Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Å stille mot ein dopa konkurrent

Eit system der den største daglegvarekjeda alltid får langt betre vilkår enn dei andre, verkar berre til å gjera den store endå større.

Razzia: Tysdag morgon var Konkurransetilsynet på razzia hos Norgesgruppen, i tillegg til hos leverandørselskapa Lilleborg og Mondelez. Foto: Benjamin Hernes Vogl
Razzia: Tysdag morgon var Konkurransetilsynet på razzia hos Norgesgruppen, i tillegg til hos leverandørselskapa Lilleborg og Mondelez. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Det er som å konkurrere mot ein dopa, kanadisk 100-metersløpar på 1980-talet. Du er gjennomtrent, men du passerer målstreken lenge etter vinnaren.

Rykta om svært ulike innkjøpsvilkår har versert i daglegvarebransjen lenge. "Alle" har visst at den største får billigare varer enn dei andre kjedene. No har også Konkurransetilsynet dokumentert at det er slik. For å sitere rapporten frå tilsynet: "Resultatene fra kartleggingen viser at Norgesgruppen gjennomgående oppnår bedre innkjøpsbetingelser enn de to andre kjedene, og for enkelte leverandører er forskjellene spesielt store."

Me skal ikkje førehandsdøma leverandørane og Norgesgruppen. Det er ikkje sikkert at dei store skilnadene i innkjøpsvilkår er ulovleg. Men at noko er lovleg, er ikkje det same som at ein rettferdig konkurranse er sikra. Når innkjøpsprisane kan skilje opp til 10–15 prosent, kan det hende me er i siste kategori.

Kanskje er det nettopp ein grunn til at Norgesgruppens Kiwi-kjede vinn så mange av VG sine priskonkurransar? Men det er heller ikkje slik at Norgesgruppens billegkjede vinn alle priskonkurransar. Kvar blir det då av pengane?

På bakgrunn av undersøkinga av innkjøpsvilkår i daglegvarebransjen gjennomførte Konkurransetilsynet, nokre timar før rapporten vart lagt fram, razzia hos Norgesgruppen, Mondelez og Orkla-eigde Lilleborg.

Etterforskinga vil avdekkje om konkurranselova er broten, og kven som eventuelt kan stillast til ansvar for eit mogleg lovbrot. Men Konkurransetilsynet kan ikkje berre sjå på om forbrukarane har betalt for høge prisar.

Framleis er det mange spørsmål. Kor omfattande har dei ulike innkjøpsvilkåra vore? Kva konsekvensar har det fått for konkurransen om forbrukarane? Er det ulovleg? Har det vorte utøvd utilbørleg press på leverandørar? Trugsmål om å bli bytta ut med kjeda sine eigne merkevarer eller andre leverandørar? Har leverandørane i praksis kjøpt seg større plass for å halde konkurrentar ute?

Annonse

I samband med Konkurransetilsynet sin rapport er det interessant å sjå nokre år attende, til den gong det var fire daglegvarekjeder i Noreg; Norgesgruppen, Rema 1000, Coop og Ica. Etter stadige tap av marknadsdelar valde Ica i 2014 å selje butikkane i Noreg til Coop. Sjølvsagt er det fleire årsaker til at Ica trakk seg ut av Noreg, men ei av årsakene var nettopp dårlegare innkjøpsvilkår enn konkurrentane.

I daglegvarebransjen fungerer det gjerne slik, at di større ein blir som kjede, di større krav kan ein stille til at leverandørane skal gi kjedene rabattar og bonusar med varene sine. Dermed har me eit system der den store kan bli større, og den minste bli mindre.

Dåverande administrerande direktør i Ica Norge, Thorbjørn Theie, sa til Nationen i 2014 at "Veikskapen vår har vore at me som liten aktør har fått fire–fem prosent dårlegare vilkår". Truleg var det konservative anslag frå Theie.

Rapporten frå Konkurransetilsynet er gjort på bestilling frå Nærings- og handelsdepartementet. At innkjøpsvilkåra, som har vore eit så heitt tema i bransjen lenge, ikkje har vorte sett under lupa før no, kan ein berre lure på. Dåverande konkurransedirektør Christine B. Meyer stoppa i 2013 eit innkjøpssamarbeid mellom Norgesgruppen og Ica, som frå Ica si side var eit siste forsøk på å overleva i Noreg.

Til Nationen sa Meyer at "Konkurransetilsynet er oppteken av best mogleg konkurranse i daglegvaremarknaden. Blir den store aktøren større og får betre vilkår, kan det forrykkje balansen så sterkt at den likeverdige konkurransen mellom kjedene forsvinn."

Ting kan no tyde på at me alt er der i dag at me ikkje har ein likeverdig konkurranse mellom kjeden, sjølv utan Ica i Noreg.

Konkurransetilsynet har gjort ein omfattande jobb, og ein viktig jobb. Bit for bit blir daglegvarebransjen avdekt. Det er likevel vert å merke seg at den jobben Konkurransetilsynet no har gjort, har dei hatt heimel til å kunne gjera for lenge sidan.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Å reise – er det fali’ det, Solan?