Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dei skjulte strategane til Erna Solberg

PR- og konsulentbransjen si makt over politikken går utover demokratiet.

Politikk:  Staten brukte hundrevis av millionar berre i konsulenttenester til kommunikasjonsrådgjeving og organisasjonsutvikling i fjor. Det bør vera eit demokratisk problem for statsminister Erna Solberg. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Politikk: Staten brukte hundrevis av millionar berre i konsulenttenester til kommunikasjonsrådgjeving og organisasjonsutvikling i fjor. Det bør vera eit demokratisk problem for statsminister Erna Solberg. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Deloitte. Oslo Economics. Menon. Ernst & Young. Vista Analyse. BDO. Kjært barn har mange namn. Og dei tener pengar på å skreddarsy rapportar til oppdragsgjevarar, eller på å levere spesialbestilte premiss inn politikarar. Saman med PR-bransjen har konsulentane fått svært mykje makt over politikken og samfunnsutviklinga.

Dei fyrste 11 månadane i 2019 brukte staten 687 millionar kroner på konsulenttenester til kommunikasjonsrådgjeving og organisasjonsutvikling. 687 millionar kroner. 687.000.000 kroner.

Tal som dåverande kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland la fram for Stortinget etter spørsmål frå Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, syner at staten totalt i same perioden kjøpte konsulenttenester for nærare 7,9 milliardar kroner. Det er vanvittig mykje pengar.

Les svaret frå finansminister Jan Tore Sanner her:

Det er problematisk at konsulent- og PR-bransjen har vorte ein premissleverandør for den politiske debatten. Det er problematisk for demokratiet når kunnskap kan kjøpast for pengar.

Me har sett det i fleire debattar om barnevern, sjukehusstruktur og barnehagar, mellom anna. For politisk viktige tenesteområde som er sette ut på anbod – heilt eller delvis – eller organisert om til "statleg helseføretak", har kunnskapen som skal liggje til grunn for politiske vedtak og utforming av tenester, også vorte ei vare ein kan kjøpe inn alt etter kva ein har behov for å dokumentere.

Det er tre openberre problem med denne modellen: 1) Politikarar og store næringsaktørar skreddarsyr faktagrunnlaget som seinare blir brukt til å utvikle politikk. 2) Konsulentselskap utan fagkompetanse om feltet dei blir bedne om å vurdere blir premissleverandørar for utvikling av politikk og tiltak. 3) Folk, folkevalde og organisasjonar utan stor pengemakt, blir hindra i å koma til orde, og må svara i høyringar der premissane er lagt av konsulentane på førehand.

Annonse

For nokre år sidan lanserte professor Rune Slagstad omgrepet "de skjulte strategene", eit omgrep han meiner dekkjer bransjen av PR-folk, rådgjevarar og konsulentar som blir hyra inn på kostnad av fagfolk. Slagstad er han som skreiv boka "Nasjonale strateger", om den tida då framståande embetsmenn var ein del av den offentlege politiske debatten, som "politiserande embetsmenn". Ifølgje Slagstad er desse i dag bytta ut med konsulentar og byråkratar, som ikkje har same fagkunnskap og -kompetanse.

Vedum fekk i VG nyleg kritikk for at også Sp-ordførarar brukar PR-rådgjevarar for å nå fram sentralt. Og gjerne PR-rådgjevarar som tidlegare har hatt topposisjonar i norsk politikk, og som har "kompetanse" (altså; kan påverke dagens sentrale politikarar) til å få gjennomslag.

I ei tid der informasjonen er så tilgjengeleg, men samstundes så fragmentert, får dei som er flinkast med å nå fram med bodskapen størst gjennomslag. Og best betalt. Men det er ikkje det same som at me får dei politiske tiltaka samfunnet på ulike område er tent med. Det noko riv ruskande gale med demokratiet vårt når det er enklare for godt betalte lobbyistar som er tidlegare toppolitikarar og statssekretærar å nå fram med ein bodskap på vegner av ein ordførar, enn for ordføraren sjølv.

Slik blir politikken outsourca til konsulentar, økonomar, vitarar av eit eller anna slag, lobbyistar med meir, eller helst mindre, offentleg kunderegister. Då rår pengemakta på kostnad av politisk og folkeleg makt. Spesialbestilte rapportar blir brukt til å definere kva kunnskap som skal liggje til grunn for ein debatt.

Rapportar bestilt av departement og direktorat gir eit skin av objektivitet, og ofte er det særs vanskeleg for offentlegheita å skilje faglegheit frå reine bestillingsverk. Då Vista Analyse i samarbeid med Oxford Research på oppdrag frå regjeringa leverte rapporten «En fosterhjemsregulering som fremmer konkurranse til barnas beste», syner tittelen at konsulentane er gjeve eit politisk oppdrag.

Regjeringa sin barnevernsreform har som premiss at barnevern skal vere ein marknad, og regjeringa ber difor om vurderingar gjort på bakgrunn av det. Konsulentane er ikkje valt for sin barnevernsfagleg kompetanse. Om barnevern og fosterheimar skal organiseres i ein marknad eller ikkje, er sjølvsagt eit høgst politisk spørsmål det er stor usemje om.

Også i debatten om matmakt har det vore heilt vanleg å bruke konsulentselskap som ekspertgrunnlag. At dei prøver å vera premissleverandørar kan me sjå til dømes med rapporten Oslo Economics på oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet laga, om etableringshindringar i daglegvaresektoren.

Gjennomgåande i rapporten frå Oslo Economics blir importvernet trekt fram som ei hovudårsak til høg leverandørkonsentrasjon og som eit etableringshinder. NHO, påpeiker derimot i høyringssvaret sitt at denne premissen ikkje blir skikkeleg grunngjeve. "Problemstillingen om konsentrasjon i dagligvareleddet drøftes i hele EU, og virkemidler mot dette finnes allerede i 22 av 28 EU-land. Ingen av disse har et importvern som det norske, og det interne markedet i EU er betydelig større en det norske markedet. Likevel opplever disse landene en høy maktkonsentrasjon i dagligvareleddet."

Vidare skriv også NHO at 71 prosent av varene i daglegvarehandelen har full importkonkurranse. "Importvernet bidrar dermed i mindre grad til maktkonsentrasjon på leverandørleddet enn det Oslo Economics synes å legge til grunn."

Konsulentrapportar blir gjeve ein autoritet dei ikkje burde ha. Å utvikle politikk gjennom PR-byrå og konsulentrapportar bidreg til ei mindre opplyst offentlegheit. Det er eit trugsmål mot demokratiet.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ikke la distriktsarbeidsplasser gå tapt