Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eit statleg lakseran

No skal eg fortelle historia om ein kamp om milliardar av kroner. Ein kamp mellom kystkommunar frå Finnmark til Agder på den eine sida og Finansdepartement frå Akersgata til Karl Johan på den andre sida.

Eg er glad for at stadig fleire kystkommunar etter kvart blir klar over det ranet dei er i ferd med å utsetjast for, skriv Geir Pollestad (Sp). Foto: Mostphotos
Eg er glad for at stadig fleire kystkommunar etter kvart blir klar over det ranet dei er i ferd med å utsetjast for, skriv Geir Pollestad (Sp). Foto: Mostphotos

Noreg sigra den gonga då naturressursane blei delt ut. Me fekk elver og fossar. Me fekk olje og gass. Me fekk verdas beste føresetnader til å produsera laks. Verda vil ha norsk laks og det har skapt store verdiar både for samfunnet og for mange lakseoppdrettarar.

Laksenæringa er vaksen fram på skuldrene til bønder, bygder og folk med vilje til å ta risiko. Mykje har skjedd i næringa og i dei seinare åra har lønnsemda vore god. Særs god. Så vil ikkje eg gjera eit poeng ut av at det er folk utanfor Frogner, Bærum og Asker som er milliardærarar.

Det Sp og eg i lang tid har vore opptekne av er at kommunane som stiller areal til disposisjon for næringa må sitje att med ein større del av kaka.

Det er fleire måtar fellesskapet kan få og får inntekt frå laksenæringa på. For det første så betaler dei som alle andre skatt av overskotet sitt. For det andre så betalar dei for å få løyve til å produsera laks. For det tredje så kan ein sjå føre seg at dei på ein eller anna måte bidreg økonomisk til kommunen der verksemda held til. Det siste kan ein kalle for arealavgift eller produksjonsavgift.

Laksenæringa er vaksen fram på skuldrene til bønder, bygder og folk med vilje til å ta risiko.

I 2015 var det harde tak då næringskomiteen drøfta kor stor del av inntektene frå oppdrettsnæringa kommunane skulle ha. Det var då ikkje mogleg å få fleirtal for ei areal- eller produksjonsavgift, men det var eit fleirtal for at kommunane skulle få ein større del av inntektene ved sal av nye konsesjonar.

Til slutt enda forhandlingane på at kommunane skulle få 70 prosent, fylka 10 prosent og staten 20 prosent. Pengane skulle fordelast via eit havbruksfond og utbetalinga på den enkelte kommune og fylke skulle, noko forenkla sagt, skje ut frå kor mykje oppdrett den enkelte kommune har.

Eg meinte at dette var gode greier, men hadde ei sterk kjensle om at det ville komme eit forsøk på omkamp frå statleg hald. Siv og Erna kunne ikkje over tid godta at kommunane stakk av med ein så stor del av pengane. Her fekk eg heilt rett.

Frp-leiar og dåverande finansminister Siv Jensen satte i gang ein prosess med å innføre grunnrenteskatt. Ein statleg ekstraskatt på ei distriktsnæring. Ho forankra dette i Stortinget og sette i gang ei utgreiing. Senterpartiet var åleine i vår protest mot utgreiinga. Den kom og konkluderte med at det burde innførast grunnrenteskatt på lakseoppdrett.

Annonse

Sp var sterkt mot å innføra grunnrenteskatt, men me hadde i lang tid ynskt at laksenæringa skal betale eit bidrag til kommunane der dei driv oppdrett. Sånn sett så var det grunn til glede då regjeringa i revidert statsbudsjett gjorde kjent at det frå 2021 skal innførast ei produksjonsavgift som vil gi rundt 500 millionar kroner årleg frå 2022 til kommunane.

Me har lang erfaring med regjeringa Solberg. Me leita difor etter om det stod noko med lita skrift før me jubla. Det gjorde det definitivt. Regjeringa legg opp til å stela milliardar av kroner frå kystkommunane.

Med den gjeldande modellen for fordeling av inntekt frå sal av nye løyve så får kommunane 80 prosent og staten 20 prosent. Frå 2022 skal dette endrast etter regjeringa sin plan endrast til 25 prosent til kommunane og 75 prosent til staten. Det er med andre ord snakk om særs mange milliardar kroner i åra framover. Staten gjer opp for seg med produksjonsavgift betalt av næringa.

Det verkelege ranet skjer likevel i åra 2020 og 2021. I år er det venta inntekter på nye produksjonsløyve på meir enn 5 milliardar kroner. Etter ei fordeling med 80 prosent til kommunane er kommunane sin del 4 milliardar kroner. Regjeringa si løysing er å berre setje til side dette. Som ei trøyst får kommunane 1 milliard kroner. Eit ran på 3 milliardar kroner. Det er pengar det og.

Eg er glad for at stadig fleire kystkommunar etter kvart blir klar over det ranet dei er i ferd med å utsetjast for.

Eg meiner det same fleirtalet som i si tid stod bak havbruksfondet på Stortinget no bør setja seg ned og drøfta framtida til fordelinga av laksepengar mellom kommunar og stat.

Eg kan alt no skissere ei løysing: For det fyrste så held ein seg i 2020 og 2021 til gjeldane vedtak om kommunane skal ha 80 prosent av inntektene. For det andre så vert produksjonsavgifta innført med eit nivå på om lag 500 millionar kroner årleg frå 2022. For det tredje så vert inntekter for sal nye produksjonsløyve fordelt med 60 prosent til kommunane, 10 prosent til fylkeskommunane og 30 prosent til staten. For det fjerde så må det lagast ei løysing som sikrar at dersom inntektene einskilde år vert særleg høge så skal dei setjast av til seinare år.

Då står det berre att for meg å få med Senterpartiet på dette, og så etterpå få med eit fleirtal av partia på Stortinget. Det fyrste trur eg skal gå – det siste krev nok ein del jobb.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Når ytringsfrihet blir kalt for sutring