Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Attom koronakrisa lurer kvardagen for Tine

Koronaepidemien påverkar også Tine - på godt og vondt.

Styreleiar Marit Haugen i Tine. Foto: Janne Grete Aspen
Styreleiar Marit Haugen i Tine. Foto: Janne Grete Aspen

Det noko amputerte årsmøtet i Tine onsdag var ein nødvendig fot i bakken for bønder og konsern. For fyrste gong, som for mange andre, vart årsmøtet halde på nett. Det fungerte utmerkt – i alle fall for dei som har rask nok opplasting på breibandet.

Dei to overhengande k-krisene påverkar også Tine: Koronaepidemien og klimakrisa – økonomisk, menneskeleg og politisk, og var også underliggjande i talar og i generaldebatten. Men det er generaldebatten som syner at Tine er eit medlemssamvirke med rundt 9500 eigarar.

Tine-eigarar med rogalandsdialekt er kritiske til målet om at fôret til mjølkekyrne skal vera 100 prosent. Olaug Bollestad, også frå Rogaland, var derimot positiv til målet, sidan ho meiner det vil auke legitimiteten til norsk landbruk og Tine sitt omdømme på sikt.

Nokre er kritiske til at mjølkebøndene er kritiske til eige selskap i sosiale medium, som kan vera eit symptom på at ikkje alt som glimrar er gull. Dessutan er det noko uggent over at representantar for eit selskap som nyt godt av at landbruket er ei politisk næring, ber om full lojalitet og semje til konsernstyre og selskap utetter. Det høyrest mest ut som ein dårleg strategi frå ein PR-rådgjevar.

Andre lurer på når Tine-ysteriet i Irland kjem i full drift, sidan utsleppsløyva for meieriet framleis ikkje er i boks. Nokre vil auke etterbetalinga frå Tine. Tine har eit vedtak om at mellom 50 og 65 prosent av overskotet skal setjast av til etterbetaling til bøndene. Etter mange gode år for samvirkekonsernet med høge utbetalingar, blir årets etterbetaling den lågaste sidan 2014. Styreleiar Marit Haugen varsla under generaldebatten at konsernstyret kjem til å sjå på etterbetalingspolitikken før neste års årsmøte.

Sjølv om vedtektsendringar kring ny eigarskapsstruktur er utsett til neste år, var ikkje alle like samde med konsernstyret i at prosessen har vore like god.

Annonse

Men felles for Tine-eigarane er, no som elles, er ansvarlegheita økonomisk, for klima – og ikkje minst i desse tider – også for beredskapen. Kvar og enkelt av bøndene er med på å sikre at det er nok mjølk og ost i butikkane, også når litt for mange nordmenn utan kriseerfaring handlar litt for mange liter mjølk slik at hyllene blir tomme.

Norsk meieri- og kjøttbransje har gått som ei klokke under pandemien. Sjølv om nokre avdelingar slit, som meieriet på Frya, som har mista 60 prosent av kundane sine, går bønder i fjøset kvar dag, mjølka blir henta og køyrd til meieria, der ho bli foredla vidare til mjølk, ost, yoghurt, rømme og andre varer. Sjølv om Tine-tilsette har vorte permitterte. Sjølv om bøndene i ein koronakvardag må vera ekstra varsame for koronasmitta. Kyrne må matast og mjølkast og kalvar, uavhengig av globale epidemiar.

Både Olaug Bollestad og Marit Haugen la i talene sine til årsmøtet vekt på jordbruket si beredskapsevne. Tine og norsk landbruk har bokstaveleg tala levert varene, sa Bollestad. Men Haugen kjem med ei viktig påpeiking: No under koronakrisa har bønder og jordbruket i Norge fått større forståing og større merksemd. Men det er ikkje gitt at denne forståinga framleis er der, når grensehandelen opnar att for fullt og folk kan ta kjøttfrie flyturar ei langweekend i New York.

For to månader sidan var bønder og Tine opptekne av at eksportstøtta forsvinn til sumaren, mjølkeproduksjonen må ned, importen aukar, prisutjamningsordninga betaler framleis ut pengar slik at konkurrentane til Tine kan konkurrere betre, og diskusjonar om klima går sin gang. Meieriprodukt er førebels ikkje særleg råka av klimadebatten, men dei med eit minimum av biologisk kunnskap veit at ei ku må kalve før ho kan mjølkast.

Under generaldebatten vart det etterlyst ei klårare klimalinje frå Tine. Dette vart avvist frå konsernsjef Gunnar Hovland, som tydeleg sa at Tine ikkje skal gå hardt ut på klima. Det er det andre som skal gjera.

Det er ein pussig strategi frå Tine, gitt at norske, klimabevisste forbrukarar bør få vita kvifor dei skal kjøpe norsk mjølk i staden for havremjølk frå Sverige, eller kvifor norsk mjølk er meir klimavenleg. Det verkar også som ein noko pussig strategi frå konsernleiinga, så lenge Tine sjølv har eit vedtak om at mjølkekyrne skal eta berre norsk fôr i 2025.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Fallet i leveransane av mjølk bremsar opp