Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bør Norgesgruppen splittast opp?

I USA blir det snakka om å splitte opp gigantar som Facebook og Appel, fordi dei har stor marknadsmakt. Burde me ikkje diskutere å splitte opp Norgesgruppen?

Store: Norgesgruppen har stor makt i den norske matmarknaden, og større vil den bli med gode innkjøpsvilkår. Foto: Benjamin Hernes Vogl
Store: Norgesgruppen har stor makt i den norske matmarknaden, og større vil den bli med gode innkjøpsvilkår. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Skuldast Norgesgruppen sine gode innkjøpsprisar dominans - eller er dei særs gode forhandlarar? Konkurransetilsynet leverte torsdag nok ein rapport om daglegvarebransjen. Sakte, sakte sirklar tilsynet seg inn mot hjarta av norsk daglegvare – kven det er som har makta over maten og korleis denne makta blir brukt. Er ho til det gode for forbrukarane, eller feiter ho opp kontoane til eigarane endå meir?

Om lag samstundes med at rapporten frå Konkurransetilsynet stadfestar det mange har i bransjen har snakka om i årevis – at ein aktør får langt betre vilkår enn dei andre – kom meldinga om at Kiwi no er større enn Rema 1000.

Nettavisen kunne tysdag avsløre tal frå analyseselskapet Nielsen som var sendt ut til daglegvareaktørane: Kiwi sin marknadsdel for september er 23,1 prosent, medan Rema 1000 hamna på 23 prosent. For ikkje mange år sidan låg Kiwi mange prosentpoeng bak Rema 1000, men Norgesgruppens Kiwi har år for år ete marknadsdelar.

Daglegvareekspert Erik Fagerlid peiker på essensen: "Innkjøpsbetingelser er en så fundamental forskjell at det er ikke noe du kan kompensere for på andre måter, selv om Rema nok driver mer effektivt enn Kiwi. Dessuten er Norgesgruppen ekstremt gode på å finne og få tak i nye butikklokaler. Der er de helt uslåelige", seier han til Nettavisen.

I eit system der det løner seg å vera størst, blir det ein spiral oppover maktstigen for Norgesgruppen, og nedover stigen for dei to andre, store aktørane Coop og Rema 1000. Sjølvsagt vil det variere frå år til år, frå leverandør til leverandør. Men det er det store bilete som tel.

Og i det store biletet klarar Norgesgruppen kvart år å ta eit endå litt større stykke av kaka. Såpass lite kvart år, at du nesten ikkje merkar det. At det framstår logisk når Norgesgruppen forklarar seg med at dei har flinke folk på si side av forhandlingsbordet.

Annonse

Det har selskapet, med kjedene Kiwi, Spar, Joker og Meny i sin portefølje, nok rett i. Men forklaringa på den auka marknadsdelen blir for enkel om ein berre ser på kor gode Norgesgruppen er til å forhandle. Høg marknadsdel i daglegvarebransjen kombinert med høg marknadsdel i storhushald (som institusjonar) og kiosk-, bensin- og servicemarknaden, bidreg monaleg til argumentasjonen for Norgesgruppen si innkjøpsavdeling. Eigedomsoppkjøp og -kontroll, som Nationen tidlegare har skrive om, har også vorte ein av dei viktigaste arenaene for marknadsvekst og maktbruk i daglegvarebransjen.

Norgesgruppen skal ha rett i eitt; Konkurransetilsynet har ikkje sett på dei 1000 leverandørane som sel varer til Norgesgruppen-systemet. Det treng heller ikkje tilsynet å gjera. Det er ikkje den vesle brunostprodusenten sine få ostar i eit par lokale butikkar i ein fjelldal som er avgjerande for kva makt Norgesgruppen kan leggje i krava til dei store leverandørane på meieri, kjøtt, pizza og suppeposar.

Store skilnader i innkjøpsvilkår har vorte trekt fram som ei av hovudårsakene til at det er vanskeleg for andre matkjeder å etablere seg i Noreg. Det er ikkje ulovleg for ein kunde å gje ein pris til Rema 1000, og ein annan pris til Norgesgruppen, og det er heller ikkje politisk fleirtal for å gjera prisdiskriminering ulovleg. Eit slikt forbod åleine ville heller ikkje vore nok, sidan maktutøving sjeldan berre har eitt verkemiddel.

I ein bransje drive fram av volum, har både store leverandørar og store daglegvarekjeder fordelar. Men uansett kor store Orkla, Tine og Nortura er – dei største leverandørane har fått mindre og mindre makt etter kvart som talet på kundar har gått ned.

Store daglegvarekjeder kan dermed diktere prisane, vel vitande om at det ikkje finst nokon andre å gå til. Og bakom forhandlingane tårnar avtalar om eineleverandørar, oppkjøp av matindustri, kontroll med distribusjonen av varer og trugsmål frå importert pizza.

I USA blir det snakka om å splitte opp IT-gigantar som Facebook, Google, Amazone og Appel. Årsaka er marknadsmakta. Det er bra at Konkurransetilsynet no skal sjå på årsakene til kvifor Norgesgruppen har så gode innkjøpsvilkår, og då kan ikkje tilsynet sjå berre på daglegvaremakta.

Det store spørsmålet er kva tilsynet vil føreslå å gjera. Går det mot oppsplitting av Norgesgruppen?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Norske milliardærer i skatteparadis lever farligere