Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Alltid beredt

I speiderrørsla sitt valspråk heiter det «alltid budd» («alltid beredt»). Det er ein klok regel.

Korttenkt: Det er ikkje nokon god plan å ete opp såkornet i ei matkrise. Foto: Morten Berntsen
Korttenkt: Det er ikkje nokon god plan å ete opp såkornet i ei matkrise. Foto: Morten Berntsen

Då rapporten om kor godt førebudd Noreg var då koronaen traff oss var det med strykkarakter til regjeringa. Me var rett og slett ikkje godt nok budd.

Eit enkelt og viktig spørsmål: Er me godt nok budd på å handtera alle andre hendingar, og var det kun pandemi regjeringa hadde gløymt ut å førebu seg på? Sjølvsagt er det ikkje slik – me er rett og slett ikkje godt nok budd på ulike kritiske hendingar som kan råka landet vårt.

Ein interessant øving er å tenka på kva regjeringa ville ha svara om dei til dømes i november 2019 fekk spørsmål om dei var godt nok budd om landet skulle bli råka av ein pandemi. Eg er nokså trygg på at dei ville ha svara eit klart ja. For det er dette som er problemet til Erna Solberg, Høgre og regjeringa: Dei har alltid eit godt svar. Alltid eit svar.

Problemet er at dei ikkje ser skilnaden på godt sagt og godt gjort.

Me i Senterpartiet har fleire gonger hatt framlegg om ulike tiltak for å gjera landet vårt betre i stand til å handtera ulike hendingar som pest, krig, naturkatastrofar, matmangel og andre farar. Me understrekar og at me skal vera best mogleg budd både på å handtera hendingar både dei tenkelege og ikkje minst det utenkeleg.

Regjeringa sitt svar er alltid: Det er ikkje naudsynt, me har full kontroll. No har me fasiten: Dei var ikkje budd på den mest opplagte faren. Kvifor skal me då ha tillit til at dei har kontroll på alle andre farar som kan råka oss i Noreg?

Historia om korleis regjeringa og fleirtalspartia har jobba med å sikre at me alltid skal ha tilgang på mat er eit skrekkeleg døme. Ein kan summera det opp med kreativ retorikk, brotne lovnadar og lite gjort.

Annonse

Det var ein stor dag då me fekk til eit vedtak i stortinget, mot regjeringa si vilje, om å etablera kornlagring i Noreg for å sikra tilgangen på mat i krisetider. Fyrst så utsette dei det. Så skulle Kristeleg Folkeparti få lov å køyra regjeringsbilar så då vart dei plutseleg motstandarar av kornlagring.

I Stortinget viste Kristeleg Folkeparti til at dei hadde løyva pengar til å auka korndyrkinga i Afrika. Det er eit tiltak som det er all grunn til å støtte opp om, men å late som om det gjer oss betre budd på kriser i Noreg er lureri. Eg trur ikkje at KrF ser for seg at me skal kjøpe kornet ut av munnen på folk i ei krisetid.

Når ein ikkje trudde forklaringane kunne verta verre, så gjekk Venstre sin talsperson på talarstolen. Han viste til at me hadde lager av såkorn i Noreg og at me kunne eta opp dette om det vart krise. Det viktigaste er jo trass alt å ha eit svar – sjølv om svaret står til terningkast null komma null.

"Venstre sin talsperson viste til at me hadde lager av såkorn i Noreg og at me kunne eta opp dette om det vart krise."

I Høgre verkar det på meg som om dei er mest nøgd med at me har hatt nok mat under denne pandemien – og at det er eit teikn på at ting fungerer godt nok. Senterpartiet er sjølvsagt glad for at matforsyninga fungerer, men det er ikkje eit svar på om me er godt nok budd. Den neste krisa er ikkje korona – det kan vera ein meir smittsam og meir dødeleg pandemi, eller det kan vera noko heilt anna, til dømes ei naturkatastrofe.

Eg har aldri vore samd med Høgre i alle politiske saker, men eg har alltid hatt respekt for dei. Det har endra seg for min del. Eg ser eit parti der innhaldet i sakene vert ofra til fordel for retorikken og det å halde på makta. På Stortinget har dei fleire som er tilsette for å hjelpa stortingsrepresentantane til Høgre med retorikk, Facebook og utspel enn dei har rådgjevarar som arbeidar med innhaldet i sakene.

Konsekvensane av å dekka over alt med eit «godt svar» ser ein på felt etter felt. Spør ein høgrepolitikar om jordvern og eg kan garantere at det kjem historiske tall om kva som vart bygd ned i perioden 2006-2013 og at det var høgare enn i dag. Eg lurer på kva verdi dei meiner eit slikt svar har. Hadde det ikkje vore betre om dei sa: Me er uroa for at evna til å produsera mat vert dårlegare når me bygger ned så mykje matjord – no må me sjå på korleis me kan forbetre politikken.

Spør ein høgrepolitikar om utviklinga i landbruket. Eg er trygg på at du vil få høyre kreative tal om heiltidsbønder, dei raudgrøne og talet på bruk og nydyrking. Utfordringane i jordbruket vert ikkje løyst med Høgrepolitikarar som les opp talepunkt som stiller Høgre i eit positivt lys. Det må løysast med ein ærleg debatt om kva me skal gjera for framtida basert på situasjonen som er i dag.

No skal ikkje eg vera ein festbrems og forby god retorikk og kraftfulle sitat. Mitt favorittsitat er faktisk frå ein tidlegare forsvarsminister frå Høgre som sa: «Tyskland har vært en av våre aller viktigste allierte i Europa – bestandig» Eit sitat å smile av, men nokså langt unna sanninga.

Neste artikkel

Betryggende oppslutning om Forsvaret