Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lat oss snakke om dyrevelferd

Dyrevelferd er viktig. Eg er langt på veg samd med dei som meiner at korleis me handsamer dyra våre seier noko om kva samfunn me er.

Innsyn: Manglande kunnskap og kjennskap kan gjera det vanskeleg å gjera seg opp fornuftige standpunkt om dyrevelferd. På biletet var barnehageborn til stades på kuslepp. Foto: Bjørn Sigurdsøn/NTB scanpix

Eg meiner diskusjonar om dyrevelferd må bygge på nokre heilt grunnleggjande føresetnader. Eg har prøvd å konkretisere 10 av dei:

1) Dyr har ein eigenverdi utover den nytta dei har for oss mennesker. Dyr er ikkje ein død ting.

2) Dyr er heller ikkje mennesker og skal ikkje samanliknast. Det er naturleg å eta dyr.

3) Dyrevelferd må bygge på fakta og ikkje følelser. Dei som har fem år på Veterinærhøgskulen kan truleg meir om dyr og dyrevelferd enn dei som har fem veker på Paradise hotel.

4) Dyrevelferd handler ikkje om korleis me som mennesker ville hatt det om me var dyr, men må ta utgangspunkt i dyra sitt liv og behov.

5) Dyrevelferd vil aldri vurderast utan, i større eller mindre grad, å ta omsyn til matproduksjon, effektivitet, økonomi, dyrehelse og mattryggleik.

6) Ein føresetnad for god dyrevelferd er at ein avdekker og reagerer på brot på regelverket. Når nokon bryt regelverket er det ikkje regelverket det er noko gale med.

7) Det er bonden som har hovudansvaret for korleis dyra har det.

8) Samfunnet har ein heilt legitim rett til å få vite korleis mat vert produsert.

9) Norge skal vera fremst i verda på dyrevelferd.

Annonse

10) Ytterpunkta sit truleg heller ikkje i dette spørsmålet med fasit.

Eg er oppteken av at dyrevelferd i hovudsak skal bli styrt av myndighetskrav. Det vil seie at krava gjeld på alle gårder og for alle dyr. Det er naturleg at krava til dyrevelferd vert endra over tid.

Eg er uroa for at mange ikkje har eit forhold til matproduksjon og husdyr. Manglande kunnskap og kjennskap kan gjera det vanskeleg å gjera seg opp fornuftige standpunkt. Difor må jordbruket vera åpne om korleis dyra har det og kvifor dei har det slik.

Det er nemleg ikkje lett å vera forbrukar. På den eine sida får dei servert dyrevernaktivistane sitt skremmebilete. På den andre sida får dei reklameindustrien sitt romantiske bilete. Bønder går ikkje på gardstunet og vugger grisene. Difor bør til dømes Nortura slutte med å lage videoer som syner dette.

Så eit anna spørsmål som eg meiner er interessant: Vert det betre dyrevelferd i eit land om ein reduserer produksjonen av eit dyreslag? Om det i eit land vert produsert to millionar griser og produksjonen vert redusert til én million griser. Vert då dyrevelferden betre? Eg meiner det ein heilt feil måte å tenka på. Når Noreg har betre dyrevelferd enn Danmark så kjem det av at me har strengare regelverk og ikkje at me har færre griser samla sett. Difor er boikott og kjøttstopp ikkje metoder som gjer det betre for dyra.

Diskusjonen om store eller små bruk er best for dyrevelfera skal eg la ligge, utover å slå fast at det er viktig at bonden har tid til å vera saman med dyra sine.

NRK sitt radioprogram «Ekko» hadde nyleg ein episode om dyrevelferd. Det er skammeleg kva statskanalen kan finne på å sende. Til å diskutere dette hadde dei hanka inn: Live Kleveland frå Dyrevernalliansen. Eirik Jensen som er filosof, advokat, vegeterianer og meditasjonsinstruktør. Som «motvekt» hadde dei Reidar Andersen direktør ved NTNU vitenskapsmuseet.

Denne motvekta starta med å seia at det var fantastisk å få bort pelsdyrnæringa. Før han i neste omgang bagatelliserte det å innføra villsvin i norsk natur. Dette kunne ikkje gå bra.

Kleveland kunne fortelle at griser har dei same interesser som mennesker. Ho kunne og fortelle at ryper kunne skille om folk hadde våpen eller ikkje. På toppen av det heile fortalte ho at høner kunne lære korleis dei skulle løyse oppgåver av å sjå på video.

Jensen skulle forklare forskjellen på sine to akvariefisk og ein vill torsk i havet. Som einkvar god filosof starta han med å seie at det var eit samansatt spørsmål. Før han enda opp med å seia at han hadde eit forhold til akvariefiskane og at han hadde omsorgen for dei.

Dette radioprogrammet er eit godt døme på kor gal retning debatten om dyrevelferd har.

Kva kan me gjera? Etter fleire år der energien er gått til ein stillingskrig mot Solberg-regjeringa er det no på tide å ta styringa. Bondenæringa må erkjenne at krava til dyrevelferd blir skjerpa år for år. Då må ein ta styringa over utviklinga. Det er beste for dyra og bonden er at utviklinga blir drevet fram av folk som elsker jordbruket. Alternativet er at dei som hater husdyrhold sit i førersete.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Leiekvoter – et siste forsøk