Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det uverdige spelet

Korleis kunne regjeringspartia ende der dei gjorde?

Fullsett sal: Stortinget vedtok torsdag førre veke å avvikle pelsdyrnæringa. Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

Forbodet mot hald av pelsdyr provoserer meg. Det var hard kamp til det siste i Stortinget, men berre Senterpartiet sine 19 representantar på røysta i førre veke for å behalde næringa. Ein samla opposisjon gjekk inn for betre kompensasjon. Det ville ikkje regjeringspartia og landbruksminister Olaug Bollestad.

I staden fekk ein sjå ei lang rekke med stortingsrepresentantar som «offa og øya» seg over at dei måtte røyste for å leggja ned næringa. Hadde dei det verkeleg så vondt som dei sa, så burde dei ha gått til doktoren og ikkje på talarstolen.

Sanninga er jo at dei same representantane har røysta for nedlegging av næringa både då Jeløya-erklæringa og Granavolden-erklæringa vart handsama i regjeringspartia sine stortingsgrupper.

Det var eit absurd teater å fylgja med på, og jamretonane var imponerande. Eg er litt usikker på kven dei tykte mest synd på. Var det pelsdyrbøndene dei med opne auge gav næringsforbod og samstundes nekta full erstatning dei hadde omsut for, eller var det seg sjølv?

Korleis kunne regjeringspartia ende der dei gjorde? Korleis kunne dei berre setja til sides vedtaket Stortinget gjorde i januar 2017 om berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa?

Denne saka vil også henge med landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) for all framtid.

Eg meiner det er viktig å huske på kva som låg i potten då Høgre og Frp forhandla med Venstre på Jeløya. Det var ikkje snakk om å gå frå å vera ei mindretalsregjering til ei fleirtalsregjering. Nei, det einaste dei forhandla om var om Venstre skulle vera med i regjeringa eller ikkje. Spørsmålet var om ein skulle ha ei mindretalsregjering med Venstre eller ei mindretalsregjering utan Venstre. Det var altså for å få Trine Skei-Grande, Ola Elvestuen og Iselin Nybø at Høgre og Frp var villige til å ofra pelsdyrnæringa.

Annonse

Følte du at eg skreiv det same tre gonger i førre avsnitt? Det er heilt rett. Det er så absurd det dei gjorde, at ein må høyra det fleire gonger for å ta det inn over seg. Og det viser at me ikkje tok for hardt i då me skulda Høgre og Frp for å grine krokodilletårer i Stortinget sist torsdag.

Denne saka vil også henge med landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) for all framtid. Om ein tek utgangspunkt i den kompensasjonsordninga som ho la fram for Stortinget, så er det vanskeleg å koma på nokon statsråd som har gjort eit tilsvarande ran mot ei enkeltgruppe i nyare tid som det røveriet som ho la opp til. Om Bollestad meiner det er feil får ho finne pennen og fortelje lesarane kva statsråd som har gjort noko verre.

Under debatten om pelsdyrnæringa fekk eg «skjenn» av stortingspresidenten då eg kalla pressekonferansen, som dei fire landbrukspolitiske talspersonane i regjeringspartia hadde om forbetringar i kompensasjonsordninga, for «juks». Det var såkalla ikkje-parlamentarisk språkbruk. Det eg meinte å seia var at det var «juks og fanteri.»

For saksordførar Morten Ørsal Johansen kunne på pressekonferansen fortelje at han var «særs nøgd» og at pelsdyrbøndene burde jubla. Der hadde Morten Ørsal Johansen forrekna seg litt. Pelsdyrbønder er nemleg ikkje dumme, og dei kan både lese og rekne. Det tok då heller ikkje mange timar før dei same partia var ute og lova forbetringar av det dei sjølv hadde presentert som ei gladnyheit. Meir useriøst kan ein knapt få det.

Same dagen som saka skulle avgjerast i Stortinget, kom det eit nytt framlegg frå dei fire regjeringspartia. No skulle ein i etterkant av forskrifta om kompensasjon syte for at den ikkje fekk «urimelege utslag.» Her var landbruksministeren verkeleg på offensiven, og etter å ha blitt pressa fleire gonger, måtte ho antyde at eit tap på 5 millionar kroner med visse atterhald kunne vera urimeleg...

Sjølv om alle forstod kor innhaldslaus formuleringa "urimelege utslag" er, så var det nok til å gjera Carl I. Hagen om frå hærførar for full erstatning, til nyttig stemmekveg for å sikre god stemning i regjeringa.

Og her stoppar denne ulykkelege saka så langt. Forbodet er vedteke – men ingen veit kva erstatning som vil bli gitt til bøndene som vert råka. No skal Olaug Bollestad utforme erstatningsordninga, og den er varsla at den vil verta sendt på høyring før sommaren.

Senterpartiet innser at me tapte slaget om næringsforbodet. Den sigeren fekk Frp, Høgre, Noah, KrF, Dyrevernalliansen og Venstre. Slaget om erstatning er ikkje over. Og det Bollestad sender på høyring skal målast ord for ord – tal for tal – opp mot alle lovnadane som blei gitt i Stortinget mellom alle krokodilletårene denne mørke torsdagen for norsk politikk.

Fyrste spørsmål til landbruksministeren om saka vert sendt i dag.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ekkokammerjammer!