Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ikkje min statsminister

Me treng ein danna leiar som ikkje set folk opp mot kvarandre. Der er ikkje Trygve Slagsvold Vedum.

Ikke samlende nok, synes Nationens spaltist om Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ikke samlende nok, synes Nationens spaltist om Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Senterpartiet sitt landsmøte har fått Trygve Slagsvold Vedum til å seie s-ordet. Han er statsministerkandidat. Men er han den statsministeren Noreg treng når vi skal samle oss etter eit langt, vondt år?

«Ville du tatt han med deg i ein pandemi?» har det siste året blitt kontrollsetninga for oss som aldri opplevde krigen, i ei øving i å avdekke karakter, eller mangel på karakter. Når pandemien snart nærmar seg ein ende, må vi stille kontrollspørsmål når vi skal velje nye leiarar. Kven vil vi ha som leiar når vi skal samle oss igjen etter pandemien?

Pandemien har ikkje råka rettferdig. Noreg i månad 15 etter korona er eit tungt lass med sprikande staur. By mot land, vaksinert mot uvaksinert, grøn mot raud sone, større klasseskilje enn på lenge. Enkeltpersonar har blitt hardt ramma. I byen eg bur i var servicenæringa stengt i stor eller mindre grad i eit halvt år, noko som førde til at mange lågtlønte med låg utdanning og få andre moglegheiter på arbeidsmarknaden, vart permitterte.

Skeivfordelinga av personlege konsekvensar av krisa er stor, det same er skeivfordelinga av smitte, smittetiltak og vaksiner. Skeivfordelinga av slitasje like så.

Pandemien har også skapt djup splitting mellom by og land. Godt hjelpt av retorikken til han som no vil bli statsminister.

Han er blid, han er triveleg, folk som kjenner han og ikkje kjenner han snakkar varmt om han som medmenneske. Eg kunne truleg kjøpt bruktbil av han, om eg var på jakt etter ein brukt dieselbil. Men Trygve Slagsvold Vedum er også ein partileiar på rå veljarjakt, godt hjelpt av ein spissa og forenkla retorikk full av karikerte motsetnader. Motsetnader mellom by og land, mellom elite og folk flest.

"Rå veljarjakt, godt hjelpt av ein spissa og forenkla retorikk full av karikerte motsetnader."

Annonse

Og det er når folk som bur i by blir synonymt med elite, at det går gale. Denne retorikken får ikkje Vedum til å stå fram som ein potensiell samlande leiar for heile dette landet han snakkar så varmt om. Ikkje gjennom denne pandemien og ikkje før pandemien.

Eg opplever ikkje at dei folka det er flest av i dette landet, folk som bur i by, blir tatt på alvor av den nye statsministerkandidaten vår. At problema deira ikkje er viktige nok. Iallfall let det ikkje slik i mange av dei billige retoriske poenga som er meint å skulle sparke oppover og kritisere dei som styrer dette landet.

Men problemet med sleivspark er at dei ikkje alltid treffer der dei skal. Folk flest er ikkje ein elite, sjølv om dei bur i byen. Men folk flest i byen blir knapt tatt på alvor i Senterpartiet sin retorikk.

Denne retorikken fungerer godt for ein leiar av Senterpartiet. Men ein statsminister må famne alle. Vedum framstår ikkje som min statsminister. Iallfall ikkje slik han snakkar i dag.

Det går an å seie mykje om den andre statsministerkandidaten på raudgrøn side, Jonas Gahr Støre. Og det meste er vel sagt gjennom medias omhyggeleg dekning av hans indre og ytre liv, kjøkkenbenk, formue og det meste anna. Han blir skulda for å vere for elitistisk, mellom anna, fordi han har den bakgrunnen han har og den CV-en han har. Men kan hende er det nettopp denne elitismen vi treng for å samle landet igjen. Iallfall treng vi danninga til Støre.

For gjennom ein lang pandemi har han aldri falle for freistinga til systematisk å sette delar av landet og delar av folket opp mot kvarandre. På same måte har heller ikkje min nærmaste leiar som innbyggjar i Oslo, byrådsleiar Raymond Johansen, falle for freistinga til å sette innbyggjarane i denne delte byen opp mot kvarandre. Sjølv om smittetrykket har vore skeivt fordelt og at nokon grupper har utmerkt seg negativt på ein del statistikkar.

Det er ikkje sikkert det er den som er mest folkeleg som er mest skikka til å samle oss etter 1,5 år med pandemi. Kan hende er det ein litt grå og keisam, men rettferdig leiar vi treng. Frå partiet som eingong kom opp med slagordet By og land, hand i hand.

Neste artikkel

Rådebank i regjeringa