Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Krise, kyr, skog og bier

Vår generasjon står ovanfor store omskiftingar. Klimaendringar og miljøproblem blir avgjerande for livsgrunnlaget framtidige generasjonar kan bygge på. Landbruket sitt bidrag blir viktig.

Forhandlingar: Olaug Bollestad i KrF har vorte øvste sjef i Landbruks- og matdepartementet. Ho forhandlar med bondeorganisasjonane om klimaavtale. Foto: Siri Juell Rasmussen

Landbruksnæringa og staten er allereie godt i gang med forhandlingar for å få på plass ein frivillig avtale. Regjeringa har foreslått eit mål om klimakutt tilsvarande 5 millionar tonn frå 2021 til 2030, det tilsvarar 11 prosent. Kan ein gjere dette når ein samstundes har andre mål i landbrukspolitikken som skal få opp produksjonen? Det bør vere mogleg, all den tid tala viser at utsleppa frå norsk landbruk allereie går ned.

Når vi tel klimautslepp må vi telje rett. Det ligg mykje utyske i detaljar. Ta eit døme frå ein annan sektor; utsleppa ifrå transportsektoren har gått ned i takt med at vi auka kravet om kor mykje biodrivstoff som skal vere i drivstoffet du og eg kjøper på bensinstasjonen. Men ein stor del av biodrivstoffet har vore basert på palmeolje.

Om ein ser på dei indirekte utsleppa som palmeoljeproduksjon fører til, så blir rekneskapen brått annleis. Med å hogge ned regnskog og drenere store myrområde kjem det store utslepp og tap av «grøne lunger» på toppen av tapet av dyreliv og livshøve for menneska som baserte liva sine på regnskogen.

For å telje rett må vi skilje mellom det som er utslepp frå ikkje-fornybare kjelder og det som er del av eit kretsløp. Det er enkelt og banalt; både sauer og kyr var her lenge før klimaendringane. Ja, drøvtyggarar slepp ut metan og metan er ein klimagass som er verre enn CO2, men òg denne er del av eit kretsløp. Metan blir broten ned i atmosfæren til CO2, denne CO2-en er det graset tar opp i seg gjennom fotosyntesen og som kyrne et og som gjer at vi kan få mjølk.

Det er derfor jordbruket si hovudoppgåve i klimasamanheng vil vere å redusere utsleppa per produsert eining.

I Sverige har debatten om veganisme og klimagassutslepp frå landbruket vore der lenger og med ein hardare tone enn i Noreg, men få har sagt det betre enn tidlegare statsminister Göran Persson: «Ja, folk må gjerne la vere å ete kjøt om dei vel det. Men det viktigaste er at det kjøtet du et er svensk. Tru ikkje at det er kyrne som har forårsaka klimakrisa. Hugs at kyrne var her lenge før bilen og mine kyr drikk ikkje diesel, dei et grønt gras. [...] kyrne er ein føresetnad for kulturlandskapet og det biologiske mangfaldet. Jagar vi kyrne, så skyter vi oss ikkje i foten, men vi skyt oss i hovudet».

Det er derfor jordbruket si hovudoppgåve i klimasamanheng vil vere å redusere utsleppa per produsert eining. Dei gode nyheitene er at norsk landbruk allereie gjer ein god jobb og at klimafotavtrykket er lægre her enn andre stadar. Så kan vi saman gjere meir for å drive endå betre forvaltning på vegner av neste generasjon. God drenering og godt skogsbruk styrkar klimabidraget som norsk jordbruk står for. Og så kan vi stille spørsmål ved og jobbe for å finne gode alternativ til soyaimport.

Annonse

Forhandlingane mellom jordbruket og staten er den eine viktige prosessen i dette arbeidet. Den andre som og pågår no er mellom dei europeiske landa. I forhandlingane med EU om Noreg sitt klimabidrag held ein på med forhandlingar om arealbruk, arealbruksendringar og skogbruk – forkorta LULUCF (land use, land-use change and forrestry).

Det er viktig for norsk skogsbruk at Noreg er tydeleg på at vår skog og god forvaltning av den skogen bidreg positivt til klimarekneskapen og at vi får høve til å vidareutvikle denne i tråd med dei mål som stortinget har sett.

Våre nordiske naboland har som oss eit ønske om å vidareutvikle og kunne auke si avverking. Ein viktig felles jobb for oss har derfor vore å sørgje for at EU sitt regelverk tar inn over seg at ulike delar av Europa ser ulikt ut. Ein treng strengare vern i område i sør, men i nord har vi dei siste åra hogd mindre enn skogen veks.

Forhandlingane må gje rom for at vi får utvikla norsk skogbruk med dei måla som er sett – inkludert auka avverking. Bruk av tre har stort potensial for å binde meir karbon om vi nyttar meir av det i bygningsarbeid og ikkje minst dersom vi skal levere meir sunt biodrivstoff.

Vi har òg ei tredje utfordring der landbruket kjem til å spele ei nøkkelrolle i åra framover. Det er lett å flire litt av oss stortingspolitikarar som av og til får oss kjepphestar som vi rir – men nett denne kjepphesten er det fleire som treng å få!

Nyleg kom det endå ein rapport som sa verda var truga av ein «katastrofal kollaps i naturens økosystem». Kvifor? Fordi bestanden av meir enn 40 prosent av verdas insektartar fell. Ein tredel av alle insekt er utryddingstruga. Mange flirte litt då KrF i førre stortingsperiode la fram ein forslag i stortinget om ein «pollenatorstrategi», faktisk gjorde eg det sjølv. Men dess fleire av døma om kva dette betyr, dess meir stivna det smilet.

I enkelte område av Kina må ein pollinere frukttrea for hand for å få dei til å bere frukt. Biene som før gjorde denne jobben for slikk og ingenting, dei er borte. Men Kina, kom'an, tenker du kanskje? Vel, i California slit dei og med pollinering. Der må enkelte produsentar leige inn trailerar med tambier for få jobben gjort. Ok, de ha eit norsk døme? Grasprodusentar i Østfold har måtte slutte med sin produksjon etter at biene som pollinerte raudkløveren forsvann.

Sidan sist eg skreiv spalte i Nationen har KrF og Olaug Bollestad inntatt Landbruksdepartementet. Bøndene kan gjere ein stor forskjell anten det handlar om klimagassutslepp, import av palme- eller soyaolje eller at vi må ta insekta våre på alvor. Vi må ta desse utfordringane på alvor saman, om ikkje blir Persson sine ord gjeldande for breidda av samfunnsdebatten: vi skyt oss ikkje berre i foten men i hovudet.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Drøftinger om melkekvotene