Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den halvhjarta distriktspolitikken

Når konkurranse og volum er rådande verdiord i distriktsdebatten seier det seg sjølv at det går rett mot byane.

Ikkje traurig: Alt er ikkje svart og mørkt for Distrikts-Noreg. Men landet treng ein heilhjarta distriktspolitikk. Foto: Siri Juell Rasmussen
Ikkje traurig: Alt er ikkje svart og mørkt for Distrikts-Noreg. Men landet treng ein heilhjarta distriktspolitikk. Foto: Siri Juell Rasmussen

SSB har framskrive folketalsutviklinga, og det med eit tilsynelatande nedslåande resultat. Ungdomen vil dei neste 30 åra rømme frå distrikta og inn til byar og bynære strøk. Distrikts-Noreg blir avfolka og forgubba. Og med stadig eldre befolkning, blir færre ungar fødde som kan bera besteforeldregenerasjonen på sine skuldrer.

Sjølv om den dårlege nyheita er at mange distriktskommunar ser ut til å få færre innbyggjarar i 2050 enn i dag, er den gode nyheita at me har 30 år på oss til å skapa ei anna utvikling.

Om det finst politisk vilje til det, då.

Det deterministiske synet på utvikling styrer den ganske så halvhjarta distriktspolitikken som er ført dei siste tiåra. Medan "utviklinga går sin gang" utan sjanse til å bli stoppa, rår politikken i bakgrunnen. Demonteringa av Distrikts-Noreg blir det naturgitte utfallet, slik me har sett tallause døme på med den Høgre-leidde regjeringa.

Det er på tide å slutte å snakke om den kunstige andedrettshjelpa byar og liberalistar meiner distrikta får, og heller snakke om korleis byar og tettstader gong på gong blir vinnarane i sentraliseringslotteriet.

Nationen avslørte i artikkelserien "Den stille sentraliseringa" i fjor at er det nokre soleklare sigerherrar i Kommune-Noreg. Av dei dåverande kommunane var det minst 237 kommunar som hadde tapt statlege arbeidsplassar under Erna Solberg.

Den store omstruktureringa av offentleg sektor blir forklara med auka digitalisering i samfunnet, behov for "betre" og "meir robuste" tenester, auka profesjonalisering og at smått per definisjon er dårleg samfunnsutvikling.

Annonse

Det regjeringa derimot ikkje klarar å svara på, er kvifor dei statlege arbeidsplassane blir sentraliserte ut av distrikta, og ikkje desentralisert ut av byane. Med dagens vidunderlege teknologiske hjelpemiddel kan eit Nav-kontor like gjerne liggje i Gokk som i bysenteret.

Bygda blir framleis framstilt som treig, død, ein stad der ingenting skjer og du heller ikkje får kjøpt mat etter klokka åtte, eit syn som er særleg rådande i Dagens Næringsliv sine reportasjar. Talt opp mot byens mangslungne liv av restaurantar og kulturtilbod tapar ei kvar bygd, uansett storleik.

Eg trur me bør slutte å bruke omgrepet "levande lokalsamfunn", utan at eg har eit betre alternativ nett no. Det er to ord som til saman gir lite innhald, til dømes i tittelen "Levende lokalsamfunn for fremtiden".

Tittelen høyrer til regjeringa si ganske så visjonslause distriktsmelding, som kanskje mest av alt står fram som ei næringslivsmelding. Negative konsekvensar av regjeringa sin sentraliseringspolitikk blir sjølvsagt ikkje vurdert. Her handlar det fyrst og fremst om næringsliv og konkurranse.

Mykje har gått gale i distriktspolitikken, både frå stat og kommunar, dei siste tiåra. Statens halvhjarta distriktspolitikk, med innhaldslause visjonar og teljekantar på den eine sida, og kommunane sin tilsynelatande endelause tru på at litt støtte til tomtekjøp skapar vekst og glede, er openbert ikkje fasiten. Utkantkommunar som lukkast med å bremse eller snu fråflyttinga jobbar med eit breitt spekter av tiltak, det er hit politikarane våre må reise når dei skal vedta ein offensiv og målretta distriktspolitikk.

Eit døme på feil distriktspolitikk er råda som har kome frå ekspertutvalet som har vurdert luftfartspolitikken. I namnet åt konkurransen, volumet og den heilage sentraliseringa føreslår utvalet, leia av tidlegare konsernsjef i Avinor Sverre Quale, å leggje ned fleire av distriktsflyplassane. "Vi mener det optimale for samferdselsnorge må være å få større volum på færre flyplasser", seier Quale til NRK. Færre flyplassar tyder større volum som tyder større konkurranse, ifølgje utvalet, der den einaste personen som ikkje kjem frå ein bykommune er busett i Nesodden kommune rett sør for Oslo.

Eit anna, konkret døme er at regjeringa i distriktsmeldinga skriv at ho vil "legge til rette for frivilligheten". Så mykje ville regjeringa leggje til rette at ho i statsbudsjettet i fjor føreslo at frivilligsentralane skulle få stønad etter folketal i kommunen. Tre av fire frivilligsentralar ville då fått redusert støtta, og for mange såpass dramatisk at det ville bli vanskeleg å drifte vidare.

Heilsvarte er ikkje folketala frå SSB, sjølv om det på kartet er storbyane og områda rundt dei største byane som vil ha den største veksten og det ser dramatisk ut for Nord- og Midt-Noreg. Av dei seks kommunane her i Valdres, til dømes, vil ein kommune oppleve oppgang i folketal medan dei fem andre vil ha liten endring (pluss eller minus fem prosent vekst).

Framskriving er eit gløtt inn i glaskula på kva som kan skje om politikken og samfunnet ikkje endrar seg. Som tenkjande menneske har me alle moglegheiter til å skapa vår eiga framtid, i bygda som i byen. Fryst og fremst handlar det om vilje. Då treng me ein heilhjarta distriktspolitikk.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Slik vil jordskifteretten bli mer effektiv