Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ein god barndom løner seg

Nyleg la Redd barna fram ein rapport der Noreg blei rangert som verdas tredje beste land for born.

Barndom: Det som skjer i familien og barnehagen i dei første åra av livet til eit barn er endå viktigare enn kva som skjer i tolv års skulegang. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix

Dessverre slår óg dei same trendane som viser seg elles i samfunnet ekstra hardt for barnefamiliane. Det ser vi i at forskjellane mellom dei som har mest og dei som har minst har auka jevnt og trutt dei siste tiåra. Vi ser det og gjennom det mange kallar «genrasjon prestasjon». Mange unge opplever, trass i betre skuleresultat, mindre kriminalitet og betre forhold til foreldrene enn føregåande generasjonar, meir stress. Fleire får psykiske vanskar og fleire slit med å vite kva som er godt nok i eit samfunn der vi heile tida blir fortalt at alt er mogeleg.

«Ein god barndom varer livet ut» seiest det. Eg er ganske sikker på at det er fleire enn KrF som har nytta det slagordet. Og det er meir enn eit slagord – det får støtte frå nyare hjerneforsking.

Dei første leveåra er avgjerande for eit menneske. Då blir meir enn 1 million nye nervecellesamband i hjernen skapt kvart sekund. Desse sambanda formar utviklinga av arkitekturen i hjernen, som legg grunnlaget for all framtidig læring, åtferd og helse.

Omsorgsfulle relasjonar med trygge og deltakande vaksne er essensielt for ei sunn utvikling av hjernen til barnet. For dei aller fleste er foreldra barna sine første og viktigaste trygge omsorgspersonar, samt barnehagetilsette og andre vaksne. Omsorg og tryggleik desse åra tar ein med seg heile livet ut.

På same måte er det og med det som ikkje er like godt. Vedvarande høgt stress og utryggleik i oppveksten kan gi irreversible, negative konsekvensar for den mentale utviklinga til barn. Forsking viser at allereie når barnet er seks år kan ein anslå skilnader i skuleresultat 10 år seinare. Med andre ord, det som skjer i familien og barnehagen i dei første åra av livet til eit barn er endå viktigare enn kva som skjer i tolv års skulegang. Allereie under svangerskapet kan utviklinga til barn og evna til læring seinare i livet blir påverka negativt, til dømes viss mor opplever sterkt, vedvarande stress frå ein valdeleg partnar.

Annonse

I Harvard-professor Robert Putnam si bok om skilnadar i USA, er han opptatt av nettopp familien. Han understrekar at barn som opplever noko så enkelt som at foreldra jamleg et middag med dei, eller som ofte les med dei, gjer det langt betre på skulen.

Samfunnet bør og skal auke støtta til familiane.

Alt dette stadfestar at politikk som stør opp om samlivet til foreldra og foreldreskap og som gir rom for at foreldre kan ha tid med barna sine, er eit stort gode for samfunnet. Det er behov for høg vaksentettleik og nok kvalifisert personell i barnehagane. Barnetrygda er særleg viktig for familiar med låg eller vanleg inntekt for kjøp av mat, klede og utstyr. Helsestasjonane treng meir ressursar, ikkje minst for å kunna hjelpa familiar i faresona for vald, overgrep og andre faktorar som er skadelege for barna.

Får vi til dømes eit samfunn som berre er lagt opp på premissane til arbeidslivet på rekning av familiane, taper vi alle, fordi vi risikerer at barnet mistar viktig kontakt med dei næraste omsorgspersonane sine. Familievernet treng tilstrekkelege ressursar for å bidra til at fleire samlivskonfliktar og -brot kan unngåast, noko som kan ha store positive konsekvensar for barna og storsamfunnet.

I ei tid der mykje av samfunnsdebatten handlar om korleis vi skal finansiere dei store byutviklingspgrogramma våre treng vi å heve blikket. Ja, det må finnast ordningar som sikrar at ikkje desse råkar enkeltfamiliar unødvendig hardt. Likevel bør vi minne oss sjølve på kor viktig ein god barndom er for alt som skjer seinare i livet. Samfunnet bør og skal auke støtta til familiane – og vi må hugse at det å støtte er noko anna enn det å styre.

I stortingsmeldinga om «Muligheter for alle: Stortingsmelding om fordeling og sosial bærekraft» blir det slått fast at arbeidskrafta er den viktigaste ressursen vår i samfunnsøkonomisk forstand. Arbeidskrafta, eller noverdien av den framtidige arbeidsinnsatsen til nordmenn, står for 75 prosent av Noregs nasjonalformue.

Når vi veit det vi veit om kva ein god barndom betyr, og vi veit at fødselsraten har gått frå 1,98 i 2009 til 1,62 i fjor har vi ikkje råd til å ignorere dette. Difor set KrF borna fyrst, og meiner investering i familiane er det beste vi kan gjere.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Genredigering av storfe