Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bøllane mellom oss

Kva er det med folk som tykkjer det er greitt å truge og hetse andre i sosiale medium?

Netthat: Hetsing, hat og sjikane blomstrar i mange debattar i sosiale medium. Særleg er det kvinner som kjenner seg trakasserte. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

"For hver ulv som skytes bør en jævla saue bonde i distriktet få sitt bruk eller gård brent til grunn [ …]

Facebook. Twitter. Instagram. Nokre av grunnsteinane i utviklinga av det moderne demokratiet, skal ein tru grunnleggjarane og eigarane av dei store sosiale medium-nettstadene. Men ein demokratisk debatt og ytringsfridom er ikkje det same som at alle skal kunne skrive og seia det dei vil – alltid.

Det har ofte undra meg kva vaksne folk klarar å lire av seg på Facebook. Sitatet over er henta frå ein skjermdump på Facebook-sida "Vi som er møkk lei løgnene, holdningene og truslene til RR – BFR og FVR", ei side der det blir posta skjermdumpar av innlegg frå sider som er for rovdyr. Debattane på "Vi som er møkk lei …" osb., er forresten ikkje alltid like gode bidrag til ein offentleg, opplysande debatt om rovdyr, så er det sagt.

Men seriøst, folkens: Drapstrugsmål? Hetsing? Hovering? Latterleggjering?

For Nationen sin del er det gjerne debattar kring rovdyr, klima og kjøtt, og veganisme som tek fyr. No i helga var det ein 21 år gamal bjørnejeger frå Noreg som fekk gjennomgå i kommentarfeltet, fordi han hadde delteke i ei fullt lovleg lisensjakt på bjørn i Sverige, skote ein bjørn, og uttala at det var "ekstremt artig". "Jeg driver med det jeg liker, også får andre mene det de vil. Det er greit, så lenge man holder seg saklig," seier han i eit intervju med Nationen.

Sakleg, sa du? Debatten utvikla seg, som diverre ofte vanleg i debattar om rovdyr, til ein debatt om at "du er dummare enn dum, du". Skal ein person som skyt bjørn og tykkjer det er "artig" tole personhets på Facebook? Sjølvsagt ikkje.

Men i Skyttargravsboka kan det innimellom vera vanskeleg å finne att folkeskikken. Og det skal ikkje meir enn eit nettroll eller to til før det ber av garde i ein lite opplysande debatt, der hersketeknikkar, trakassering, nedrakking og hetsing tek over for ein sakleg og informativ debatt. Er du usamd? Kvifor ikkje berre uttrykke deg på ein sakleg måte?

Når du uttrykker seg slik du gjer i kommentarfelta; Gjer du det slik heime, også? Er det slik du snakkar til folk på butikken? Arbeidsplassen? Familien? Over ein øl på puben? Eller er det så enkelt som at fordi du ikkje ser den personen du snakkar med, så er det greitt å hetse den?

Oppsummert

Netthat

1 Over halvparten av politikarane oppfattar at den offentlege debatten har vorte meir hatefull dei siste åra, ifølgje ei ny undersøkjing frå No Hate.

Kvinner hetsa mest

2 Ifølgje Amnesty har to av tre kvinnelege politikarar opplevd å bli hetsa på nett. Ei av ti kvinner totalt har opplevd det same.

Nettroll

3 Eit nettroll er personar eller organisasjonar som bevisst manipulerer og uroar nettbasert kommunikasjon. (Store norske leksikon)

I ein interessant kommentar i Stavanger Aftenblad skriv Sven Egil Omdahl om Facebook sine algoritmar som verken er skrudd til venstre eller høgre, men nedover. Han viser til boka "Ti argumenter for å slette sosiale medier NÅ" av Jaron Lanier. "Algoritmene er kodet til å skape sterkest mulig engasjement hos brukerne. De registrerer at responsen blir størst når innholdet utløser negative følelser. Derfor reprogrammerer de seg selv til å levere mer av det samme. Stadig flere får innhold som gjør dem sinte eller opprørt."

Mange Facebook-debattar er drive av kjensler. Og til dømes i rovdyrdebatten er det sterke kjensler på alle sider. Det å slengje fornærmingar til kvarandre kan ta av også i kommentarfelt som ikkje handlar om rovdyr, som til dømes i debatten etter ei Nationen-sak som handlar om at det ligg 600 tonn lammekjøtt på lager ved inngangen til slaktesesongen.

Annonse

Eitt døme her, debattantane er gitt nummer, sjølv om dei er publiserte under fullt namn på Facebook:

Nr. 1: "Hmm kan ikke stemme. Ser til stadighet at rovdyrhaterne påstår at det er helt tomt for lam på lager."

Nr. 2: "kan man være sivilisert nok til å droppe "hater"? Bønder ønsker kun å slippe å finne dyra sine maltraktert levende."

Nr. 3: "dyra blir vel også utsatt for mye annet enn berre rovdyr."

Nr. 1: "nei er kun rovdyrene som er årsak til tap av dyr på beite".

Nr. 3.: "det er nok ikke det."

Nr. 1."men man skulle tro det når enkelte uttaler seg."

Nr. 2: "Fokuser. Det er begrepet "hater" jeg svarte på, og det handler om rovdyr. Hva med datt og hva med ditt handler kun om å sidespore."

Nr. 1: "blir du krenka over å bli kalt for rovdyrhater? Jeg blir kalt ulveklemmer og diverse annet utan at jeg gidder bry meg om det"

Nr. 2: "Jeg syns enhver diskusjon tjener på en sivilisert tone utan name calling"

Osb. Desse døma på ein diskusjon som sporar av er på langt nær dei verste som finst på Facebook. Diverre. Drapstrugsmål blir skrive under fullt namn. Nokre tenkjer nok ikkje over at det dei skriv kan oppfattast bokstaveleg, men det er ikkje ei orsaking.

Så, til deg som deltek i debattar i sosiale medium: Før du trykkjer på publiserknappen – len deg attende i stolen, pust djupt inn og ut eit par gongar, kanskje du kan hente deg ein kaffi, prøve å setje deg inn i situasjonen til den du debatterer med, og korleis det du har skrive i kommentarfeltet vil bli oppfatta. Bidreg den til å spore av ein diskusjon? Kan kommentaren din bli oppfatta som usakleg, hetsande, sårande av den du diskuterer med? Om ja, så dropp publisering.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Nav, hundemøkk og søppel