Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den gongen me bygde landet

Me har slutta å byggje landet. Ikkje la deg lure til å tru noko anna.

I Vang i Hamar er breibandskabelen festa i telefonstolpene. Foto: Benjamin Hernes Vogl

PC-en er klar. Playstationen likeins. Nevøen er på plass heime i Valdres etter å ha vore på vinterferie hjå tante i Oslo nokre dagar. I løpet av desse dagane har det kome ei ny oppdatering av Overwatch. Både internettet hjå mor og far og hjå mormor må brukast for å laste ned siste oppdatering av spelet.

30 gigabytes er oppdateringspakka på. Med ei ADSL-linje frå Telenor som gir maks 5 mbits nedlastingshastigheit, tek det timevis før andre på garden kan bruke nettet til noko anna enn å sjekke Facebook no og då. Medan tante og nevø sit og glor på skjermen for å sjå om det hjelper på hastigheita, tenkjer eg på breibandhastigheita det same selskapet som leverer ADSL i distrikta har prakka på meg som motvillig kunde i sameiget i Oslo. 100 Mbits lovar Telenor å levere til meg i nedlastingshastigheit, for 499 kroner per månad. Når ADSL no blir fasa ut, kan bygdefolket få same hastigheita levert for dobbel pris. Så sant mobildekninga er god nok.

Det er forskjell på folk.

Ikkje minst er det forskjell på korleis folk i bygd og by får ta del i samfunnsutviklinga. I byane er kampen om kundane stor, og megabits'a strøymer ut av kontakten i veggen. På bygda – ja, der kan du risikere å stå utan ei fullgod løysing for internett, eventuelt må du betale minst dobbel pris av det du betalar i dag.

For all del; det gamle koparnettet – som Telenor gjer eit poeng ut av at er 100 år gamalt – er ikkje ei fullgod løysing for framtida. Kvaliteten og hastigheita svarar ikkje til verken notida eller framtida sine behov. Men medan bygdefolket ventar på at nokon skal ta ansvaret for å byggje ut høgkapasitets breiband, er ADSL betre enn ei ustabil mobildekning eller ei mobildekning du må ut i skogen for å finne.

Telenor har dei siste dagane sendt ut brev til kommunar og privatkundar rundt om i Bygde-Noreg om at etter 1. mai er det slutt på å fikse koparnettet om det skjer noko med det. Etter 2022 må kundane også ha andre løysingar for å kople seg opp til verda enn ADSL. Dette opprører – naturleg nok – folk rundt om i landet.

Oppsummert

Telenor droppar kopar

1 Telenor har sendt ut melding til innbyggjarar over heile landet om at koparnettet blir avslutta innan 2023.

Får konsekvensar

2 Det tyder at personar som har fasttelefon og breiband frå Telenor via koparnettet ikkje lenger vil få levert desse tenestene.

Lovar alternativ

3 Selskapet lovar å stille med alternativ. Problemet er at løysingane både er dyrare og meir ustabile mange stader.

I Vestvågøy i Lofoten ber kommunestyret Telenor om å ikkje fase ut gamal teknologi før den nye er på plass. Mobildekninga er ikkje god nok til å kunne erstatte verken breiband eller fasttelefon.

På øya Idse i Strand kommune i Rogaland skriv Tine Askvik Lossius i et lesarinnlegg i lokalavisa Strandbuen om det Telenor kallar ei moderniseringsreise: "Som følge av denne moderniseringsreisen, vil Telenor ikke lenger foreta feilretting eller utvikling av kobbernettet (ADSL) frem til våre husstander på Idse, det vil si at de ikke lenger vil garantere oss bredbånd."

Annonse

I Råde kommune i Østfold måtte Telenor ut og opp med drone for å finne stabil og god mobildekning for Atle Leidalen, for at han skal kunne bruke mobildatanettet til Telenor som erstatning når koparnettet forsvinn.

I bygda Gan i Fet kommune var Telenor si melding til André Solstad og resten av innbyggjarane at "ville kreve en egen utbygging" om dei skulle få erstatta koparnettet med fiber. Også her er svaret frå Telenor å bruke eit mobilnett som innbyggjarane meier er ustabilt.

Fleire og fleire stader blir det bygd ut høgkapasitets breiband no. Det er bra. Men det skjer ikkje på grunn av statlege pengar og eit Telenor som tek samfunnsansvar. Og det skjer gjerne i eit spleiselag mellom kommune, fylkeskommune, eit lokalt eller regionalt kraftselskap og innbyggjarane sjølve på dugnad. Kanskje har det vanka ein million frå staten, men det er for lite pengar på bordet frå staten si side.

Mange stader står kommunane i front, fordi dei veit kva det tyder. Men når kommersielle aktørar er med på laget, er det ikkje alltid fiberkabelen rekk ut til dei grisgrendte strøka.

I Heia i Vegårshei kommune står breibandutbyggjinga til dei meir grisgrendte strøk i kommunen i fare. Telenor, som tapte anbodskonkurransen i kommunen om utbyggjing av breiband, har inngått avtalar med husstandar det er lett å leggje fiberkablar til (Tvedestrandsposten 26. mars). Dét seier mykje om kva haldningar som rår i selskapet, som staten forresten eig 53,97 prosent av aksjane i.

Staten forventar at innbyggjarane skal vera med på digitaliseringa. Breibandutbygging i distrikta har vore snakka om i 20 år, minst. At den digitale infrastrukturen ikkje er på plass endå, etter så mange år, skuldast fleire høve: Manglande politisk leiarskap i regjering og storting, manglande interesse hos utbyggjarselskapa, og ikkje minst at synet på nødvendig infrastruktur har endra seg.

Høgkapasitets breiband må bli leveringspliktig. Det må bli slutt på klasseskiljet mellom bygd og by. Folk er fortvila, forbanna og frustrerte.

Kvifor? Fordi me hadde forventa at Telenor, som har bygd opp posisjonen sin frå å vera eit statleg monopol, hadde teke eit breiare samfunnsomsyn. Me har slutta å byggje heile landet. Ikkje la deg lure til å tru noko anna.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Politisk spel, revirkamp og balansekunst