Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi må investere i det aller viktigaste

Denne hausten har KrF vore med å legge fram sitt første statsbudsjett sidan 2005. Det har vore ei god erfaring.

For mange born sine familiar har ikkje økonomien til å kunne delta på viktige fellesarenaar og fritidsaktivitetar, skriv Tore Storehaug. Foto: Frank May / NTB scanpix

Eg har fått erfare korleis eit statsbudsjett blir til. Det er sjølvsagt ein dragkamp som endar i kompromiss. Det blir sagt at den som påstår han er villig til å møtast på havvegen, som regel er dårleg til å bedømme avstand. Nokre gongar opplevast òg eit kvart politisk arbeid litt slik. Men det er som regel fordi tyngdekrafta alltid er slik at detaljane får merksemda og at vi av og til let løysinga bli eit problem framfor å hugse samfunnsutfordringa vi prøvar å løyse.

Om vi tar eit steg tilbake er det å få lage statsbudsjett for 2020 i Noreg eit av dei største politiske privilegia som kan tenkast. Sjeldan har ei regjering og eit storting kunne disponere så mykje midlar. Ja, regelbundne ordningar i trygdene står for rett under 500 milliardar, og rammene til både helseføretak og kommunar blir i stor grad styrt av lovpålagde oppgåver.

Mange av kollegaane mine måtte legge bort fleire av talepunkta sine då dei såg at statsbudsjettet ikkje hadde bokført skattelette.

Likevel finst det eit handlingsrom for å prioritere. Dette rommet har ikkje vore der i mange land som liknar oss og som ligg nært oss. Økonomisk nedgang, arbeidsløyse og politiske kriser er ikkje langt borte. Medan i Noreg peiker dei økonomiske pilene rett veg, og særleg distriktsfylka har ei låg arbeidsløyse.

Derfor har òg statsbudsjettet vore moderat. Når det er høg vekst i økonomien er det lurt å legge opp til ein ansvarleg oljepengebruk. Eg kunne kalla det motkonjunktur, sagt det var normal økonomisk hushaldning eller kunne komme med eit poeng om sju feite og sju magre år – men vi kjenner alle poenget.

Mange av kollegaane mine måtte legge bort fleire av talepunkta sine då dei såg at statsbudsjettet ikkje hadde bokført skattelette. Avgiftene for import aukar når vi må betale moms frå første krone, og dei største skattelettene går til minstepensjonistar som slepp NRK-avgifta.

Annonse

Nyleg kom òg ein rapport frå Statistisk sentralbyrå som viste at det norske skattesystemet er så godt som like omfordelande som under førre regjering. Forskarane plasserer ulikskap på ein «GINI»-skala som går frå 0 til 1. 0 vil seie at alle i eit samfunn eig likt medan 1 betyr at ein person eig alt i eit samfunn. Skatteendringane har ført til ei endring frå 0,358 til 0,359 – altså ei endring på 0,001.

Like viktig som korleis måten vi hentar inn pengane på framleis må vere utjamnande, er at vi brukar pengane våre rett. Gjennom velferdssamfunnet lagar vi moglegheiter for alle og det viktigaste vi gjer då er å bruke meir av ressursane på å investere i gode oppvekstvilkår for born og trygge familiar. Det gjer statsbudsjettet som blei lagt fram.

Likevel er det slik at mange barn veks opp i familiar som lever under fattigdomsgrensa. For mange born sine familiar har ikkje økonomien til å kunne delta på viktige fellesarenaar og fritidsaktivitetar. For mange barn får ikkje den hjelpa dei treng på skulen tidleg nok. For mange barn veks opp i ein kvardag med vald og overgrep.

Då er det godt at budsjettet aukar barnetrygda med 3600 kr pr. år for dei minste borna. Ordninga med fritidskortet utvidast og lærarnorma fullfinansierast. Den samla satsinga på arbeidet mot vald og overgrep mot barn er på 1 milliard kroner, og løyvinga til barnevernet aukar.

Eit berekraftig velferdssamfunn er ikkje seg sjølv nok, vi må lyfte blikket utover våre eigne grenser. I dette budsjettet aukar vi bistandsbudsjettet med 1,4 milliard og prioriterer Afrika sør for Sahara og dei minst utvikla landa, ein prioriterer utdanning, helse, og sårbare og marginaliserte grupper.

Klimakrisa rammar dei som har minst, hardast. Difor må vi kutte utslepp nasjonalt og auke innsatsen globalt. Det viktigaste då er at vi fører ein politikk som gjer det dyrare å forureine. Budsjettet legg opp til ei auka CO2-avgift, og ein held fullt trykk på å skape dei løysingane som skal ta oss til nullutsleppssamfunnet, anten det er Nullutsleppsfondet, grøn skipsfart gjennom Enova eller løyvingane til Nysnø. Vi held oppe trykket for å få til karbonfangst og -lagring.

Stortinget er no i gang med handsaminga av budsjettframlegget. Det er kome og vil kome mange gode innspel på korleis vi brukar dei drygt 1400 milliardane vi disponerer. Eg er trygg på at det vil vere eit statsbudsjett som byggjer eit berekraftig velferdssamfunn med eit ansvarleg skatteopplegg og ein moderat oljepengebruk, og som hegnar om det aller viktigaste.

Vi lever i ei uroleg verd og vi veit at kommande statsbudsjett vil måtte prioritere endå tøffare. I 2060 er vi tre gongar fleire over 80 enn i dag. Det er i tider som er så gode at vi må investere i det aller viktigaste for å sikre at vi òg har ryggrad til å bere dei tidene som blir magrare.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Vennesla kan tape 20 millionar kroner