Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kampen om handlevogna

Matmakta må tøylast. Fryktkulturen må vekk.

Store pengar: 200 milliarder kroner er summen me betaler for maten i år. Foto: Mariann Tvete
Store pengar: 200 milliarder kroner er summen me betaler for maten i år. Foto: Mariann Tvete

Kva slags mathandlar er du? Er du er ein småhandlar som kvar dag er innom Kiwien for å ta med ingrediensane til dagens middag? Eller er du den som tek vekeshandelen på samvirkelaget, med haug på korga for deg og dei fem andre i familien din?

Uansett: Det betyr noko for deg korleis matkjeda er organisert og kven som har makta over maten me treng. Lat oss fyrst sjå litt på kva denne matkjeda er:

Maten me kjøper har tre moglege opphav: 1. Bonden som produserer frukt, kjøtt (Her har eg sjølvsagt ikkje gløymt reindrifta) , korn, egg, mjølk, bær og grønsaker. 2. Fiskaren og oppdrettaren som fisker eller produserer fisk og anna sjømat. 3. Import, både av varer som me kan produsera i Norge og varer som me ikkje produserer her i landet.

Me har ein stor norsk industri som foredlar mat både frå jorda, fjøset og havet. Den norske næringsmiddelindustrien har kring 50 000 tilsette og er ein sentral del av norsk industri.

Til slutt hamnar maten hjå ei av dei tre store daglegvarekjedene våre: Norgesgruppen, Rema og COOP. Sluttsummen på kassalappen for dei tre kjedane er om lag 200 milliardar kroner.

Mange av oss har i lang tid vore uroa over ei utvikling der dei tre kjedane får stadig meir makt over dei andre i verdikjeda. Ein kan langt på veg seie at kjedane kontrollerer maten frå jord til bord. (eller hav til fat - sjølv om det ikkje rimer).

Eg har lyst å seie at kritikken mot kjedene ikkje handlar om dei som jobbar i butikkane eller som køyrer mat anten det er med lastebil langs vegen eller gaffeltruck på eit lager.

Det er heller ikkje sånn at eg har lyst å sparke laus på Reitan-familien som eig Rema eller Johannson-familien som eig Norgesgruppen. Dei har vore dyktige – men me som samfunn kan rett og slett ikkje tolerere at to familiar bestemmer så mykje over noko som er så viktig for samfunnet som maten. Difor må me setje inn ein innsats for å regulera og styre daglegvaremarknaden.

Annonse

Eit slikt arbeid vart sett i gang av Senterpartiet då me sat med landbruksministeren i Stoltenberg-regjeringa. Etter at FrP, H, V og KrF overtok fleirtalet i 2013 var det bom stopp for det arbeidet.

Etter mange rundar med press innsåg regjeringspartia at noko måtte gjerast og me fekk fleirtal for ein lov om god handelsskikk. Det var eit viktig fyrste steg.

I førre veke tok Stortinget nok eit steg for å spreie matmakta. Næringskomiteen gjorde ferdig si innstilling om daglegvaremeldinga. Sjølv om det ikkje berre vart gull så fekk me i Senterpartiet på plass mange viktige saker. Nokre fleirtal saman med regjeringa og andre saman med FrP og AP. I tillegg har me ei rekke forslag der Sp, Ap og Sv står saman – det er viktig å ha noko å jobbe vidare med om me vinn valet i haust.

Det er mange, og til dels tekniske, sider ved denne saka, som eg ikkje skal trøytte dykk med. Men me fekk på plass vedtak som vil bety noko og som vil styrke leverandørar og produsentar i møte med kjedene. Eg trur det er godt nytt både for forbrukarar og bønder.

Det mest oppsiktsvekkande for min del i arbeidet med denne meldinga er den fryktkulturen som er i bransjen. Eg har møtt folk som er redde for å prate om kva dei har opplevd i møte med kjedene. Dette er ikkje noko eg finn på. Heile komiteen er samd i dette. Det er ikkje mindre enn oppsiktsvekkande at komiteen samla skriv:

«Komiteen har også erfart en bransje der det er vanskelig å få folk til å snakke om forholdene i verdikjeden og der det er mye frykt og usikkerhet mellom aktørene.»

"Eg har møtt folk som er redde for å prate om kva dei har opplevd i møte med kjedene."

Dette er rett og slett melding hjem om nedsatt i orden og oppførsel. Det bør bransjen ta på største alvor.

Eit døme på at kjedane si makt med eit pennestrok kan setje til side landbrukspolitikken og fakta var då kjedane bestemte seg for å gå bort frå egg frå miljøinnredning og over til kun egg frå frittgåande høner. Dette skjedde til trass for at det ikkje hadde forankring korkje i landbrukspolitikken eller i dyrevelferd. Det skjedde fordi kjedene hadde bestemt seg for det. Taparane var bønder og leverandører som har halde seg til fakta og politikk.

Kjedemakta må tøylast. Det er best både for forbrukarane, bøndene, fiskarane, dei tilsette i Kiwi og andre kjeder, slaktarar og eigentleg alle andre. Eg trur til og med familiane Johannson og Reitan bør vera glade for at me tek frå dei ein del av makta. Det er i ferd med å bli ei bør dei er i ferd med å misse kontrollen med.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Strømkostnadene – mye større enn strømregningen for desember