Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bollestad kan ta seg ei pære. Til kassa er tom

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad snakkar om matforsyning som om det ikkje finst ein global koronaepidemi.

Nok mat: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad vil ikkje snakke om at sjølvforsyningsgraden er låg. Foto: Kari Nygard Tvilde
Nok mat: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad vil ikkje snakke om at sjølvforsyningsgraden er låg. Foto: Kari Nygard Tvilde

Dei som såg NRKs Dagsnytt 18 måndag kveld, har knapt sett og høyrt ein landbruksminister som har vore lenger ute på jordet. Nokon gong. Olaug Bollestad frå KrF og landbruksfylket Rogaland rota seg langt ut i ugraset då ho skulle fortelje lyttarane kvifor det ikkje er så lurt å prate om matberedskap nett no.

Selvforsyning og matberedskap

Se hele artikkelserien her

Landbruksministeren frå partiet som har stått opp for norsk landbruk er i ferd med å svikte når me treng ho som mest. Eg skriv "er i ferd med å svikte" fordi ho skal få ein sjanse til. Den sjansen bør ho bruke.

Les svaret frå Olaug Bollestad her:

Dei siste par vekene har debatten om sjølvforsyning og matproduksjon vorte aktualisert av koronaepidemien. 50 prosent av maten me et (engrosforbruk rekna på energibasis) er importert. Korrigert for importert mat til sjømat og husdyrproduksjon er sjølvforsyninga 40 prosent.

Det vil ikkje Bollestad at me skal snakke om. Ho vil ikkje at me skal "så usikkerheit mellom folk om at me ikkje har nok mat". Det vil vera å leggje stein til børa for folk som alt slit. Fordi me har nok mat. Om det er sjefen sjølv – Erna Solberg – som har bede Bollestad om å slutte seg til linja, er ikkje godt å vita, men det er uansett Bollestad sin politikk og Bollestad sine ord.

Ho får også svar på tiltale frå Svenn Arne Lie, medforfattar av bøkene "En nasjon av kjøtthuer" og "Mellom bakkar og kjøttberg". Han ber Bollestad om å slutte å desinformere. Lie sitt poeng er at fôrimporten må telje med i sjølvforsyninga. Om det ikkje gjer det, skriv han, tyder det at tørka i 2018 som gav fôrkrise fleire stader, ikkje påverka sjølvforsyningsgraden.

Det gjorde den sjølvsagt. Så lenge me et dyr som et mat frå utlandet, har det avgrensa verdi å snakke om ein sjølvforsyningsgrad der importen er unnteke. Om det er oss eller dyra våre som et "fôret" frå utlandet har lite å seia når det gjeld sjølvforsyning.

Å ikkje snakke om sjølvforsyningsgrad og å auke norsk matproduksjon fordi "det legg ekstra stein til børa", er som om Ahus skulle skjule at dei treng respiratorar, eller at staten skulle halde det hemmeleg at det kan bli mangel på medisinar fordi det blir verre for dei som er sjuke eller kan bli det. Sjølvsagt skal me føreslå, diskutere og vedta at matproduksjonen skal aukast. Bollestad vil ikkje eingong be bøndene om å produsere meir mat. Stortinget meinte derimot tysdag at regjeringa må vurdere å "stimulere til økt norsk plantebasert matproduksjon og selvforsyning i inneværende år". Bollestad bør lytte til Stortinget.

Annonse

Torsdag førre veke skreiv Reuters at leverandørar melder om at det vil bli mindre forsyningar av fersk mat i Europa og til Europa. Europeiske land importerer frukt og grønsaker frå Afrika. Fleire viktige matproduserande land har utfordringar med å skaffe nok folk til hausting og produksjon, det går færre fly til Europa og transportørane skrur opp fraktprisen. Sjøtransporten av mat kan også bli skadelidande om det blir containermangel på grunn av stenginga av kinesiske hamnar.

Så medan me stengjer skular og forbyr folk å reise på hytta i Noreg, forventar me at dei millionar av landbruksarbeidarar som sørgjer for at me har mat på bordet skal ta risikoen for oss. Arbeidarane skal også sikrast smittevern medan dei plukkar maten vår. Men kven bryr seg vel om nokre tusen underbetalte marokkanske kvinner?

Frankrike manglar 200.000 landbruksarbeidarar, ifylgje EU-observer. Tyskland kan mangle 300.000. Storbritannia tek vanlegvis inn 90.000 landbruksarbeidarar, og Sveits 33.000, skriv The Globe and Mail.

Generaldirektøren i FNs mat- og landbruksorganisasjon FAO, Qu Dongyu, seier i ein uttale at ingen land er immune. Covid-19-pandemien påverkar matsystema og alle dimensjonar av matsikkerheit over heile verda, seier Dongyu. Det er litt andre tonar frå FN enn frå Bollestad.

Russland legg avgrensingar på korneksporten. Kasakhstan legg avgrensingar på korneksporten. Ukraina legg avgrensingar på korneksporten.

Frå 2008 til 2018 har kornarealet vorte redusert med ti prosent. Kva seier Bollestad? Ho prioriterte korn i jordbruksoppgjeret i fjor. Og at avlingane vekslar med vêr og vind.

Det er nok mat i Noreg. Nett no. Men blir pandemien langvarig, vil me og skal me mangle matvarer i Noreg. Med vårt kosthald og dagens matproduksjon er me avhengig av at alt skal gå på skjener i landa me importerer halvparten av maten vår frå, og ein stor del av maten til dyra våre frå.

Å ikkje ta høgde for at det kan bli færre forsyningar, er arrogant, fordi Bollestad legg til grunn at me skal kjøpe oss ut av krisa. Å ikkje be bøndene om å produsere meir mat, er arrogant. Det er arrogant fordi det kan vera andre som treng maten me importerer meir enn oss. Kvifor skal me då la vera å produsere meir mat i Noreg, når me kan?

Det er arrogant, fordi partikollega og utviklingsminister Dag-Inge Ulstein til Nationen seier; "Økt sult og hungersnød vil bidra med enn ekstra belastning på helsesystemet og vi kan ende opp med større tap av menneskeliv". Han er bekymra for utviklingsland. Bollestad vil ikkje at me skal bekymre oss i det heile.

Bollestad føysar vekk ynsket om å produsere meir mat med at den delen av maten me importerer er "druer og bananar og sukker og diverse". Difor når me aldri 100 prosent sjølvforsyning. Men det er ikkje eit argument for å slå seg til ro med 40 prosent.

Bollestad legg til grunn at rike Noreg alltid vil kunne kjøpe mat for import. Me vil aldri mangle noko.

Nei, ikkje så lenge me baserer ein god del av maten me et på underbetalte landbruksarbeidarar i Europa og verda.

Det må me faktisk snakke om.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Forsker: – Norge har noen av verdens beste forhold for å dyrke planter i veksthus