Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ikea sine kjøttbullar

I dag må me snakke om kjøttbollar. Ikea sine kjøttbollar.

Ut med kjøttet: Dei populære kjøttbollane til Ikea skal bli plantebaserte. Foto: Mostphotos
Ut med kjøttet: Dei populære kjøttbollane til Ikea skal bli plantebaserte. Foto: Mostphotos

I korte trekk: Ikea sine kjøttbollar er populære. No vil dei bytte ut kjøttbollane sine med bollar basert på ulike planteprodukt. Ikea køyrer denne bodskapen tungt ut i reklamekampanjar berre eit gigantisk firma kan få til.

Eg merkar i mitt personlege kosthald ikkje noko til at bedrifta no fasar ut kjøttbollane. Difor skal eg ikkje kaste meg på Bård Hoksrud sitt hylekor om kva kjøttbolle-kuttet betyr for han. Hoksrud seier til Dagbladet at kjøttbollane er sjølve høgdepunktet når han besøker Ikea.

Eg har det litt annleis: For det fyrste så føretrekker eg den litt større slektningen til kjøttbollen, nemleg kjøttkaka. Eg skal vera så ærleg å seie at eg med godt samvit legg både tre og fire kjøttkaker på tallerkenen. For det andre så er høgdepunktet for mine Ikea-besøk varene er funnet og betalt og me kjem oss ut av varehuset og inn i bilen.

Kvifor er det grunn til å åtvare mot Ikea og andre bedrifter sitt kjøttkutt? Mange store bedrifter har enorme utslepp som nye krav til klima og miljø gjer at dei må ta eit oppgjer med. For å flytte merksemda vekk frå utsleppa til kjerneverksemda så er det ein god ide å fremje utsleppskutt på deler av verksemda som ikkje går ut over bedrifta sjølv. Kjøttfrie kantiner og plantebaserte bollar er døme på dette. Mange bedrifter er tente med å flytta fokuset på utslepp frå fabrikkpipene og over til lunsjbordet.

For å ikkje gjera dette til eit åtak på dei som handlar eller jobbar på Ikea: Ikea er ei bedrift som mange liker å handle hos. Dei har mykje bra varer og nokså rimelege prisar. Dei har flinke tilsette og er ein viktig arbeidsplass. Men dei står for enorme utslepp av klimagassar.

Fyrst nokre tall: Ikea hadde i 2016 eit globalt utslepp på 25 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Det er om lag halvparten av det me slepp ut i Noreg. Dei sel 1 milliard kjøttbollar. Mat utgjer om lag 3 prosent av Ikeas utslepp. Om 20 prosent av kjøttbollane vert bytta ut med «ertebollar» vil det samla gje ein reduksjon i utsleppa på 60 tusen tonn av eit samla utslepp på 25 millionar tonn.

Og eg skal ikkje eingong trøytte oppegåande lesarar med at kjøttbollane er ein del av eit biologisk kretslaup i motsetnad til mykje av dei andre utsleppa frå Ikea som kjem av brenning av fossile energikjelder.

Ikea er superdyktige kjøpmenn. Eg vil tru at dei fleste meiner at Ikea har rimelege varer, men det er sjeldan ein står i kassen og opplever at summen er låg. Det kjem truleg av at varer ein ikkje visste ein trengde har hamna oppi korga, og at mange varer har heilt ordinære prisar.

Annonse

Ikea hadde i 2016 eit globalt utslepp på 25 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Det er om lag halvparten av det me slepp ut i Noreg.

I denne augeblinken av tvil om dette var billeg så oppdagar du kafeen ved utgangen som byr på pølser i brød til ein tikroning og veganske pølser for åtte kroner. Då er du ikkje i tvil: Ikea er billeg. På same måte som dei vil me skal tenke når me ser veganske pølser og kjøttbollar: Ikea er berekraftig.

Ikea vel seg ut maten og kjøttet som den store syndebukken – og køyrer tung marknadsføring på det.

Det er minst tre store taparar med ein slik strategi: 1. Klimaet. Fokuset vert ikkje på hovudutsleppa knytt til bruk av fossil energi. 2. Bonden. Norske bønder vil ha vanskar med å produsera ingrediensane til ertebollar. Det er rett og slett ikkje klima for det. 3. Landskapet. Veganisme vil gjera at Noreg gror att.

Sjølv om eg veit at Ikea satsar på berekraft på mange område, registrerer eg at dei vel å fronta kjøtt. Dei har ikkje kampanjar for å få redusert salet av billege produkt i plast og bomull som dei sel enorme mengder av.

Eg meiner det er bra at Ikea vil gjera noko for berekrafta. Eg vil difor råde dykk til å gjera tre ting:

- Merke alle varer tydeleg med kva CO2 utslepp dei har.

- Oppmod kundane til å tenke seg om før dei betalar om dei verkeleg treng alt dei har lagt i korga. Ha angrekasser ved kassen.

- La kjøttbollane få vera i fred for marknadsavdelinga. La kundane få velja om dei vil ha kjøtt eller ikkje.

Me må ta denne kampen no. Kjøttet er i ferd med å bli klimakampens store symbolsak og særleg for dei næringsaktørane som ikkje har råd til å redusera bruken av olje, gass og kol. Sjå på oss, seier dei, me kuttar kjøttforbruket. Dei andre utsleppa er ikkje så farlege.

Det er etter mitt syn farleg.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hvordan de rike ødelegger planeten