Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stoda nett no

Det bles godt i norsk politikk. Det stormar verre mange andre stader.

Oslo 20170927.Går dei saman? H, V, Frp og KrF skipar ikkje regjering utan sverdslag. Foto: Heiko Junge/NTB scanpix

2018 var eit fyrverkeri av eit år, i kvart fall for dei av oss som er over snittet opptatt av KrF sitt retningsval. Det var eit fyrverkeri av fleire grunnar – med klåre gule, grøne, raude og blå fargar som blafra og støy nok til å skremme både folk og fe.

I skrivande stund var det kalla inn til landsmøte i KrF, men møtet blei utsatt. Derfor blir denne spalta «frå Løvebakken» skrive i eit underleg vakum. Sidan forhandlingane starta har arbeidet som stortingsrepresentant vore inne i eit slags ventemodus. Ikkje i form av at alt arbeid er lagt på is, men i form av at forhandlingane skal gje større avklaringar enn det som kan komme i kvardagsarbeidet på Løvebakken i mellomtida.

Året vi la bak oss var eit fyrverkeri av eit år. NRK oppsummerte det med «Det politiske kaosåret 2018». Frå Giske sin avgang, via andre skandaleprega saker blei regjeringa utvida frå blåblå til blågrøn. Knapp tid etterpå går justisministeren av, etter mykje kritikk om at ho i sosiale media kopla Ap og terroristar – hennar kommentar til avgangen: «norsk politikk har blitt ein barnehage». Via Per Sandberg gjekk det politiske året vidare til KrF sin store debatt om regjeringssamarbeid. Denne lista er sterkt forkorta, men ho inneheld fleire episodar som eg kjem til å minnast langt inn i alderdommen.

Annonse

Men, om vi hevar blikket litt; Kor sensasjonelt var eigentleg 2018? Det har vore politisk støy før, og etter alt sannsyn vil det komme nye døme på det og i framtida. Eg meiner likevel det er verdt å stille spørsmålet. La meg dra nokre kjappe døme frå andre demokrati. Dei gule vestane som har protestert i Frankrike kunne vore nemnt, det kunne og dei store demonstrasjonane i Ungarn, men om ein ser på situasjonen i skrivande augeblikk er det nok av døme å ta av:

Sverige. Nabolandet vårt har ikkje hatt ei regjering sidan 9. september. I fire månadar har landet vore styrt av ei midlertidig regjering, medan forsøk etter forsøk ikkje har ført fram. Ingen av blokkene har fleirtal og presset har komme på Centerpartiet og Liberalerna. Desse var tydelege på at dei gjekk til val på å kaste Löfven som statsminister, men no ser ut til å støtte han. Mittenpartia har måtte velje mellom ei regjering som vil forhalde seg til Sverigedemokraterna eller til Vänsterpartiet, som står langt frå dei sjølve politisk. Meiningsmålingar og tillitsmålingar peikar på at både Centern og Liberalerna slit, medan Kristdemokraterna og Ebba Bush Thor, som har vore tydelege på at dei ønska regjeringsbyte, går stort fram. Kanskje det nettopp er den trenden som sikrar at det går mot storkoalisjon framfor nyval?

Storbritannia. Nabolandet vårt i vest er tvillaust kaotisk. Etter folkeavstemminga og forhandlingar om Brexit har ein endå ikkje ein avtale på plass. Fristen for når ein kan ha forhandla fram ein avtale om overgangstid og forhold etter Brexit er sett til 29. mars. Om ein ikkje finn fram i forhandlingane innan den tid, så vil vi ha ein «hard brexit» der alle avtalar blir sagt opp og handel skal skje etter WTO-reglar. Førebuingane har starta: Flyselskap sel billettar med «brexit-klausular» fordi regelverket kan endrast så dramatisk at ikkje alle flygingar kan gå som planlagt. Eller at ein kjøper opp store mengder medisin som blir lagra av frykt for at varer blir ståande lenge på grensene. Fristen for Theresa May til å få gjennom avtalen er ikkje ute, men over 100 parlamentsmedlem frå hennar eige parti har sagt dei ikkje vil støtte avtalen. Det same har 10 i gruppa til det nord-irske støttepartiet som regjeringa er avhengig av, og nært ein samla opposisjon.

USA. I landet der diskusjonen om grensemur går høgast er dei no inne i 24. dag med «Government shutdown», fordi det ikkje er einigheit om det føderale budsjettet. Konsekvensane? Vel, dei tilsette i den føderale staten (som FBI eller mange museum) får ikkje løn og har forbod mot å sjekke e-postane sine.

Oppsummert er det ikkje berre i Noreg at det er spenning knytt til 2019. Om ein samanlikna med dei døma eg nemnte, framstår den politiske situasjonen i Noreg som kledeleg grå. Heime i Sunnfjord seier vi «godt år» i det same tidsrommet som andre dialektar presiserer at det er snakk om godt «nyttår». Sett utanfrå framstår det som ein ukarakteristisk sunnfjordsk optimisme, då det både kan vere konstaterande for det føregåande året samstundes som ein ønskjer godt [kommande]år. Om det blir godt eller ikkje tilseier erfaring frå året som gjekk og våre naboland vertfall at sjansen er liten for at året blir innhaldslaust. Politisk historie blir skrive med turbomotor.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kommunevalet er eit skjebneval for kystkommunane