Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kampen om det grøne

Det er to ting i samfunnet som har ein lei tendens til å skli ut. Det fyrste er ungdomsfestar. Det andre er klimadebatten.

Miljørørsla heier i for liten grad på ein aktiv skogpolitikk som ein viktig del av klimapolitikken, skriv Geir Pollestad (Sp). Foto: Siri Juell Rasmussen
Miljørørsla heier i for liten grad på ein aktiv skogpolitikk som ein viktig del av klimapolitikken, skriv Geir Pollestad (Sp). Foto: Siri Juell Rasmussen

Eg kjem i dette innlegget til å konsentrere meg om klimadebatten og kva argument som vert brukt i denne.

Det er mange som har ein interesse av å stimulere til ein klimadebatt i Senterpartiet. Mange av desse er ikkje ei gong særleg glad i partiet. Eg meiner at me ikkje skal la oss stresse av dette. Då me har ei unik tilnærming til klima og miljø som eg trur særs mange er samde med oss i.

For det fyrste at klimatiltak må ha effekt og denne må stå i samsvar med konsekvens tiltaket har. Det er målt mot dette prinsippet at debatten om nokre øre opp eller ned på drivstoffprisen sporar av som skilje mellom dei som er for og dei som er i mot klimatiltak.

Norge har høge avgifter på drivstoff. Ein tiøring eller femtiøring opp eller ned vil ha minimal innverknad på utsleppa eller overgangen til elektriske køyretøy. Dei som vil merke ein slik auke er dei som har dårleg råd. Det er heilt bak mål å sette skilje mellom klimatruande og vantru ut frå dette.

For det andre så vert det ikkje mindre klimagassutslepp av at Norge kutter sin produksjon av olje og gass. Klimatiltak handlar om å redusera etterspurnaden etter fossile brensler. I 10 år har den globale etterspurnaden etter olje og gass auka. Berre i fyrste kvartal i 2020 har det vore ein dupp. Me kan ikkje basera klimapolitikken på pandemi, «lockdown» og massearbeidsløyse. Det er heller ikkje godt for klimaet at me flyttar produksjon frå Noreg til land som Venezuela eller Saudi-Arabia.

Det vert i debatten om Senterpartiet og klima gjort forsøk på å skape ei slags historie om at tilhøva var særleg grøne i Olje- og energidepartementet då Åslaug Haga og Terje Riis-Johansen styrte butikken. Det er rett at dei begge to hadde eit stort engasjement for fornybar energi, men at det skal ha vore ein oljepolitikk noko annleis enn før og etter dei er eg sterkt tvilande til.

Annonse

Eg trur at om ein berre ser på politikken og vedtaka så var den politiske lina nokså konsistent frå dei fire statsrådane Sp hadde i det departementet. Det gjeld både for fornybar energi og for olje- og gasspolitikken. Og ein har ikkje noko å skjemts av.

Eg meiner vidare at miljørørsla i for liten grad heier på ein aktiv skogpolitikk som ein viktig del av klimapolitikken. Ein vernebasert skogspolitikk er etter mitt syn dårleg klimapolitikk. Eg meiner at det å ikkje gå inn for ein aktiv skogpolitikk er å svikta klimaet. Kor ofte høyrer ein at halvparten av dei norske utsleppa blir bundne av den norske skogen? Alt for sjeldan.

Eg opplever at det stadig vert fleire nyradikaliserte i klimapolitikken. Dette er særleg utbreitt blant grupper av folk som lever i by og som lever av overføringar frå fellesskapet (eller oljepengar som det òg kan kallast). Og der lønna tikker inn på kontoen utan omsyn i svingingar i marknaden og andre endringar i samfunnet.

Nationens kommentator Hilde Lysengen Havro er eit døme på dette. Med jamne mellomrom kjem Havro med velfødde angrep på olje- og gassnæringa utan å nokon gong svare på kva konsekvensen for klimaet av å kutta norsk oljeproduksjon. Det verkar som klima handlar meir om eige samvit enn av løysingar.

Når ein ytrar seg om klima vert ein nokså raskt skulda for å bygga stråmenn. «Å setja opp ein stråmann» vil seie at ein seier eit argument eller påstand som ein hevdar at nokon har sett fram, for så å argumentera mot dette. Det å slenge fram påstandar om stråmenn skaper stor entusiasme på Twitter og i klimafrukostar i hovudstaden. Ingen av plassane er det særleg mykje rom for sunt bondevit.

Ei av sakene som opptek meg mest er klimasaka. Eg meiner både det er naudsynt å redusera utsleppa av klimagassar og eg trur det er naudsynt å redusera forbruket vårt av ressursar. Det er berre så sørgjeleg å måtte kjempa kampen saman med folk som har så mykje rare meiningar og så mange fjerne løysingar.

Det er heilt naudsynt å stå fram med Senterpartiet som eit klart og tydeleg klimaparti. Det gjer me ikkje med å kopiera politikken til SV eller MDG. Det gjer me med å utvikla og stå på for Senterpartipolitikk. Då er minimumskravet at klimapolitikken har effekt og at den ikkje berre sender rekninga for politikken til dei med minst eller til folk i distrikta.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Vi er på lag for klimaet