Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Viruset angår oss alle

Det er i pressa situasjonar ein får sjå kven ein eigentleg er – i denne situasjonen har Noreg prioritert liv og helse.

Virus-dugnaden kan vi alle bidra i, skriver Tore Storehaug. Foto: Joakim Nilsson / NTB scanpix
Virus-dugnaden kan vi alle bidra i, skriver Tore Storehaug. Foto: Joakim Nilsson / NTB scanpix

Samstundes har ikkje Noreg latt seg lokke til å tenke «Norge først» og gløyme at ein pandemi gjeld oss alle.

I løpet av ei veke i mars var det meste endra. Eit omgrep vi berre kjende frå beredskapsplanar og trusselvurderingar; pandemi. Pandemien råka oss og resten av verda, og ein storstilt dugnad var naudsynt. Det vel i pressa situasjonar ein får sjå kven ein eigentleg er – i denne situasjonen har Noreg prioritert liv og helse.

Det er for tidleg å oppsummere. Vi er ikkje ferdig med denne unntakstida. Det kjem ei tid for evaluering. No er det framleis tid for handtering. På toppen av helsekrise har vi oljekrise og økonomisk krise.

Noreg har desse vekene vore vitne til ein nasjonal dugnad. Folk, næringsliv, organisasjonar, kulturliv og styresmakter har stilt opp. Alle har måtte ofra noko, somme mykje. Men alle har stilt opp for det felles beste.

Å vere folkevald i denne tida medfører eit stort ansvar. Korleis skal vi komme oss gjennom og korleis skal vi komme oss vidare?

Ei utfordring eg har kjent på sjølv er kor vanskeleg det har vore å vite kva ord ein skal bruke. Kor håpefull kan ein vere med det som går rett når det framleis er så mykje som er unormalt krevjande? Korleis sikrar ein at ein lyttar til dei som treng det mest og ikkje dei med dei beste myndighetskontaktane?

Den politiske responsen har blitt delt i tre ulike fasar. I den første fasen handla det om å sikre folk sine inntekter og akutt likviditet til bedriftene. Neste fase står vi i no, den handlar om å sikre at vi ikkje mister lønnsame og gode bedrifter som vi treng for å komme oss vidare. Det er lettare å sikre at folk har ein jobb å gå til om vi klarar å ta vare på dei viktige bedriftene anten dei ligg i bygd eller by.

Annonse

I fase to har det særleg vore utfordrande å sikte rett i krisehandteringa. Vi har eit overordna mål om å bremse smitta. Når ein har på bremsa er det vanskeleg å gje gass med tiltak som skal stimulere økonomien samstundes.

Denne fasen er slutt når målet om å få opp aktiviteten er viktigare enn målet om å bremse for å hindre spreiing av smitte. Det kjem til å skje på forskjellig tid i forskjellige næringar og forskjellige sektorar. Og i den neste fasen skal vi bygge bru frå krise og tilbake til ein normalsituasjon. Til no har akutt handling vore overordna. For kvar fase vi handterer har vi hatt større rom for å heve blikket og tenke langsiktig.

I løpet av virusutbrotet har ikkje Noreg latt seg lokke til å tenke «Norge først» og gløyme omverda.

Arbeidsløysa er rekordhøg. Dette råkar arbeidstakarar og familiane deira – hardt. Vi har samla oss opp eit oljefond og har pengar på bok som gjer det mogeleg med krisepakkar og redningsaksjonar for alt frå frisørar til industri. Og vi har tillit i samfunnet som gjer det mogeleg med rask og lite tungrodde ordningar for krisestøtte. Og ikkje minst; vi har midlar som kan sikre familiar og einskildpersonar grunnleggande økonomisk tryggleik når jobben forsvinn for kort eller lengre tid.

Krisepakkane og auka pengebruk har vore viktig og riktig, men vi kan ikkje bygge landet med krisepakkar. Med arbeid skal landet byggast. Saman kan vi lage eit bærekraftig velferdssamfunn. Eit bærekraftig velferdssamfunn stiller opp for dei som fell utanfor og det omstiller seg og syner veg til framtida sine næringar. Det viktigaste for å nå det er at folk har ein jobb å gå til om morgonen. Her må vi på stortinget sørge for at vi brukar verktøykassa vår riktig og tilstrekkeleg.

På toppen av dette er «Norge et lite land i verden», som ein tidelegare KrF-leiar sa det. I ei tid med global økonomisk krise blir eit lite land som Noreg råka. Og sjølve ordet «pandemi» syner jo til at virusutbrotet gjeld oss alle – ikkje berre nordmenn, finnar eller sunnfjordingar.

I løpet av virusutbrotet har ikkje Noreg latt seg lokke til å tenke «Norge først» og gløyme omverda. Der Trump skuldar på andre og trekker bort støtta frå verdas helseorganisasjon, har Noreg sikra at vi handterer krisa både heime og med å bidra til dei som ikkje har like store ressursar som oss.

Ein afrikansk ven eg snakka med, sa: Det er ikkje korona som vil drepe oss, det er svolt når levebrødet vert borte. For menneske som allereie er i krise, gjer viruskrisa at situasjonen eskalerer endå meir. Dugnaden gjeld oss alle.

Virus-dugnaden kan vi alle bidra i. Det handlar om enkle ting som å ta ein telefon til dei du tenker sit åleine, bestille seg varer som du har trengt lenge frå ei lokal bedrift som er råka, eller bruke tida meir saman med dei næraste. Og dei fleste dugnadar blir betre om ein unner seg ei ekstra runde vaflar.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

– Veldig uheldig at man skal slå noen billige poenger på en alvorlig smittesituasjon