Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bunadsgeriljaens kamp for fødeavdelingane

På 40 år er rundt 110 fødeavdelingar lagt ned. Skal det verkeleg bli færre enn dei 45 me har i dag?

Bunadsgerijaen: Aksjonen kjempar mot nedleggjing av fødeavdelingar rundt om i landet. Her er Anna Johansen med Evlyn og Torill Hoem Ringsby med Jakob på armen utanfor Stortinget tidlegare i vår. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Opp Karl Johans gate kom dei marsjerande. Inneklemt mellom fagorganisasjonar, lokale partilag og veletablerte interesseorganisasjonar. I fargerike bunadar, med ei klar overvekt av nordmørsbunaden. Bunadsgeriljaen hadde innteke Oslo 1. mai. Kampen om fødeavdelingane er i gang.

Kvar dag døyr 830 kvinner i barsel verda over, ifylgje tal frå WHO. Ei av det norske velferdssamfunnets store sigrar er at kvinner ikkje lenger set livet på spel når nye generasjonar skal fødast. Men no snur trenden.

Les debattinnlegg frå helseminister Bent Høie:

Dei siste 40 åra har me sett ei storstilt nedlegging av fødeavdelingar rundt om i landet. I dag er det 45 avdelingar, og det vil truleg bli færre dei komande åra, når nye, store sentralsjukehus skal byggjast rundt om i helseføretaka, trass i at Stortinget har sagt noko anna.

I mai i fjor vedtok eit fleirtal på Stortinget, med Ap, Sp, SV og noverande regjeringsparti KrF fylgjande formulering: "Stortinget ber regjeringen sikre en trygg og fremtidsrettet fødselsomsorg ved å sikre dagens fødeinstitusjoner." Men fødeavdelingane er på langt nær freda, trass i Stortinget sitt vedtak.

27. mars vedtok styret i Helse Møre og Romsdal å slå saman fødeavdelingane i Kristiansund og Molde. Bakgrunnen er ein vanskeleg økonomisk situasjon i helseføretaket, og behov for å spare inn titals millionar. I tillegg skal nytt sjukehus byggjast, og i Noreg må helseføretaka fyrst spara opp pengar til eigenkapital, fordi 30 prosent av sjukehuset må finansierast av oppsparte midlar frå helseføretaket. Dei resterande 70 prosentane er statlege lån.

Staten lånar altså pengar til seg sjølv og kuttar i helsetilbod til innbyggjarane for å finansiere byggjing av dyre sentralsjukehus som i neste omgang fører til nedlagde lokalsjukehus og fødeavdelingar. Resultatet er lenger reiseveg. Og som så ofte før er det kvinner og born det går ut over.

Føretaksmodellen norske sjukehus er organisert i, gir nemleg dei ikkje-valde styra fridom til å leggje ned avdelingar og slå saman sjukehus. Når det nye sentralsjukehuset i Sjukehuset Innlandet skal byggjast på Moelven, vil det til dømes tyde nedlegging av dei andre sjukehusa og fødeavdelingane rundt Mjøsa, som på Lillehammer og Gjøvik.

Annonse

Me har sett mange fødeaksjonar dei siste 10–15 åra. Men ingen med slik styrke som Bunadsgeriljaen med opphav på Nordmøre. Den siste månaden har fleire og fleire kvinner over heile landet ikledd seg nasjonaldrakta for å kjempe mot nedlegging av lokale fødeavdelingar. Nok er nok for kvinner, som mange bur fleire timars køyreveg frå nærmaste sjukehus. Og som kan få endå lenger veg.

Medan talet på fødeavdelingar har vorte kraftig redusert, har talet på fødslar utanfor sjukehus og fødestover vorte fordobla, ifylgje Dagsavisen. I 2017 måtte 336 kvinner ufrivillig føde utanfor sjukehus. Nedlegging av fødetilbod har gitt lenger reiseveg. Den framtidige mor rekk rett og slett ikkje fram til sjukehuset før det er for seint, og må føde i ambulansen, i taxien, på ein busshaldeplass eller heime. Og risikoen aukar både for mor og barn når fødselen skjer uplanlagt utanfor sjukehusa.

Les Faktisk.no sin faktasjekk: Nei, antall kvinner som føder uplanlagt utenfor sykehus er ikke doblet på 15 år.

Å måtte snu i døra når du har to-tre timars køyretur til fødeavdelinga bør alle som vil leggje ned fleire fødeavdelingar i alle fall forsøke å førestille seg.

Dagsavisen skreiv nyleg om ei undersøking to forskarar ved Høgskulen på Vestlandet har publisert. Dei har djubdeintervjua ti kvinner som ikkje rakk fram i tide til fødeavdelinga. Dei måtte føde heime eller i ambulansen.

Det er skakande lesing. Kvinner opplever at jordmødrer på fødeavdelingane er "portvaktarar". Dei får ikkje ein fot innom døra før fødselsen er godt igang. Ambulansepersonell er ikkje godt nok skulerte for fødslar. Mange får beskjed om at dei berre blir sendt heim om dei kjem til sjukehuset før dei er i aktiv fødsel. Ei kvinne fekk til og med melding om å ta seg ein paracet og gå til sengs.

Å måtte snu i døra når du har to-tre timars køyretur til fødeavdelinga bør alle som vil leggje ned fleire fødeavdelingar i alle fall forsøke å førestille seg. På papiret har kvinner som har lenger reiseveg enn 90 minutt frå fødeavdelinga, krav på medfylgjande jordmor. Men jordmorordninga er underfinansiert, og mange har også lang reiseveg til nærmaste jordmor. Ved dei store fødeavdelingane har presset på jordmødrene auka. Det fører til mindre tid per fødande.

Helseføretaka har også overteke ansvaret frå kommunane, utan at ei skikkeleg organisering er på plass. Ifølgje Hanne Charlotte Schjelderup som er leiar i Jordmorforbundet NSF er fødefylgje organisert i berre 20 prosent av kommunane.

"Sentralisering har ikke gjort fødsler tryggere. Det er avstand til fødested som er avgjørende faktor for overlevelse for mor og barn, en fødsel er aldri uten risiko", seier Schjelderup til Sykepleien.

Då burde det vera tydeleg for alle, også helseminister Bent Høie og statsminister Erna Solberg – me treng kvar fødeavdeling me har. For kvinners helse og tryggleik, og dei ufødde borna.

Oppsummert

Opprør

1 Kvinner over heile landet har ikledd seg nasjonaldrakta for å kjempe mot nedlegging av lokale fødeavdelingar.

Utanfor

2 Medan talet på fødeavdelingar har vorte kraftig redusert, har talet på fødslar utanfor sjukehus og fødestover vorte fordobla.

Risiko

3 Avstand til fødested er ein avgjerande faktor for overlevelse for mor og barn.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Sliter med EØS og Ap-ledelsen