Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Billig mat har sin slavepris

Nokre gongar er prisen for låg til å vera god. Ein tomat i butikken nær deg kan vera plukka av ein slave.

Soumalia Sacko var ein av seksten av landbruksarbeidarane som døydde i to stygge bilulukker på under to døgn i Goffia i Italia, juni 2018. Foto: Roberto D'Agostino / AFP / NTB scanpix

Minibussen krasja med ein lastebil som frakta tomatar. Blod, kroppar, vrakdelar og tomatar hamna hulter til bulter. 12 av dei 14 passasjerane døydde i ulukka.

Det er den britiske avisa The Guardian som fortel om ulukka i Foggia i Sør-Italia, i ei stor sak i juni i år. Passasjerane var alle landbruksarbeidarar. Minibussen var registrert i Bulgaria. Sjåføren hadde verken førarkort eller forsikring. Ulukka var den eine av to på under to døgn i juni 2018, der til saman 16 landbruksarbeidarar mista livet.

I fjor uttala FNs spesialrapportør for moderne slaveri, Urmila Bhoola, at det i Italia er 400.000 landbruksarbeidarar som er i fare for å bli utnytta. 100.000 lever truleg under umenneskelege tilhøve. Ifylgje den italienske tenkjetanken Osservatorio Agromafie kontrollerer italiensk mafia store delar av verdikjeda frå mat, frå arbeidskrafta ute på plantasjane, til grossistdistribusjonen til butikkane.

Slaveriet blir jamleg presentert for oss på kjøkkenborda våre, utan at me bryr oss særleg om det.

Tenkjetanken vart oppretta i 2014 og jobbar særskilt med organisert kriminalitet i matsektoren. Det er avslørt juks med "laga i Italia"-merking, jordleige for å få jordbruksstønad frå EU, utnytting av arbeidskraft, og juks med råvarer til foredla produkt. Mafiaen har bygd opp ei parallell verdikjede for mat, fortel professor Stefano Masini til European Observatory on Illicit Trade. I 2017 var mafiaen si omsetninga frå jordbruks- og matsektoren svimlande 21,8 milliardar euro.

Landbruks- og matindustrien er ein sektor der me i Europa har sett døme på dårlege arbeidsvilkår, kjøttjuks og regelrett kriminell verksemd. Me veit at underbetalte arbeidarar utan papir, lovlege kontraktar, skikkeleg mat og ly, er ein viktig ingrediens i den italienske tomatproduksjonen. Men når sjekka du sist kor tomatane i tomatsausen eller pizzasausen kom frå? Kan norske aktørar garantere at alle tomatbaserte varer me kjøper i butikkane ikkje er laga ved hjelp av slaveri eller barnearbeid? Er sjokoladen du et frå Mars eller Nestlé er laga på kakao hausta av barnearbeidarar?

Annonse

I ei verd der slaveriet skal vera avskaffa, jobbar framleis titals millionar menneske som slavar. Ifylgje Global Slavery Index, var det 40,3 millionar slavar i verda. 71 prosent av dei var kvinner, 29 prosent menn. 15,4 millionar var fast i tvangsekteskap. 24,9 millionar – nesten fem gongar så mange menneske som det bur i Noreg – var tvangsarbeidarar.

Oppsummert

Moderne slaveri

1 over 40 millionar menneske lever i dag som slavar, ifylgje Global Slavery Index.

Matindustrien

2 Også i europeisk landbruks- og matindustri blir det brukt slavar, som i italiensk jordbruksindustri.

Pengar

3 Det er store pengar å tene på slaveri og matjuks. I Italia er mafiaen si omsetning frå jordbruks- og matindustrien rekna til 22 milliardar euro.

Dei jobbar i sexindustrien, produserer klede, mobiltelefonar, og ikkje minst bidreg dei inn i den globale verdikjeda av billigmat. Mat, drikke og sjokolade som ligg i kjøleskapa eller matskåpa våre, som ligg i sjokoladeskåla vår ein fredag kveld, eller dekkjer pizzabotnen vår ein laurdag kveld. Slaveriet blir jamleg presentert for oss på kjøkkenborda våre, utan at me bryr oss særleg om det. Så lenge maten er billig nok.

Men det er ikkje berre i mafiasuspekte land i det sørlege Europa at slaveri er normalt. Den tidlegare kolonimakta Storbritannia bygde opp mykje av rikdomen sin på slaveri og utnytting av koloniane og menneska som budde der. Bruk av slavar forsvann ikkje med samveldet.

I Storbritannia slo ein rapport frå Gangmasters and Labour Abuse Authority (GLAA) fast at slaveriet hadde auka med 35 prosent frå 2016 til 2017. Verstingane er britisk landbruks- og matindustri. GLAA er eit uavhengig, statleg organ som jobbar for å hindre utnytting av arbeidarar i landbruks-, mat- og fiskeindustrien. GLAA og eit lovverk kom på plass etter at 21 kinesiske skjellplukkarar i 2004 drukna av ei tidevassbølgje. Ingen hadde lovleg opphald- eller arbeidsløyve.

GLAA har avdekt at dei fleste landbruksarbeidarane kjem frå Bulgaria og Romania. Britiske bemanningsbyrå utan godkjende lisensar samarbeider med andre europeiske byrå om forsyning av arbeidskraft. Arbeidarane må gjerne betale for å få arbeid, dei blir innlosjert under kummerlege forhold, løna er under minimumsløna, og arbeidarane og må jobbe lange dagar sju dagar i veka.

I juli vart åtte personar frå Polen dømde til fengsel for å ha utnytta tidlegare innsette, heimlause og andre ressurssvake menneske. Gjennom fleire år skal bakmennene ha klart å lure til seg to millionar pund, eller rundt 22 millionar kroner.

Tidlegare i juli melde Nationen at svensk politi har utvist over hundre utanlandske jordbærplukkarar. Svensk politi har oppdaga over 40 arbeidsgjevarar som har tilsett utanlandsk arbeidskraft utan lovleg opphald eller arbeidsløyve.

Slaveriet er altså nærmare enn me likar å tenkje på. Og billig mat kan bli så altfor, altfor dyr.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ja, utred alternativene til EØS