Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den dynamiske iskanten

Det er ein grunn til at iskanten beveger seg nordover. Det heiter ­klimaendringar.

Iskant: Når polisen smeltar kan me utvinne olje endå lenger nord. Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB scanpix
Iskant: Når polisen smeltar kan me utvinne olje endå lenger nord. Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB scanpix

Sjå for deg at du er om bord på eit stort skip. La oss kalle det store skipet Titanic. Det er kaldt og mørkt. Du veit at ein stad framfor deg er det eit stort isfjell. Du veit at skipet ditt kjem til å treffe isfjellet, knekke i to og søkke til botns om du ikkje tek ei anna retning. Eit mindretal av passasjerane på skipet ditt kjem til overleva. Du veit at isfjellet er der, men du klarar likevel ikkje gje ordren om å endre kurs.

Litt slik er norsk klimadebatt. Me veit kva me må gjera for å redusere klimagassutsleppa, men me klarar ikkje å gjennomføre det. Me lever liva våre på fyrste klasse, vel vitande om at det er fattigfolka på tredje klasse som blir hardast råka.

"Det kommer ikke på tale med en dynamisk iskant", sa KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad i helga. Med Frp ute av regjering er det von om å få ein iskant som ligg i ro, i alle fall på kartet.

"Frp mener at iskanten, altså hvor langt nordover Norge skal lete etter olje, bør være der iskanten til enhver tid er. Det vil innebære at den kan flyttes lenger nord", seier Sylvi Listhaug, som har gått av som olje- og energiminister – heldigvis, vil nok mange meine – og som meiner det er ei "krigserklæring" frå regjeringa om iskanten blir flytta sørover.

Difor snur Ropstad seg til Arbeidarpartiet, med håp om å finne fleirtal for ein politisk definisjon av iskanten. "Det å ha gjort seg opp en oppfatning av iskanten til nå, mener jeg er veldig uansvarlig," er svaret til Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

I år skal "Forvaltningsplan for Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten" leggjast fram for Stortinget. I dei nordlege havområda som ikkje er opna for oljeleiting, kan det liggje oljeverdiar for 900 milliardar kroner, ifylgje oljedirektør Bente Nyland. Føresetnaden for å hente opp desse verdiane, er at det blir eit fleirtal på Stortinget for å leggje iskanten ein annan stad enn den går i dag – altså lenger nord.

Og det er her den store politiske debatten går; kor langt nord skal me kunne utvinne olje? Og kva er no eigentleg ein iskant?

Annonse

I artikkelen "Den menneskeskapte iskanten" (frå boka "Interessekonflikter i forskning") spør artikkelforfattarane Ingrid Bay-Larsen, Erlend A.T. Hermansen og Tone G. Bjørndal om det å definere iskanten er "et vitenskapelig eller politisk anliggende". Uavhengig av oseanografar og geofysikarar lever debatten om kva og kor iskanten er, sitt eige liv.

Klima- og miljødepartementet (KLD) og Olje- og energidepartementet (OED) har ikkje vore samde seg imellom om kvar iskanten går - verken under Stoltenberg eller Solberg sitt regime.

Medan OED– som oljebransjen – meiner at iskanten er der iskanten til ei kvar tid er, meinte det raudgrøne Miljøverndepartementet at iskanten gjekk der det er "is 30 prosent av dagene i april, 1967–1989 (unntatt 1976)", medan Klima- og miljøverndepartementet under Solberg legg dei 30 siste åra til grunn.

Når 30-års syklusane blir varmare og polisen smeltar, kan iskanten med ein slik definisjon stadig flyttast lenger nord.

Me burde per no innsett at å gjera stadig nye område tilgjengeleg for utvinning av eit fossilt råstoff, ikkje er svaret på klimakrisa. I staden har klimadebatten vorte ein parodi på seg sjølv, der det handlar om for eller mot oljearbeidarar, for eller mot beitedyr i Noreg. Er du for å redusere oljeutvinninga på sikt, er du mot oljearbeidarane. Er du for å bruke norske grasressursar, vil du ikkje ta innover deg klimaendringane.

Denne debatten gir næring til dei som kikar ut glaset og tenkjer på den gongen eg var ung, då det var ein varm vinter, og var det ikkje slik at det var ein varm vinter ein gong på 1100-talet også? Og som dermed konkluderer med at klimaendringane ikkje kan vera menneskeskapa.

Men det er skilnad på vêr og klima. Og det er skilnad på kor ansvarlege politikarane våre er, kor mykje dei tenkjer på komande generasjonar, kor mykje ansvar dei meiner Noreg skal ta for klimagassutsleppa. Når resonnementet blir at "me må ta ansvar for å utvinne olje, fordi me gjer det så mykje reinare enn andre" er konsekvensen eit uansvarleg kappløp som berre fører til høgare globale temperaturar. Det er ikkje gunstig for klimaet å utvinne meir olje. Derimot veit me at det vil vera svært gunstig klimaet å redusere utslepp av klimagassar.

Årets "slaget om iskanten" slag blir ein test for politikarane våre. Tek dei ansvar for komande generasjonar, eller siglar me for full fart og orkestermusikk mot isfjellet?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Gi oss grønnere vannkraft