Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Alt for Erna Solberg!

Eg må diverre nok ein gong skrive om den skammelege pelsdyrsaka. Eg trur eigentleg saka fortener eit nytt namn: «folkesaka».

Har ansvar: Statsminister Erna Solberg og partiet Høgre. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

For det er det det handlar om: Folk og korleis staten kan oppføra seg mot dei.

Det er alltid viktig å minne om historia: I januar 2017 sa eit klart fleirtal – Sp, Høgre, Frp og KrF – på Stortinget ja til ei berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa. Eitt år seinare vart det klart at Høgre og Frp ville snu i saka om dei fekk Venstre med seg i regjering. Eit år etter det igjen godtok KrF og forbodet om dei berre fekk lov til å vera med i regjeringa.

Desse fire partia har saman lagt fram sitt forslag til kompensasjon til bøndene som vart råka av dette sviket. Kompensasjonen dei har føreslått er langt unna å dekka det økonomiske tapet til folka som er råka av forbodet.

Det er mange parti å skulda på i saka, men det er ikkje tvil om at Høgre er dei som har svikta mest. Det er Høgre som tydelegast har ofra både grunnverdiar og ideologi i eit spel for at Erna Solberg skulle få oppfylt draumen sin om å leia ei fleirtalsregjering. Eg skal ikkje no henga meg opp i at denne draumen til Erna Solberg stadig tydelegare står fram som eit mareritt.

Høgre sitt prosjekt anno hausten 2019 verkar å vera: Behalde Erna Solberg som statsminister. Eg trur dei skal vera glade i Høgre for at maktsjuka ikkje er dødeleg. Det finst diverre berre ei medisin mot denne maktsjuka: stortingsval. Diverre er medisinen «stortingsval» ikkje på marknaden før hausten 2021.

Det er kjent at Erna Solberg har vore motstandar av pelsdyrnæringa. Kva grunnlag ho har for denne motstanden er framleis ein godt bevart løyndom. Då pelsdyrsaka vart handsama i Stortinget i januar 2017 vart det indre strid i Høgre leia an av nokre unge urbane stortingsrepresentantar, som mellom anna Tina Bru og Henrik Asheim, som alt då jobba for eit forbod.

Annonse

Dette syner at respekten for privat eigedomsrett og næringsfridom som meir klassiske høgrefolk som til dømes Gunnar Gundersen og Michael Tetzschner har som ein botnbjelke for alt politiske virke, er i ferd med å rotna i Høgre. Det er eit alvorleg teikn, men me finn fleire teikn på at dei anstendige høgrefolka er på vikande front i Høgre: Forbodet mot nydyrking av myr, rovdyrpolitikken, vernepolitikken og ein stadig større iver i Høgre for å dra pengar frå naturressursar ut av lokalsamfunn og inn i statskassen.

Det går no føre seg ein offentleg debatt om kva kompensasjon pelsdyrbøndene skal få. Det er positivt at sjølv i SV og Ap, som er for avvikling av pelsdyrnæringa, er dei tydelege på at det ikkje er akseptabelt å behandla folk slik regjering legg opp til. I Frp si stortingsgruppe er det eit like stort engasjement for å forbetra ordninga.

Det er kjent at Erna Solberg har vore motstandar av pelsdyrnæringa. Kva grunnlag ho har for denne motstanden er framleis ein godt bevart løyndom.

Det er påfallande å sjå kor tause dei er i Høgre. Visst er det lokallag og fylkeslag og i Høgre som er engasjert, men i stortingsgruppa verkar det som at dei ikkje bryr seg nemneverdig og at partiet sine grunnverdiar må vike for det å la Erna få leva ut draumen om fleirtalsregjering.

Eit anna teikn på at anstendigheita forfell i Høgre finn ein om ein ser på kva oppgåver dei har tilsett folk for å hjelpa stortingsrepresentantane sine med. I Høgre si stortingsgruppe er det tilsett like mange for å jobba med PR som for dei har tilsette for å jobba med politikk. Eg trur likevel ikkje at Høgre vil unngå varige skadar av det statsovergrepet som no vert gjennomført mot ei lite gruppe folk i distrikta – uansett kor mange nye folk dei tilset for å lage fancy statusoppdateringar på Facebook og kule Snap-videoar.

Eg trur nemleg at Erna Solberg og Høgre har forrekna seg i denne saka. Dei har tenkt at dei godt kan ofra inntektsgrunnlaget og framtida for nokre hundre folk i distrikta for å få Venstre i regjering. (For meg er det heilt uforståeleg at dei gjer noko som helst for å få med Venstre. Eg ville gjort alt i mi makt for å sleppa.)

Problemet er at denne saka forargar langt fleire enn dei som er direkte råka. Folk flest ser kor urimeleg det er. Alle som eig noko kjenner det urimelege i at den rike staten tek noko utan å gjera opp for seg. Eg var i helga innom Agrovisjon i Stavanger. Der var det mykje folk som tok kontakt med meg. Eg overdriv ikkje når eg seier at 90 prosent av dei tok opp pelsdyrsaka. Folk er opprørte over regjeringa og over Høgre.

No har eg skrive ein heil tekst om pelsdyr utan å nemne den konstitusjonelt ansvarlege for saka Olaug Bollestad (KrF). Eg har berre eit bodskap til Bollestad: Senterpartiet og mitt engasjement vil alltid vera hjå dei som er råka av sviket og ikkje hjå statsråden som gjennomfører politikken.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kundene tjener på tøff konkurranse!