Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ein annleis sommar

Fellesferien vart annleis og gir viktige lærdommar til hausten.

Det er ikkje berre naturlandskapa vi er på jakt etter i fjellheimen eller fjordane langs kysten. Framfor alt er det som gjer inntrykk måten folk og fe har forma denne naturen, skriv Tore Storehaug. Her frå Dvergsøya utenfor Kristiansand. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Det er ikkje berre naturlandskapa vi er på jakt etter i fjellheimen eller fjordane langs kysten. Framfor alt er det som gjer inntrykk måten folk og fe har forma denne naturen, skriv Tore Storehaug. Her frå Dvergsøya utenfor Kristiansand. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Denne fellesferien vart annleis på mange måtar. Vi har alle måtte feriere i heimlandet, fleire i bil og fleire med besøk til familie i andre landsdelar. For enkelte har nok det vore trasig å måtte kanselere ein planlagt tur, men framfor alt har det her gitt muligheit til å ta ein annleis sommar.

Denne sommaren blir ein sommar vi kjem til å hugse, nettopp fordi han har vore annleis enn før. Det eg kjem til å hugse best er gliset til slektningane frå Oslo då dei kunne dra stor torsk og lange over ripa på båten. Det er eigentleg underleg kor mykje meir fisk vi fekk når vi sette egna snøre i fjorden heime. Kanskje mangelen på tyske agnfiskarar har gitt fisken litt meir ro i sommar?

Det er freistande å tru at det er fin, gjerne spektakulær, natur opplevd på eigne bein som har vore det viktigaste ferieminnet for mange. Eg trur det er feil på eit punkt. Eg trur ikke vi hadde sett like stor pris på den særeigne norske naturen om det ikkje var for den særeigne norske kulturen.

Når kvardagen kjem bør vi hegne om det som gjer oss kry og sørge for at vi tar vare på det mangfaldet vi har.

Det er ikkje berre naturlandskapa vi er på jakt etter i fjellheimen eller fjordane langs kysten. Framfor alt er det som gjer inntrykk måten folk og fe har forma denne naturen. Geiter på beite som lagar kø av bubilar og stasjonsvogner på E39 tar knock out på grøne tunellar, for å skrive det på god nynorsk.

Eller, alle dei små hjørnesteinsbedriftene, matstadane og butikkane som ikkje er akkurat som andre. Mangfaldet og dei særskilde historiene kjem av den mellomstore knivfabrikken som halt det gåande gjennom oppturar og nedturar, dei talentfulle kokkane som flytta ut av byen og heim til bygda og starta gourmetbutikk og alle dei som nyttar naturen til å lage eit levebrød for seg og familien. Eit Noreg utan beitelandskap og fiskevær er eit anna land.

Her ligg det ein lærdom vi må ta oss på minne når vi skal ut av koronakrisa.

Annonse

Det er ikkje berre det å ha nok matrielle goder som skapar gode lokalsamfunn. Det er ikkje berre det å kunne konsumere meir som skapar verdi. Og det er ikkje alltid slik at prisen er det som verkeleg røper kor verdfult noko eigentleg er.

Då eg var stortingskandidat for nokre år sidan inviterte eg meg freiding nok til ein lokal bedriftseigar. Bedrifta han leia var nok ikkje den mest lønnsame i distriktet, men ho hadde halt det gåande som ei familiebedrift og sikra arbeid til mange. Han stilte meg eit spørsmål som eg har tatt med meg: Blir vi eigentleg rikare av at store selskap betalar endå meir for endå dyrare lunsjar på Aker brygge?

I teorien er vel svaret på det ja, er det ikkje? Nokon er villige til å betale endå meir for eit produkt og då er vel verdien av det produktet større og vi har god verdiskaping. Jodå, det er berre at vi mister viktigare verdiar om det berre er dette vi skal telje. Familieeigde bedrifter som den han leia har ein langt større verdi for dei lokalsamfunna dei er ein del av, nettopp fordi dei er ein integrert del av dei. Det har sikra ein arbeidsstad i den tida då gardane var små og syskjenflokkane større, no sikrar det at fagarbeidarar kan busette seg i heimbygda og stifte familie og at ungdom og andre kan få utvikle sin kompetanse i samarbeid med desse som verkeleg kan det.

Det kokar ned til syn på menneske og samfunn. Då Tyskland skulle byggast opp att etter krigen var økonomen Willhelm Röpke tydeleg på at økonomien måtte målast ut frå menneskelege verdiar. I krigstida hadde ein fått sjå resultatet av samfunnsyn som sette systemet framfor menneska. Når ein skulle byggje opp att måtte menneske sin verdi vere målestokken, og for økonomien. Han spissformulerte det med å slå fast at det er å degradere menneske og skapinga å gå ut frå at vi er skapt for å lage etterspørsel av masseproduserte bilar, kjøleskap og fjernsyn.

Menneske er skapande vesen, satt til å forvalte naturen og ta ansvar for kvarandre. Slik lagar vi bygder og byar det er stas å vere på ferie i, og slik lagar vi byder og byar det er god å leve i. Det var eit grunnsyn som låg bak det tyske “wirtschaftswunder”, måten tysk økonomi reiste seg frå ruinane i etterkrigstida. Og det bør vere vere viktige grunnverdiar vi bør ta med oss når kampen for å ta landet ut av viruskrisa går vidare.

Dels kokar dette ned til praktisk politikk. Til dømes å legge til rette for lokalt eigarskap. Det er eit paradoks at det skal betalast formueskatt på maskinparken til den lokale bedrifta om ho er eigd av nokon i bygda, men ikkje om eigarane er utanlandske. Sjølvsagt bidrar mange store selskap mykje i både bygd og by, poenget eg prøver å få fram er likevel at fleire eigarmiljø er eit gode. Det er eit gode at vi kjenner dei som eig den lokale bedrifta, og det er eit gode at fleire eig ein del av den eller eig sin eigen arbeidsplass. Mange eigarar gir mangfald og tenkning som skaper dynamikk. Problemet med kapitalismen er ikkje at det er for mange kapitalistar, men at dei er for få.

Dette synet handlar og om kva som er verdiane og grunnverdiane vi som fellesskap og den enkelte bedrift skal tene. At samvirkelaga har klart seg betre i Noreg enn i andre land er eit døme på det. I Noerg har ein i stor grad halde fast på formålet å virke for eigne medlemmar, medan ein i andre land lot profittmaksimering ta over. Ironien er at historia viser at dei samvirka som har gått for langt i å ville drive god butikk, verkeleg er dei som har gjort dårleg butikk.

Det beste med ferielandet Noreg er små og mellomstore bygder og byar som syner eit mangfald og engasjement vi alle set pris på og kan vere stolte av. Når kvardagen kjem bør vi hegne om det som gjer oss kry og sørge for at vi tar vare på det mangfaldet vi har.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Fakta og politikk