Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eit tilbakeblikk

Det har vore nokre spanande år med hard politisk strid om bondens vilkår. Det er nye kostar i næringskomiteen, men eg er glad for at den framleis er styrt av Senterpartiet.

Her frå ein spørjetime på Stortinget då Geir Pollestad var i næringskomiteen og Olaug Bollestad var mat- og landbruksminister. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Her frå ein spørjetime på Stortinget då Geir Pollestad var i næringskomiteen og Olaug Bollestad var mat- og landbruksminister. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Eg har sidan 2014 fått lov å vera leiar av Stortinget sin næringskomité. Det er komiteen som handsamar alle saker som gjeld fisk, landbruk og generell næringspolitikk.

Den politiske situasjonen har vore spesiell: H, Frp, KrF og V har hatt fleirtal. Opposisjonen har vore aktiv. Fleirtalskonstellasjon har vore svak og sprikande. Dette har i sum gitt eit betydeleg rom for å driva politikk. Eg skal sjå litt tilbake på nokre viktige augeblink for landbruket i komiteen.

Det var vondt den fyrste tida då Sylvi Listhaug (Frp) var landbruksminister. Det var som om det var å riva ned mest mogleg på kortast mogleg tid. Frontane var steile og orda harde. Det er for meg eit mysterium korleis Kristeleg Folkeparti kunne vera med på dette køyret. Og så gjekk det skikkeleg gale då dei fire partia skulle mekke jordbruksoppgjer i Stortinget i 2014.

Ein slit framleis med konsekvensane av det som skjedde den våren.

Eg huskar godt det massive oppmøtet av bønder framfor Stortinget for å demonstrera. Statsråd Listhaug drøymte nok om pipekonsert, buing og andre negative uttrykk både i verbal form og i tomat- eller eggform. Under heile Listhaug si tale var det heilt stille. Då ho var ferdig kunne ein høyre lyden av stilla frå tusenvis av bønder. Det var sterkt – og då ho kom ned frå scena såg eg det vrei seg i ansiktet hennar.

Landbruket hadde vist musklar og vunne.

Venstre og KrF hadde i langt tid prøvd å få med H og Frp på å ta ned jordvernmålet frå 6000 dekar årleg. Det lukkast dei ikkje med. Då tok me initiativ til lage eit kompromiss mellom alle partia. H og Frp var forhandla i senk og ein landa på 4000 dekar.

Før jul 2016 la den dåverande landbruksministeren Jon Georg Dale (Frp) fram ei sak om pelsdyrnæringa. Det gjekk raskt unna og eit solid fleirtal på Stortinget gjekk inn for ei berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa i januar 2017.

Annonse

"Det er nye kostar i næringskomiteen, men eg er glad for at den framleis er styrt av Senterpartiet."

Tilbakeblikk

Same vår la landbruksministeren fram ei ny landbruksmelding. Eg kommenterte den med at med fyrste gongs lesing så såg det ikkje så gale ut, men etter å ha sett på detaljane meinte eg det var best å setja 18 års aldersgrense på meldinga. Dette var skumle saker.

Det var ein lang og seig prosess i komiteen. Det enda på punkt etter punkt med ei anna konklusjon enn det Dale og regjeringa ville. Dagen før komiteen skulle gjera seg ferdig med innstillinga så ringte Frp sin Morten Ørsal Johansen og sa at statsråden og regjeringa hadde sett ned foten. I nokre veker lata dei som det var harde forhandlingar før dei enda med om lag akkurat det same som før statsråden drog i naudbremsa.

Eg trur aldri nokon statsråd har opplevd at ei stortingsmelding er blitt så snudd på hovudet under handsaminga i Stortinget. Det viktigaste grepet til Dale var at hovudmålet med politikken skulle være «kostnadseffektiv matproduksjon». Det sa rett og slett fleirtalet at ikkje var aktuelt. Det var ein hardt råka og prega statsråd som deltok i debatten i Stortinget om meldinga. Eit godt minne.

Eit av dei viktigaste slaga var kampen om tollvernet. Høgre sin Svein Flåtten lova at dei skulle reversere den såkalla ostetollen før dei hengte av seg frakken på kontoret. Det vart nokre lange og ikkje minst varme år for Flåtten og Høgre. Då dei gjekk ut av regjeringa etter åtte år hadde han framleis frakken på.

Eg har ikkje tenkt å seie så mykje om perioden då Bård Hoksrud (Frp) var landbruksminister, men eg tek det med så du ikkje gløymer det.

Då Frp, H og V vart samde om å avvikle pelsdyrnæringa var eit botnpunkt for regjeringa Solberg. Dette har eg skreve om mange gonger før, så eg skal ikkje gå inn i realitetane utover å slå fast at dei ikkje greidde å betale for seg før regjeringa gjekk av.

Då er me komne til tida då Olaug Bollestad tok over. Ho og KrF var så stolte av regjeringserklæringa sitt landbrukskapittel. Det var omfattande og stort sett ei skildring av den norske landbruksmodellen. Med Bollestad i regjering kom det ikkje så mange nye, tunge saker å ta fatt i. Problemet som vil stå igjen etter Bollestad er fråværet av handling.

Jordbruksoppgjeret i år enda med brot. Pelsdyrsaka fann ikkje si løysing. Tilleggsforhandlingane vart berre lagde vekk. Gjødselforskriften vart utsett. Det verka på meg som om Bollestad såg eit regjeringsskifte som ein mogleg måte å løysa desse sakene.

Det har vore nokre spanande år med hard politisk strid om bondens vilkår. Det er nye kostar i næringskomiteen, men eg er glad for at den framleis er styrt av Senterpartiet.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Folkets røst