Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den globale smaken av fisk

Fisk blir frakta verda rundt før den hamnar som ferdigrett på norske middagsbord. It's a fishy business.

Fishy business: Fisk blir frakta verda rundt for foredling, sal og konsum. Foto: Bruce Rolff
Fishy business: Fisk blir frakta verda rundt for foredling, sal og konsum. Foto: Bruce Rolff

Fiskekaker, fiskepinnar, Kapteinens fylte rødspette, torskeloins. Fisken som hamnar på tallerkenen din kan ha vore på ei reise jorda rundt, og er heller ikkje alltid det den utgjev seg for å vera.

Førre veke valde Rema 1000 å trekkje ein reklame der dei takka kundane for å kjøpe norske varer. Fiskeprodukta synte seg nemleg å innehalde mykje færøysk fisk. I så mykje som 52 prosent av fisken i eine burgertypen var færøysk vassild, som er ein billigfisk me knapt har høyrt om, men et veldig mykje av fordi den er ein vanleg fisk i fiskekaker og fiskebollar. Til historia høyrer det elles at då forskingsprosjektet "Mat av hittil uforedlede havressurser" oppdaga kvalitetane til vassilden, vart det søkt om å døypte den om til kvitlaks. Det høyrest jo litt finare ut med laks.

NRK undersøkte i 2018 fiskeprodukt som har vore til sals i 6 butikkar i Bodø, som jo burde vore eit kjøpsmekka for god fisk. Fisk frå Alaska og Canada hamnar i norske frysediskar under gode, gamle merkevarenamn som Findus. Til dømes blir Alaska pollock fiska i Stillehavet utanfor Alaska og Canada, frakta med båt frå Dutch Harbour til Le Havre i Frankrike, transportert til fabrikken i Boulogne-sur-Me der fisken blir til fiskepinnar, før pakkene blir frakta til lageret til Moss.

Maten vår, og særskilt fisk, blir frakta over store avstandar. Særleg ferdigrettane er frakta langt og er innom mange land før det hamnar i Noreg. Det må vera eit paradoks for den heimlege fiskebransjen at fiskerinasjonen Noreg importerer så mykje fisk. At ikkje industrien vel å bruke norsk fisk. Eller at industrien vel å frakte fisken frå Noreg til Kina og attende. 26 prosent av den norske torsken frå Findus er filetert i Kina. Der blir den filetert for hand av kinesiske fileterarar. Slik blir det mindre svinn, når arbeidskrafta er billig nok.

Å frakte fisk over store avstandar er ikkje ulovleg. Men med ulike arbeidsvilkår i ulike land, mangelfulle kontrollar av fiskeribransjen i mange land, kjøp, produksjon og sal av varer som reiser innom fleire land, blir den globale matindustrien mindre gjennomsiktig. Det aukar risikoen for kriminalitet.

Så mykje som kvar femte fisk som er fiska i verda kan vera fiska ulovleg. I kjølvatnet av den ulovlege fiskinga kjem miljøkriminalitet, trafficking og narkotikahandel. Det er ikkje uvanleg at ulovleg fiske er knytt til andre typar kriminalitet.

Annonse

I fjor avslørte den franske TV-kanalen France 5 korleis norsk torsk vart frakta til Kina, der den vart pumpa opp med vatn før den vart seld attende til Europa. Å pumpe vatn inn i fisk eller kjøtt er ein vanleg metode for å auke vekta, eller for at kjøttet skal bli "saftigare". Men når baconet med 10 prosent vatn druknar i panna, er det lett å kjenne seg lurt. Det står ikkje akkurat på pakka at du har betalt for ein tidel vatn, sjølv om det er fullt lovleg å produsere bacon på denne måten.

Dagbladet har i artikkelserien "Krabbekrigen" avdekt slavetilhøve om bord på russiske, latviske og litauiske båtar som fiskar etter snøkrabbe i norske farvatn. Breiflabb som frå New Zealand som eigentleg ikkje er breiflabb, men ein breiflabbliknande fisk, blir av norske importørar likevel kalla "breiflabb NZ" fordi den heiter det same som breiflabben på engelsk.

Fisk er ikkje åleine på svindelmenyen. Å jukse med mat er diverre ein vanleg forretningsmodell rundt om i verda. Hestekjøttskandalen i 2013 sette for alvor matsvindel på menyen. Den avslørte korleis eit nettverk av aktørar, nokre meir og nokre mindre, med vitande og vilje juksa med hestekjøtt. Ein stad på reisa frå slakteriet til butikkhyllene vart hesten omdefinert til storfe.

Nationen har i graveprosjektet Kjøttindustriens bakside avslørt at kjøttjukset er nærmare enn me likar å tenkje på.

EU gjev kvar månad ut "nytt om matsvindel". Her er alt frå portugisiske egg der datoen er juksa fram i tid og som ikkje kjem frå utegåande høner likevel, italiensk billigvin som blir forfalska om til ei dyrare utgåve. Det blir juksa med te, olivenolje, rotne egg, palmeolje, hestekjøtt som aldri var klarert for å bli mat, ost, fisk, frose kjøtt som blir seld som ferskt.

Dei siste åra har Europol og Interpol samarbeidd om å avdekkje matsvindel. I fjorårets kampanje, som vara frå desember 2018 til april 2019, vart det beslaglagt mat og drikke for minst 117 millionar dollar. 672 personar vart arresterte. Truleg er dette berre toppen av isberget.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Er matsektordebatten faktabasert?