Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ferdaminne frå sommaren 2019

Engasjementet og openheita eg opplevde på eit gigantisk jorde i West-Virginia i sommar, gav meg eit visst framtidshåp.

Når speidarar byter merke og skjerf med kvarandre, blir det snakka, forhandla – og dei ytre markørane på at vi kjem frå forskjellige stader i verda blir blanda, skriv Nationens spaltist. Foto: F. Brian Ferguson / Charleston Gazette-Mail via AP / NTB Scanpix

Det var med ein viss bismak eg sette meg på flyet i juli, for å vere tre veker i USA. Kvifor sleppe ut kilovis med CO2 for eit opphald i eit land der nasjonalistiske og rasistiske straumdrag får stadig større plass, legitimert av deira eigen president? Og i tillegg ta med 500 norske ungdommar på turen? Vel heime igjen kjenner eg overraskande nok på ein framtidsoptimisme eg ikkje har kjent på ei stund.

Bakgrunnen for den lenge planlagte reisa var at eg skulle delta på verdspeidarleiren i West-Virginia som ein av rundt 100 norske vaksne leiarar i lag med 500 norske speidarar i alderen 14 til 18 år. Oppsparket frå den amerikanske presidenten i dagane før vi sette oss på flyet, var ikkje av det gjestmilde slaget. Dei rasistiske ytringane retta mot fire nye kvinnelege amerikanske kongressrepresentantar, minte om retorikken til ein leiar verda i mange år har tatt avstand frå. Debatten om ytringane pågjekk den veka vi var turistar i den amerikanske hovudstaden og prega det nasjonale nyheitsbildet.

Datoen vi sette oss på buss mot West-Virginia, der 40.000 speidarar frå 150 nasjonar skulle vere i lag under mottoet «Unlock a new world» i ti dagar, var tilfeldigvis 22. juli. Åtte år etter terrorhandlingane mot ungdommar på politisk ungdomsleir i Noreg, og med retorikken til den amerikanske presidenten som bakteppe, kjendest det meir riktig og viktig enn nokon gong å vere på veg til leir der ungdommar frå heile verda skulle møtast. Ungdommar med ulik religiøs, politisk og økonomisk bakgrunn, med ulike verdisett og ulike verdsbilde, men som skulle møtast som ein del av eit fellesskap.

Demonstrantane som stod spreidde langs innkøyringane til leirområdet med plakatar som tok avstand frå homofili, understreka berre viktigheita av heile stormønstringa. Speidarane frå Noreg hadde førebudd seg i to år til å delta på leiren under sitt eige motto, «Be a key».

I likskap med ord som dialog, kan slike motto kjennest hole og påklistra, og heilt uoverkommelege. Dei held seg i strategidokumenta, men når aldri ut. Når du samlar 40.000 ungdommar til eit slags ekstraordinært daglegliv på speidarleir i ti dagar, er vegen frå papir til handling mykje kortare.

Annonse

For den dialogen vi alltid snakkar om i festtalar og kronikkar, oppstår av seg sjølv når ungdommar står fleire timar i kø for å få plass på bussen til raftingaktiviteten eller til å prøve den store ziplina. Dialogen oppstår når mobiltelefonane er tomme for straum og folk frå heile verda samlast rundt ladestasjonen for å lade dei igjen, og begynner å spele kort og prate i lag mens batteria sakte fyllast opp.

Og når speidarar byter merke og skjerf med kvarandre, blir det snakka, forhandla – og dei ytre markørane på at vi kjem frå forskjellige stader i verda blir blanda. Etter nokre dagar på leir er det vanskeleg å skilje norske speidarar frå speidarar frå resten av verda, fordi det norske speidarskjerfet er bytt med skjerf frå 150 andre nasjonar.

Når speidartroppen frå Noreg inviterer teltnaboane frå USA og Mexico på middag, snakkar folk i lag. Uavhengig av at nokon har tenkt å bygge murar mellom to av landa. Gjennom å vere i lag, har også norske speidarar fått formidla nokre av verdiane som er så bra med vårt samfunn. Slik som likestilling. Mens det amerikanske gutespeidarforbundet opna for at jenter kunne bli medlemmar på etterjulsvinteren i år, har jenter og gutar vore speidarar i lag i 40 år i Noreg. På leiren kunne vi vise dei likestilling i praksis, ved at alle fekk dei same moglegheitene, dei same utfordringane og dei same upopulære oppgåvene sånn som oppvask og dovask, uavhengig av kjønn. Og vi kunne vise dei at det er normalen for oss.

Eg er ikkje utprega optimistisk av meg, men engasjementet og openheita eg opplevde på eit gigantisk jorde i West-Virginia i sommar, gav meg eit visst framtidshåp. Dei rasistiske og nasjonalistiske straumdraga frå det politiske ordskiftet, var ikkje til stades ved langborda når speidartroppar frå heile verda lagde middag til kvarandre. Der var det menneske som snakka med kvarandre, om det folk i alderen 14 til 18 år er opptekne av. Å forstå meir av verda vi lever i, å forstå ulikskapane og utfordringane, er ein viktig start for saman å kunne endre verda i ei litt betre retning.

Når det politiske ordskiftet ikkje går i den retninga, er det fint å sjå at den generasjonen som no veks opp, gjer det.

Neste artikkel

Lokalpolitikk er ikkje annanrangs i NRK