Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lat oss snakke om klima

Klima er den nye innvandringssaka når det kjem til debattklima.

Klima: Eg har teke Thunberg på alvor og held meg til bodskapen hennar, skriv Geir Pollestad, stortingsrepresentant for Sp. Foto: Esteban Felix / AP / NTB scanpix
Klima: Eg har teke Thunberg på alvor og held meg til bodskapen hennar, skriv Geir Pollestad, stortingsrepresentant for Sp. Foto: Esteban Felix / AP / NTB scanpix

Ein skal halde seg til det politisk korrekte, og er ein ikkje for eit kvart klimatiltak, så vert ein anten stempla som klimasinke, klimafornektar eller Trump.

Eg har eit sterkt engasjement for klima. Det uroar meg at trass i dei tydelege meldingane om klimaendringar og konsekvensane av desse, så er engasjementet relativt sett lågt.

Me kan ikkje diskutere klimapolitikk utan å ta omsyn til andre delar av politikken og samfunnet. Det er etter mitt syn ikkje minst viktig at klimapolitikken tek omsyn til sosial og geografisk utjamning.

Det er lett å kutte utslepp i Noreg om ein har reduksjon av utslepp i Noreg som einaste mål. For å kutte utslepp i Noreg kan ein auke CO2-avgifta så mykje at industrien flytter ut av landet, ein kan fjerne tollen på jordbruksvarer slik at matproduksjonen flytter ut og ein kan overlate til Qatar, Saudi-Arabia og Brasil å dekke etterspurnaden etter olje.

Noreg ville då blitt eit klima-fyrtårn. Samstundes ville me blitt eit dårleg land å bu i. Eg trur ikkje me då hadde hatt råd til korkje tenketankar, pressestøtte eller særleg med pengar til å støtte utvikling av ny klimateknologi.

Ynsket om å få fleire med på klimadugnaden var mitt mål då eg i førre veke skreiv ein kronikk på NRK sine debattsider om klima. Eg har fått mykje positive attendemeldingar på kronikken, men det har også dukka opp mykje negativt. Eg trur eg har fått kjenne litt på kjensla av korleis det var å vera spedalsk i bibelsk tid.

Den fyrste ut med motkronikk var kulturminister Trine Skei Grande. Her er noko av det ho skreiv: «På same måte som Donald Trump, vil Pollestad …» og «Sps Pollestad posisjonerer seg som en dinosaur».

Eg må jo fyrst seie at om ein ser bort frå kven som er president i USA for tida og ikkje minst ser bort frå kven som er kulturminister i Noreg, så er det litt stas å bli samanlikna med verdas mektigaste person av ein norsk statsråd.

Eg angrar på éin ting i kronikken eg skreiv, og det er at eg nytta ordet «klimarørsla» når eg skildra kven eg argumenterte mot.

Annonse

Det som er meir absurd er at kronikken min, som handlar om korleis ein skal få med folk på klimadugnaden, får sterk kritikk frå leiaren i Venstre. Ho er leiar i Noreg sitt minst populære parti. Då har du ikkje spesialkompetanse på å få med folk på laget.

Nationen sin kommentator Hilde Lysengen Havro kasta seg og på den same kritikken. Eg har all mi tid trudd at Nationen var ei avis som hegna om verdiskaping, næringsliv, omsynet til distrikta og geografisk utjamning.

Havro fekk seg til å skrive at eg brøla mot Thunberg. Det var nok fyrst og fremst desse nokså forsiktige orda i kronikken som fekk ho til å høyra eit brøl: «Gretha Tunbergs ord i FNs generalforsamling var engasjerte, sinte og alvorlige. Ordene hennes traff likevel ikke meg. Jeg er grunnleggende uenig i at dårlig samvittighet, skam eller trusler vil løse klimakrisen.»

Eg høyrer ikkje noko brøl. Eg har teke Thunberg på alvor og held meg til bodskapen hennar. Eg har heilt sidan eg blei med i politikken irritert meg over dei som brukar ord som: «Så flott at ungdommen engasjerer seg». Eg meiner at den einaste måten å ta ungdom sitt engasjement på alvor er å ta stilling til det dei meiner utan omsyn til alder.

Eg angrar på éin ting i kronikken eg skreiv, og det er at eg nytta ordet «klimarørsla» når eg skildra kven eg argumenterte mot. Då har nokon fått det føre seg at eg er mot alle som er for klima. Eg burde ha nytta ordet «den norske klima-eliten» i staden for «klimarørsla.» Eg gjorde ikkje det, fordi eg tenkte at det ville bli eit himla styr frå folk som følte seg krenka. No vart det jo eit styr uansett og då kunne eg ha vore presis.

Senterpartiet er eit grønt parti. Mitt mål er at Sp skal bli eit reiskap for store grupper som ynskjer å dra samfunnet i ei grønare retning. Då må ein bort frå forteljinga om at nokre tiøre i skilnad på drivstoffprisen er skiljet mellom å vera for og mot klimatiltak.

Sp står bak 99 prosent av gjeldande norsk klimapolitikk. Noreg er eit land som gjer mykje på klimafeltet. Utbygging av fornybar energi, støtte til miljøvenleg industriproduksjon og elbil satsinga er nokre døme.

Sp vil gjera meir. Me har lagt fram ei rekke forslag i Stortinget, som mellom anna Venstre har røysta mot. Ikkje minst vil me nytta skogen i klima- og verdiskapingstenesta. Me ynskjer mellom anna å etablere eit stort kapitalfond for å lyfte ei norsk industriutbygging basert på skogen.

Då opplever me konflikt med dei som vil verna skogen. Dette er eit godt døme på at klimapolitikk ikkje skil seg frå anna politikk. Klimapolitikken er full av motsetnader og ulike omsyn som må vegast mot kvarandre. Å jobba med dette er krevjande og går nok litt ut over det enkelte kan ta inn over seg.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kunnskap, det er farlig det