Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Å setje pris på livet

Nokre debattar kjem igjen og igjen, men ein dårleg ide blir ikkje betre av å bli gjentatt mange nok gongar.

Hand å halde i: Det er frykta for å vere ei byrde som gjer at folk søker dødshjelp, skriv kronikøren. Foto: Mariann Tvete.

Eit døme på det er debatten om aktiv dødshjelp. Og i sommar har Askel Braanen Sterri og Ole Martin Moen tatt til orde for aktiv dødshjelp. Eg har respekt for filosofane sitt syn, men eg er ueinig. Tilbod om dødshjelp er ikkje svaret og bør heller ikkje bli det. Retten til å døy kan fort bli plikta til å døy.

Debatten om aktiv dødshjelp er viktig, vanskeleg og nokre gangar litt vag. Og så er han definitivt lettare i teori enn praksis. I Dagbladet skriv Sterri og Moen at hovudgrunnen til forslaget deira er «at noen ganger er livet så ille og framtidsutsiktene så dårlige, at døden er å foretrekke».

Dei ønskjer at det blir innført eit tilbod om å få innvilga aktiv dødshjelp i tilfelle der pasienten lid og smertene er uuthaldelege, når det ikkje er utsikter til betring og pasienten har tatt eit velovervegd val om å døy. Dei innrømmer sjølv at det ikkje er lett å avgjere om kriteria er tilfredsstillande, men dei meiner det let seg gjere, «for slik er det å jobbe i helsevesenet».

Skal tru om dei hadde sagt det same om dei hadde stått i praksisen på sjukehuset og ikkje vore distansert bak eit skrivebord med teorien?

For kvar skal grensene gå, og korleis skal regelverket sjå ut? I land der eutanasi og legeassistert sjølvmord har blitt innført, har utgangspunktet som regel vore at det berre skulle gjelde nokre få. Erfaringa frå desse landa viser at å lage eit lovverk som berre skal gjelde for få er vanskeleg, om ikkje umulig. Når 4,5 prosent av innbyggjarane i Nederland døyr med medisinsk hjelp, er det då dei pasientane som «lider uutholdelig, ikke har noen utsikter til bedring og har tatt et veloverveid valg om å dø» som får aktiv dødshjelp? Er det viktigare å sørge for at dei som verkeleg oppfyller kriteria får hjelp til å døy, enn å redde dei som ikkje oppfyller kriteria?

Annonse

Dessverre veit vi at det ikkje er smerte, men tap av verdigheit og menneske si frykt for å vere ei byrde for samfunnet og for sine næraste som er hovudgrunnane til at menneske vil ha dødshjelp. I delstaten Oregon i USA har ein opna før dødshjelp, der viser undersøkingar at 40 prosent av dei som ønskjer dødshjelp grunngir dette med at dei kjenner seg som ei byrde for familien sin.

Det er urovekkande å lese statistikken. Det fortel kva for reelle problem som oppstår når ein går frå ein teoretisk debatt til praksis. Vi bør heller sette i verk tiltak mot årsakene som ligg bak menneske sitt ønske om å døy. Då vil ikkje aktiv dødshjelp vere nødvendig heller. Mange gjer viktig arbeid for aktiv livshjelp, til dømes organisasjonen Livsglede for Eldre som arbeider for å gi eldre ein meiningsfull arbeidskvardag. Aktiv dødshjelp er ei midlertidig løysning på eit større problem.

Det er etiske utfordringar knytte til aktiv dødshjelp. Når veit vi at personen er frisk nok til å kunne ta valet om sitt eige liv åleine? Samtidig må personen være sjuk nok til å få innvilga aktiv dødshjelp. Vi risikerer kanskje at helsepersonell er nøydd til å ta avgjersler mellom død og liv for andre.

Målet må vere at ingen menneske skal ønskje å døy fordi dei er ei byrde for familien sin, men at vi skal stille opp med velferdsordningar, helsehjelp, omsorg og pleie som sikrar menneske eit verdig liv. Tilbodet om god smertelindring og heilskapleg omsorg mot livets slutt må bli styrka.

Debatten om aktiv dødshjelp kjem igjen og igjen i Noreg og i andre land. Ofte er argumenta for vage og teoretiske – eit døme på at dei ikkje er det er frå den kanadiske debatten. «Legeassistert sjølvmord kan spare Canada for opp mot 139 millionar dollar kvart år, seier studie frå Alberta». Her har livet har ein pris – framfor å vere noko vi som fellesskap set pris på.

Framfor å skrive ut død på resept bør vi gjere det motsette. Svaret er aktiv livshjelp, med sterkare fellesskap der vi stiller opp og i møte med døden.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Bevar akuttsykehusene