Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kven rår over vinden?

Det blir sagt at det er ein grunn til at Vårherre gav oss to øyre og berre ein munn. Debatten om fornybar energi treng at me brukar begge delar.

Vindkraft: Byggjing av vindmøller har førd til debatt mange stader. Vind vil vere ei viktig energikjelde i framtida. Då må lokal aksept ligge til grunn, skriv Tore Storehaug. Foto: Siri Juell Rasmussen

For å få den raske omstillinga som verda treng må vi dra saman. Kjell Ingolf Ropstad var førre veke ute og melde at han meiner at kommunar som seier nei til nye vindkraftkonsesjonar må bli høyrt, og at kommunar må sitje igjen med meir av gevinsten for vindenergi. Vi treng å få meir fornybar kraft, og då må vi ha grunneigarar og lokalsamfunna med på laget.

I vår vart Nasjonal rammeplan for vindkraft sendt på høyring. Det var ut frå eit ynske om å skape ei meir føreseieleg nasjonal regulering av vindkrafta. "Nasjonal ramme for vindkraft" er ei oppfølging av energimeldinga som Stortinget handsama i førre periode. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har leia eit omfattande arbeid. NVEs forslag er ei kunnskapsoppdatering (21 rapportar) og 13 område er utpeika som best eigna. I tillegg til miljø- og andre samfunnsinteresser inngår analysar av vindressursar og nettilgang.

Miljødirektoratet og andre etatar har vore sterkt involvert i arbeidet. Det er regjeringa ved Olje- og energidepartementet som har sendt framlegget på høyring. Utgreiingane gir oss verdfull kunnskap om fordelar og ulemper med slike anlegg fleire stader. Debatten har også synt oss at det folkelege engasjementet for å ta vare på urørt natur er sterkt. Det er positivt nytt for både artsmangfaldarbeidet og friluftsliv og folkehelse.

I mellomtida har debatten kring allereie gjevne konsesjonar gått høgt. Den liknar diskusjonen som har vore i andre land. Også våre naboar i sør står ovanfor dei same utfordringane med tap av natur og areal, og samstundes det same potensialet i ny teknologi, auka straumprisar og behov for fornybar kraft. Til dømes har det danske energiforliket sett eit tak for tal på vindmøller som er under halvparten av det dei har i dag, men med ny teknologi og større møller kan ein likevel halde oppe lik produksjon.

Ingen, korkje folk eller natur, er tent med at me løyser eitt problem ved å skape to nye.

KrF vil at grøn energi skal ta over for oljen – fossile energikjelder må målretta fasast ut. I programmet vårt er vi opne for vindkraft både til havs og på land. Sist landsmøte vedtok ei uttale som fokuserte på moglegheitene til havs, der Noreg kan dra nytte av erfaringar frå ei verdsleiande maritim næring. Nyleg vart to område opna av regjeringa.

Annonse

Vårt innanlandske forbruk av straum er godt sikra i dag, men vi må planlegge for morgondagen. Me har eit medansvar for det grøne skiftet, også utover våre landegrenser. Norge bør leie, gjeve den rike arven vi har som energinasjon. Vårt straumbehov vil utvilsamt auke når fossile brensle blir erstatta med elektrisk straum.

Noreg har ein fantastisk ressurs i vår regulerbare vasskraft. Der vi kan styre når vatnet skal renne frå magasinet og gjennom røra til kraftstasjonen, er vindkraft avhengig av gunstig vind. Desse to teknologiane kan og bør fylle kvarandre godt ut. Derfor må diskusjonen vere ein del av ein heilskap og vere fundert i gode lokale prosessar, lokal aksept og verdiar som blir liggande att lokalt.

Ingen, korkje folk eller natur, er tent med at me løyser eitt problem ved å skape to nye. Vindkraft på land er grøn energi, men samstundes er naturinngrepet irreversible, og effekten på naturmangfaldet kan potensielt vera alvorlege.

I haust er det fleire viktige prosessar som vil spele ei viktig rolle i den vidare debatten om fornybar energi. Regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå på endringar i skattesystemet slik at vi kan få meir reinvesteringar og oppussing av eksisterande vasskraft. Utvalet har også varsla at dei kjem til å sjå på skatterammene rundt vindkraft. NVE har fått i oppdrag å greie ut tiltak og alternativ som kan gje likare nettleige, og ulike parti har meldt inn saker til Stortinget om utanlandskablar og kraftsamarbeidet med våre naboland.

Vi treng ein klimapolitikk som verkar. KrF er korkje redd for forbod eller marknadsmekanismar, skatteletter eller avgiftsauke. Det vi derimot er redd for, er symbolpolitikk, manglande realisme, statleg overkøyring og ein klimadebatt som i liten grad tek omsyn til at utfordringane er ulike kringom i landet.

Klimadebatten er også for ein stor del ein energidebatt. Noreg har eit stort potensial for produksjon av energi basert på ikkje-fossile kjelder. I tillegg til vatn og vind, har vi bølgjer, sol, tidvatn og havstraumar. For ikkje å snakke om bioenergi, hovudsakleg basert på tilveksten i skogane våre. Framtida vil meir enn nokon gong krevje ein berekraftig energimiks.

Vind vil vere ei viktig energikjelde i framtida og diskusjonen om korleis den skal bli det treng at vi både brukar munnen men og dei to øyra vi har fått. Lokal aksept må ligge til grunn, slik at vi både får ein energimiks, ein arealpolitikk og ein næringspolitikk for ulike lokalsamfunn som er berekraftig.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Skiftet i det blå