Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kven er det som klimastreikar?

Er det ungdommane - eller dei vaksne?

Ungdommens klimastreik foran Stortinget på fredag. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Førre tysdag skulka 40 000 ungdommar skulen for å gje ein tydeleg beskjed om at dei forventa meir handling for klimaet, for alle problem som dei eldre generasjonane ikkje ordnar opp i blir overlatt til dei.

«Som folkevalt kan eg ikkje oppfordre til streik, men eg har skulka skulen for dårlegare grunnar enn klimaet», sa ein av mine medrepresentantar. Det er godt sagt. Og då eg stod på Løvebakken og såg dei titusnane som samla seg på Eidsvolls plass, så var det nettopp kjensla av at det var ein «god grunn» til å vere der som skein. Morosame plakatar, kamprop og «vi hoppar for klimaet» fekk det heile til å sjå litt ut som ein popkonsert – bortsett frå at det var ein høgare himmel over det. Det var ein del av noko større. Dette er ikkje ein dag desse elevane vil gløyme med det første.

Dessverre er det god grunn til å protestere. Min og generasjonane som kjem etter oss, kjem til å få merke klimaendringane i vår kvardag -det blir meir ras, meir tørke, og det kjem til å bli fleire som i fattigare land enn Noreg må forlate heimane sine fordi livsgrunnlaget endrar seg. FN sin IPCC-rapport slår fast at det blir ein dramatisk forskjell om vi klarar å begrense den globale oppvarminga til 1,5 grader enn om vi ikkje gjer det. Med 1,5 grader forsvinn nesten alle korallrev i verda – med 2 eller meir er dei alle borte. Ti millionar færre menneske vil miste heimane sine på grunn av havnivåstiging med 1,5 grader enn med 2 graders oppvarming. Til no har verda sine land ikkje klart å gjere tilstrekkeleg for å sannsynleggjere at vi ein gang klarar 2 grader.

Annonse

Norsk klimapolitikk gjer mykje rett, men må gjere meir. Eg trur knapt det fins noko land som skattlegg CO2-utspell så hardt og så vidt som vi gjer, og når det kostar å forureine legg ein opp til grøne val. Rekordstore løyvingar til grøne teknologiprogram saman med omstillingsvennleg næringsliv har sikra at vi står midt i overgangen til låg- og nullutslepps nærbåttrafikk og personbiltrafikk. Noreg bidreg til sine naboland med regulerbar fornybar energi som gjer det mogeleg for dei å fase ut kol og fase inn meir vindenergi – det er bra.

"Noreg bidreg til sine naboland med regulerbar fornybar energi som gjer det mogeleg for dei å fase ut kol og fase inn meir vindenergi."

Globalt står Noreg for 1,1 promille av utsleppa, og delen er fallande fordi utsleppa frå mellominntektsland aukar. Likevel har Noreg som rik energinasjon mykje vi kan bidra med globalt. Ein del av det er ved å skape marknad for nullutsleppsløysingar, som seinare kan nyttast av andre når det fungerer i Noreg. Like viktig er nok at Noreg som bistandsnasjon og fornybarnasjon har ein unik posisjon til å sikre at mellom- og låginntektsland nyttar høve til å bygge meir fornybar kraft frå sol og vind no som prisen på denne teknologien stuper.

Dei klimastreikande elevane har blitt latterleggjort i sosiale medie med spørsmål som «kva med å bli køyrt til fotballtrening? Eller kva med flyet til syndenferien din?». Den beste responsen på dette kom med motspørsmålet «Kven trur du kjøper dei flybillettane til sydenferien? Det er ikkje vi!». Elevane gjer rett i å seie at vi politikarar må gjere meir, det må vi og det skal vi. Skal vi løyse klimaproblema så stoppar det ikkje der. Om borna dine ikkje møtte på skulen førre fredag synes eg din respons bør vere å få til ein skikkeleg Norges-ferie framfor å bestille nye flyturar utanlands. Viss de vil bidra meir har du endå ei lågthengande frukt å plukke, for forsking frå NTNU viser at omtrent 60 prosent av klimafotavtrykket vårt kjem frå privat forbruk. Transport, forbruk av klede, møblar og hushaldningsartiklar er dei største kjelda til utslepp frå norske hushaldningar.

Klimaengasjementet til elevar bør bli møtt av dei eldre generasjonane med meir klimahandling, både frå politikk og privatliv. Viss ikkje er det dei vaksne som klimastreikar.

Neste artikkel

Hvorfor vil ikke ingeniørstudentene jobbe i kommunene?