Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bikkja mi gjer aldri noko gale

Ein koseleg familiehund i sofaen, snill og god. Kven kan tenke at den kan gjere noko gale?

«Første gongen eg kom over ein laus hund etter bandtvangen, fekk eg tak i den, kopla den i eit ekstra band eg hadde med og fann telefonnummeret til eigaren på halsbandet». Foto: Svein Ove Hansli
«Første gongen eg kom over ein laus hund etter bandtvangen, fekk eg tak i den, kopla den i eit ekstra band eg hadde med og fann telefonnummeret til eigaren på halsbandet». Foto: Svein Ove Hansli

Det er ofte slike heilt vanlege hundar som står bak blodige angrep på vilt og husdyr. Frå å vere eit kosedyr kan bikkja på nokre sekund bli ei drapsmaskin. Og eg trur vi alle veit kven som har skulda.

Då koronaen kom i mars vart det innetid for veldig mange. Så også for meg og familien min. Etter at vi fekk påvist korona i heimen vart det verkeleg karantene, eller det kjendest vel mest som husarrest. Snille naboar kom med mat, rikeleg med mat. Og slik gjekk vekene i mars og april sin gang med altfor mykje stillesitting og mat.

Då feberen slapp taket og eg vart friskmeldt, kunne eg endeleg kome meg ut. Det var då eg oppdaga kor ille innetida hadde vore for heimen. Eg merka det først på bikkja. Den var rett og slett feit. Så kikka eg på meg sjølv. Det var endå verre stilt med meg sjølv. No måtte vi trene, både eg og bikkja.

Så godt som kvar helg, heile året, har eg hatt for vane å kome meg ut av byen. Ut i skogen eller opp på fjellet. No måtte eg leve med at marka kring Oslo vart det einaste alternativet for meg og bikkja.

Koronatida gjorde noko med trongen til å kome ut hos alle. Marka var full av slike som meg. Folk som var desperate etter å lufte seg – og bikkja. For det er enormt mange i Oslo som har bikkje. No kastar eg sjølvsagt stein i glashus, men kva skal folk med bikkje midt i byen?

Uansett, det var liksom noko godt i å sjå at folk brukte koronatida til å kome seg ut, og ikkje minst kjende eg glede på vegner av alle by-bikkjene som endeleg fekk føle anna enn asfalt under potane.

Gleda vart dessverre kortvarig. Etter 1. april må vi hundeeigarar halde dyra våre i band. Det seier i alle fall lova. Men aldri har eg sett så mange lovbrytarar samla på ei gong. I marka i Oslo sprang bikkjene på kryss og tvers, utan band eller eigar som passa på.

Første gongen eg kom over ein laus hund etter bandtvangen, fekk eg tak i den, kopla den i eit ekstra band eg hadde med og fann telefonnummeret til eigaren på halsbandet. Før eg rakk å slå nummeret på telefonen min, såg eg ei eldre dame kome nede i vegen med eit band knytt rundt livet. Det var hennar hund, og ho kunne ikkje skjøne kvifor eg hadde tatt hunden hennar. Ho trua med å melde meg for forsøk på å stele bikkja. Bikkja hennar gjorde aldri noko gale.

Annonse

Og slik gjekk det utover heile våren. Lause hundar på nesten kvar einaste tur. Dei fleste skjønte lite av at eg brydde meg om bandtvang. Ein gjengangar var at “hunden min har aldri hatt interesse for verken rådyr eller fugl”.

Kvart år går bikkjer til angrep på husdyr på beite og vilt i skogen. Det finnast ikkje nokon eksakt statistikk. For nokre dagar sidan vart eit rådyr påkøyrt etter å vorte jaga av ein laus hund.

I fjor skreiv Nationen om bønder i Valdres som hadde mista 16 sauer etter angrep av hund. Sauebonde Bjørn Olav Søndrol la ut blodige bilde av sauer som var drepne av hund og bad innstendig om at folk måtte skjerpe seg. Sauene hadde anten blitt jaga utover fjellskrentar, rett og slett blitt jaga i hel eller bitne i hel, skreiv Søndrol på Facebook.

Dette er døme der vi veit at bikkja har tatt livet av andre dyr. Men truleg tek bikkjene mange liv som vi aldri får vite om. For når ei laus bikkje spring gjennom skogen kan den gjere mykje ugang utan at det nokon gong blir oppdaga.

Etter at kyllingane til skogsfuglen var klekt ut fekk eg sjølv erfare kor forsvarslause bytte slike kyllingar kan vere. Eg gjekk langs ein veldig trafikkert sti innover i marka. Plutseleg stoppa bikkja mi opp, det er ei fuglebikkje og den stod plutseleg i stand. Og der, nokre få centimeter frå skogsvegen der folk gjekk opp og ned heile dagen, der var det eit lite kull med kyllingar. Orrhøna sat litt lenger inne i skogen og passa på. Hadde ikkje bikkja mi vore i band og eg hadde vore saman med den, er eg nokså sikker på korleis dette ville enda. Vi gjekk sjølvsagt roleg derifrå.

Nokre dagar etterpå møtte eg eit par som gjekk på den same vegen, med bikkja si laus. Eg stoppa opp og fortalde dei mi historie frå nokre dagar før. Då eg bad dei fint om å kople bikkja si vart dei sinte. Dei hadde "full kontroll" på bikkja si. Eg fekk melding om å passe på meg sjølv og mi eiga bikkje og ha ein fin tur vidare.

Eg gav opp, og gjekk vidare. Etter nokre hundre meter høyrde eg pusting og pesing bak meg. Det var bikkja til paret eg nett hadde møtt som følgde etter meg. Då dei sprang for å innhente bikkja, kommenterte eg: “jaså, full kontroll?”,

Eg håpar dei fekk litt å tenke på, i alle fall sette dei bikkja si i band

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kamp mot skrantesjuka og reetablering i Nordfjella