspektiv hundre år eller meir fram i tid, må til. Og at samtida (den i dag eller den i 1747) ikkje alltid er den rette til å døme om eit byggverk har ei framtid.

Kanskje har vår manglande kulturhistoriske sjølvtillit og sjølvinnsikt noko å gjera med at me tykkjer me har så lite å syne til. Særleg om me samanliknar med Colosseum i Roma, pyramidane i Egypt eller festninga i Edinburgh. Slottet i Oslo, til dømes, er pinglete lite, fordi det mangla pengar til å bygge dei planlagde fløyene.

I dag ville ingen finne på å rive ei stavkyrkje fordi ho er umoderne eller for lita.

Fortidsminneforeningen, som har ansvar for fleire av dei eldste kyrkjene våre, har ført Y-blokka opp på raudlista si, ei oversikt over kulturminne i fare. Organisasjonen peiker på at Y-blokka var månader frå å bli freda, at dei sikkerheitsmessige perspektiva har fortrengt alle andre omsyn utan å vita korleis både sikkerheita og Y-blokka kan takast vare på.

"For trolig handler den lite gjennomtenkte avgjørelsen om å skrote Y-blokka, om behovet for å etterlate seg et monument for både politikere og arkitekter", skriv kulturkommentator Agnes Moxnes i NRK. Og i den egoistiske leitinga etter noko som kan setje spor etter oss sjølve, nøler me ikkje med å urydde andre sine. Slik blir Noreg eit fattigare land.

"Utforminga av plassen er det materialiserte formsvaret på det historiske skiftet frå embetsmannsstat til folkestyre", skriv førsteamanuensis i visuell kunst May Elin Eikaas Bjerck i kronikken "Omsorg i det kulturelle rom". Det nye regjeringskvartalet, som skal samle alle departementa og stå klart i 2028, kan derimot bli ståande som symbol på skiftet frå folkestyret attende til embetsmannsstaten.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Lokalpolitikk er ikkje annanrangs i NRK