Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ei ny tid for Distrikts-Noreg: Grip vi sjansen?

Vi kan stå ved terskelen av ei ny tid for distrikta, men det vil ikkje kome av seg sjølv.

Surfer: Både på Stadlandet i Nordfjord og påUnstad i Lofoten (bilete) har surfing gitt arbeidsplassar, tilflytting og optimisme. Foto: Siri Juell Rasmussen
Surfer: Både på Stadlandet i Nordfjord og påUnstad i Lofoten (bilete) har surfing gitt arbeidsplassar, tilflytting og optimisme. Foto: Siri Juell Rasmussen

Solberg-regjeringa utvikla ein ny politikk for distrikts-Noreg. Støre-regjeringa sin viktigaste distriktslovnad er å setje Solberg-regjeringa sin nye distriktspolitikk ut i livet. Kan vi få eit reelt taktskifte i distriktspolitikken – eller surrar vi vekk distrikta sin gylne sjanse i strukturkonservatisme og symbolpolitikk?

Dei siste åra har Senterpartiet lukkast med å vinne opinionen med ei historie om Solberg-regjeringa som «tidenes mest sentraliserende regjering», og skildre eit distrikts-Noreg i full oppløysing og ein stadig meir utrygg kvardag for folk flest.

Eg skal ikkje hevde at alt Solberg-regjeringa har gjort har vore perfekt. Mange reformer har vore nødvendige og rette, men klønete og dårleg gjennomført, sett frå ein distrikts-ståstad.

Men likevel er ikkje Senterpartiet si sentraliserings-historie sann. Distrikts-Noreg si framtid har aldri sett lysare ut enn no.

Det eg har sett både som 10 år som ordførar i distriktskommunen Eid/Stad og no som stortingskandidat for Venstre i Sogn og Fjordane, er ei oppsiktsvekkande stor framtidstru, guts og optimisme på små og store stader i mitt valdistrikt.

Distrikts-næringslivet går så det susar, ikkje minst på grunn av ein ny og meir offensiv klima- og grøn næringspolitikk. Fiberutbygginga i Sogn og Fjordane nærmar seg 100 prosent. Digitaliseringa gjer at offentlege tenester er enklare tilgjengeleg og meir likeverdig i by og bygd enn nokon gong før.

Samtidig har korona-pandemien endra samfunnet. Arbeidsplassar og utdanning er digitalisert «over natta». Store bedrifter lar folk flytte ut frå storbyen og fjernjobbe frå nye arbeidsfellesskap på bygda og i småbyar. Stadig fleire utdanningstilbod kan bli gjort tilgjengelege over heile lande. Dei raske samfunnsendringane som no pågår, opnar for uante moglegheiter for offensive distrikts-regionar i Noreg.

Midt oppi desse raske samfunnsendringane fekk den avtroppande regjeringa laga to omfattande rapportar som teiknar opp framtidas distriktspolitikk: NOU 2020:15 «Det handler om Norge», leia av Victor Norman og NOU 2020:12: «Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn», leia av Svein Richard Brandtzæg.

Til saman er desse to NOU-ane ei nær komplett «oppskriftsbok» på ein ny distriktspolitikk i ei ny tid. Og interessant nok blir dei ikkje lagt i skuffen av ei ny regjering som i retorikken slaktar alt den gamle regjeringa har gjort for å øydeleggje distrikts-Noreg.

Nei, tvert imot, står det følgande i Hurdalsplattformen: «Regjeringen vil legge fram en melding for Stortinget om distriktspolitikk, der anbefalinger gitt av Norman- og Brandtzæg-utvalgene blir fulgt opp.»

Fleire av forslaga frå utvala er allereie blitt til ny politikk frå både gammal og ny regjering, slik som «flytterett til eigen jobb» i staten (staduavhengige arbeidsplassar), forsøk med nye modellar for samla statlege fagmiljø i distrikta («Statens Hus i distrikts-Noreg»), gratis ferjer, fiberbreiband til alle innan 2025, etablere program for utprøving av nye personretta tiltak i distriktspolitikken med meir.

Solberg-regjeringa sitt nybrotsarbeid er altså grunnlaget for Støre-regjeringa sin distriktspolitikk. Som Venstre-mann og engasjert distrikts-politikar er eg glad for det.

Det som likevel uroar meg, er om det «endringsprogrammet» for distriktspolitikken Norman- og Brandtzæg-utvala skisserer, kan kombinerast med den nye regjeringa sin struktur-konservatisme, der det å bevare gamle strukturar er eit mål i seg sjølv. Det distrikts-Noreg treng no, er ikkje meir romantisering av fortida. Ikkje meir reversering av nye kommunar og fylke, reversering av reformer, skepsis mot naboen og frykt for endring.

Vi kan stå ved terskelen av ei ny tid for distrikts-Noreg. Men det vil ikkje kome av seg sjølv. Det krev tøffe, taleføre og «seige» politikarar nasjonalt som ikkje lar statsapparatet og sentralforvaltinga få lov å falle tilbake i gamle mønster.

No MÅ staten flytte ut, og folk må få fridom til å leve eit godt liv der dei sjølve helst vil bu. Den grøne omstillinga må skyte fart, ikkje forseinkast ved å klamre seg til den gamle oljeøkonomien. Breiband må lynraskt rullast ut til alle. Nokon må «riste i» ein konservativ universitets- og høgskulesektor for at dei også skal desentralisere sine tilbod.

Eg er klar for å ta desse kampane – frå mi nye rolle som Stortingsrepresentant. Og eg gjer det som stolt Venstre-mann – fordi eg ikkje trur meir sosialisme, strukturkonservatisme eller klimapassivitet er det Noreg treng no. Bølgjene av endring som skyljer mot oss, må vi lære å surfe på – ikkje prøve å stoppe. Då kan vi no sjå starten på ei ny tid for distrikts-Noreg.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

KrF får boost på ny måling