Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ein god start for Kjell Ingolf Ropstad

Kjell Ingolf Ropstad har fått ein tøff jobb. Jobben er tøff fordi han skal leie eit parti som har ein tøff jobb framfor seg. Landsmøtet vårt i helga viste potensial både for vår nye leiar og for rørsla.

Samla partiet: KrF er ikkje eit parti delt på midten, skriv Tore Storehaug. Under landsmøtet i helga vart Kjell Ingolf Ropstad vald til ny leiar. Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

KrF sine ordinære landsmøte er ikkje like sensasjonelle som dei ekstraordinære – heldigvis. Tenk dykk overskriftene om det ordinære hadde vore like sensasjonelt og det hadde blitt kombinert med SAS-streiken i helga; «vi følger de blå- og røde delegatenes reiseruter minutt for minutt». Det er ikkje nivået av sensasjon som avgjer kor viktig noko er – og det er komme mykje godt og viktig arbeid ut av den store dugnaden som blir kalla landsmøte også denne gongen.

For det fyrste blir det tydeleg at KrF ikkje er eit parti delt på midten. Det var ikkje eit ekko av preferansane frå debatten om kva for regjeringsalternativ vi burde gå for, som prega dette landsmøtet i Stavanger. Vi diskuterer alt, ut frå eit felles verdigrunnlag.

Ein stor diskusjon på landsmøtet var mellom dei som er mest utolmodige på klima og som meiner vi må bidra med meir lønsam fornybar kraft til verda, og dei som meiner tradisjonelle naturvernsaker og lokal medverknad bør vege tyngre i vindkraftdiskusjonen. Nokre seier at foreldra sjølve må rå over meir foreldrepermisjon, andre meiner foreldra bør rå over all foreldrepermisjon.

Pressa prøvde hardt å forenkle dei mange konfliktlinjene til ei stor. Eg må innrømme at eg humra litt då nyheitssaka med «valdrama i KrF» kom etter sentralstyrevalet. Bjørkhaug frå Trøndelag blei utfordra av Frisvoll frå Møre og Romsdal. Media meinte dei endeleg hadde funne saka som viste raudt mot blått i KrF – så då oversåg dei t.d. det faktum at Frisvoll er klubbleiar i LO. Ein oversåg at benkeforslaget frå Møre og Romsdal er ein tradisjon som skjer på dei fleste KrF-landsmøte. Og ein oversåg at begge dei to blir fast møtande i KrF sitt sentralstyre, for Frisvoll blei valt til møtande varaplass.

Likevel var det éin ting som ikkje er ein årleg tradisjon på KrF sine landsmøte, og det er at vi valde ny partileiar. Å vere leiar av KrF er ein krevjande post. Det var ein krevjande post då meiningsmålingane viste 3-talet for eitt år sidan, og det er ein krevjande post når utgangspunktet er det same denne gongen. Heldigvis er vi i KrF privilegerte med gode leiaremne.

«Adressa» skreiv på tysdag frå eit møte der den sindige nye KrF-leiaren innleia for trønderske næringstoppar. Sa nokon krevjande utgangspunkt? Sindig sørlending frå partiet som har prioritert auka støtte til verdas fattige og mjuke saker, og trønderar som jobbar til dagleg med verdiskaping. Likevel trefte Kjell Ingolf ein nerve; «Hvor usannsynleg det enn framsto i forkant, var det som Ropstad kom til sine egne: … det var ingenting å si på responsen».

Annonse

Kjell Ingolf sin tale til landsmøte i helga vitna om det same. Vi som kjenner han frå KrFU kunne nikke attkjennande når han snakka om at vi treng eit parti som har «større draumar enn billig bensin». Talen hadde ein tydeleg brodd mot både krefter på høgre- og venstresida som vil detaljstyre familiane sin kvardag, samt dei kreftene som med vilje gløymer at grunnlaget for det norske samfunnet kjem frå ein kristen kulturarv.

I tillegg til dette var talen sterk på å knyte verdiskaping til desse verdiane. Kjell Ingolf fortalde om Bloms fiskeoppdrett i Øygarden som har 60 tilsette. Oppretta i 1971, og har fleire gangar fått tilbod om å selje verksemda både til norske og utanlandske investorar. Dei har takka tvert nei.

Kvifor skulle ein hardtarbeidande familiefar takke nei til store pengesummar? Svaret hans var enkelt: «Kva skal eg med dei pengane? Telle dei? Nei, eg søv berre i ei seng. Eg bur berre i eitt hus og eg et meg berre mett. Eg vil ikkje sitte i banken og telje pengar, eg vil skape noko. Verdiar. Arbeidsplassar. Bidra i lokalsamfunnet.» 99 prosent av alle verksemder i Noreg har under 100 tilsette. Nesten halvparten av tilsette i privat sektor jobbar i ei lita eller mellomstor bedrift. Dei står for halvparten av den årlege verdiskapinga i landet. Dei fleste av dei er familiebedrifter. Kjell Ingolf slo fast at KrF er familiepartiet, og i tillegg skal vi vere familiebedriftspartiet.

Det finst eit rom for KrF. Partiet sitt kristendemokratiske samfunnssyn skil seg både frå liberalismen og sosialismen. Om du ikkje trur meg, sjå til aust. Vårt svenske søsterparti ligg no stødig over ti prosent på meiningsmålingane. Før valet var utgangspunktet det same som KrF har no.

Avundsjuke politiske motstandarar har prøvd å seie at dette eine og åleine handlar om Ebba Bush Thor sin karisma. Det stemmer ikkje. Svenske Kristdemokraterna har vore tydelege og tora å ta tøffe debattar som slår både mot sosialistar og liberalistar. Seinast i EU-valkampen som blir dominert av kritikk mot KD sitt slagord «Make EU lagom igen». Men bodskapen om eit «meir passe» EU går heim og KD går fram på meiningsmålingane.

Vi treng eit europeisk samarbeid, men det må vere sterkt på det som er felles utfordringar – som klima og tryggleik, og ikkje på arbeidsliv eller foreldrepermisjon. KrF treng ikkje og skal ikkje kopiere søsterparti sin politikk, men vi skal la oss inspirere. Utgangspunktet til KD var tøft før dei fekk den oppturen dei har no, og deira respons var å vere tøffe tilbake.

Ting endrar seg fort også i norsk politikk. Rekn ikkje ut KrF.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Lokalpolitikk er ikkje annanrangs i NRK