Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

2020: Eit år i kløvaren sitt teikn

Sp skal vera eit parti der ferjedrifta i enkelte fylke er like viktig som seksualdrifta og der mjølketanken er minst like viktig som iskanten.

Snitt 16 prosent: Sp og partileiar Trygve Slagsvold Vedum har snitt i snitt 16 prosent på dei nasjonale målingane til no i år, skriv Geir Pollestad. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Snitt 16 prosent: Sp og partileiar Trygve Slagsvold Vedum har snitt i snitt 16 prosent på dei nasjonale målingane til no i år, skriv Geir Pollestad. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Senterpartiet fyller 100 år i år. Ved inngangen til jubileumsåret er det ein sprek og potent hundreåring me ser: Snittet av dei nasjonale meiningsmålingane i 2020 er 16 prosent. Medlemstalet er stigande. Me har vore partiet med størst framgang dei tre siste vala.

Sjølv om det går bra for Senterpartiet om dagen, så er det mitt mål at Senterpartiet skal halde fram å vekse. Det er sjølvsagt slik at alle parti har som mål å bli større. Problemet er berre at talet på prosentar som er til fordeling er stabilt på 100.

Det bør ikkje vera noko naturlov som seier at Høgre og Ap skal vera større enn Senterpartiet. For meg personleg er det faktisk heilt uforståeleg at folk som er opptekne av arbeidsplassar, verdiskaping, arbeidstilhøve og distrikta røystar på Ap eller Høgre.

Eg trur me har gjort mykje rett i Senterpartiet. For det fyrste handlar det om å vera eit parti som våger å meina det me meiner. For det andre handlar det om å snakke slik at folk forstår kva me faktisk seier. For det tredje så trur eg me er gode til å forstå Noreg og kva som rører seg blant folk rundt om i landet. Ikkje akkurat noko «hokuspokus slagsvold filiokus», men det ser ut til å fungera.

Når eit parti veks, vert meiningsmangfaldet i partiet større. Potensialet for konflikt og usemje aukar når flokken vert større. Her har me partiet Venstre som er unntaket, og som stadfestar denne regelen: I Venstre vert krangelen større jo meir dei krympar.

Det som likevel er aller viktigast er at partiet har nokre tydelege verdiar og overordna politiske prioriteringar som folk kan ta stilling til. Her er mine hovudgrunnar for å vera med i Senterpartiet:

Bygdene. Eit parti som alltid står på for distrikta og bygdene i Noreg. Eit parti som seier at tenestene skal vera like gode same kor folk bur hen i landet. Eit parti som har eit heilt anna perspektiv på landet enn det ein til dømes finn i redaksjonane til VG, Dagbladet og Aftenposten.

Det er heilt utruleg korleis den politiske venstresida i Noreg har profilert avgifter som noko som er bra for utjamning.
Annonse

Bøndene. Eit parti som er glødande engasjert og oppteken av norsk matproduksjon. Eit parti som alltid står opp for norsk landbruk og norske bønders interesser. Sjølvsagt kan ikkje alltid alle bønder vera einige med oss i absolutt alt, men dei skal alltid kunne stole på oss.

Noreg. Eit parti som vågar å kjempe for det norske, norske interesser og Noreg. Eit parti som ikkje ser på det å vifte med det norske flagget som noko negativt og som trur på samarbeid mellom sjølvstendige statar som noko betre enn overnasjonalitet og elitestyre. Eller «eit parti som seier høgt og tydeleg nei til EU» om ein skal seie det enkelt.

Grønt. Eit parti som tek vare på miljøet, naturen og klimaet. Eit parti som trur på at det å bruke naturen er den beste måten og ta vare på den. Eg meiner Senterpartiet kan ta ei leiande rolle i arbeidet med å redusera klimagassutsleppa. Eit grønt alternativ som er fritt for å moralisme, inkonsekvens og tungsinnet som pregar dei partia som i dag likar å kalle seg sjølv for miljøparti.

Næring. Eit parti som alltid er på lag med næringslivet og som har vilje til å nytte politikken for å fremje næringsliv og verdiskaping. Det krev ein aktiv næringspolitikk. Det krev også evne og vilje til å stå opp og seia «sitt ned» til dei som kjem med framlegg til næringsverksemd dei vil til livs.

Arbeidaren. Eit parti som vil ha norske arbeidsfolk sjølv om det alltid er nokon ein anna stad i verda som kan gjera arbeidet billegare. Billege løysingar kan fort verte dyrt. Me skal vera garantisten for eit skikkeleg arbeidsliv anten åtaka kjem frå norsk høgreside eller liberalistar i Brussel. Senterpartiet må ta mål av seg om å verta arbeidarane sitt parti.

Rettferd. Eit parti som vil ha eit sosialt system der folk bidreg etter evne og får etter kva dei treng. Det vil seie at me må gå bort frå at system med avgifter og over til at folk skal bidra etter evne over skattesetelen. Avgifter er sosialt urettvist og det er heilt utruleg korleis den politiske venstresida i Noreg har profilert avgifter som noko som er bra for utjamning.

Beredskap. Eit parti som er heilt tydelege på at folk sin tryggleik er det viktigaste. Der me rustar oss for å tole og handtera det utenkelege. Eg meiner og at Senterpartiet som ein del av det å sikre tryggleiken skal vera eit parti som er tydelege på at me skal ha kontroll på landet sine grenser.

Eg meiner Senterpartiet skal tole å ha tøffe politiske debattar. Me skal òg vera eit annleis parti. Eit parti med godt humør. Eit parti der ferjedrifta i enkelte fylke er like viktig som seksualdrifta og der mjølketanken er minst like viktig som iskanten.

Hipp hurra for Senterpartiet 100 år. Eg gler meg til feiringa gjennom heile 2020.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Bjørn Arild Gram: - Eg planla å ha meir ferie i år, men så bytta eg jobb