Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Visst hastar det med det grøne skiftet – men unngå storstilt tap av natur

Den omfattande utbygginga av fornybar energi som regjeringa no går inn for, kan lett forsterke naturkrisa og slå tilbake på klimaet.

Fordi verkemiddel og tiltak no er fokusert på å løyse klimautfordringa isolert, kan vi lett forårsake ei endå større naturkrise, som igjen vil forsterke klimakrisa, skriv skribentane. Her eit illustrasjonsfoto frå ein vindpark. Foto: Tore Meek / NTB
Fordi verkemiddel og tiltak no er fokusert på å løyse klimautfordringa isolert, kan vi lett forårsake ei endå større naturkrise, som igjen vil forsterke klimakrisa, skriv skribentane. Her eit illustrasjonsfoto frå ein vindpark. Foto: Tore Meek / NTB

«Det hastar med å realisere det grøne skiftet», sa klima- og miljøminister Espen Barth Eide under Arendalsuka. Samstundes understreka ministeren at vi ikkje berre har ei klimakrise, men også ei naturkrise, og at krisene må løysast i samanheng. Det vitnar om innsikt i utfordringane.

Barth Eide konkretiserte likevel ikkje korleis vi skal unngå at utsleppskutta og utvikling av meir fornybar energi går hardt ut over naturen. Det er viktig å redusere klimagassutsleppa, men korleis skal vi sikre oss mot omfattande nedbygging av natur, både i Norge og elles i verda? Utbygginga av vindkraft i Norge dei siste ti åra har i lita grad balansert desse omsyna.

Dersom politikken einsidig dreier seg om å bytte ut fossil energi med fornybar energi, risikerer vi å forverre både naturkrisa og klimakrisa. Fornybar-prosjekta må altså legge større vekt enn før på å bevare natur. FNs klimapanel rår til at vi må verne 30–50 prosent av land-, ferskvass- og havområda på jorda for å sikre robuste økosystem og naturmangfald.

Vi må òg snu andre steinar for å få nok energi. Berre i byggsektoren er potensialet for å spare energi på 10–13 TWh, anslår NVE. Det svarer til om lag 10 prosent av kraftproduksjonen, her i landet. Norge har brukt milliardar på å stimulere til auka produksjon av fornybar energi, mellom anna gjennom dei grøne elsertifikata.

"Dersom politikken einsidig dreier seg om å bytte ut fossil energi med fornybar energi, risikerer vi å forverre både naturkrisa og klimakrisa."

Forverre

Regjeringa vil no også inkludere EUs endringar i fornybardirektivet, energieffektiviseringsdirektivet og bygningsenergidirektivet for å auke tempoet i utbygginga av fornybar kraft. Da må regjeringa også kunne svare på kva nye verkemiddel dei vil ta i bruk for å ta vare på natur i denne storstilte omlegginga.

Annonse

Eit første steg kunne vere å reversere pålegget som statsforvaltarane fekk frå den førre regjeringa om å gripe mindre inn i utbyggingar gjennom bruk av motsegn (innsigelse).

Fordi verkemiddel og tiltak no er fokusert på å løyse klimautfordringa isolert, kan vi lett forårsake ei endå større naturkrise, som igjen vil forsterke klimakrisa. Med denne politikken vil vi jamt og trutt redusere naturen si eiga evne til å binde og lagre karbon. Mellom 2008 og 2019 bygde Norge ned om lag 450 kvadratkilometer natur og jordbruksland, eit areal på storleik med Hallingskarvet nasjonalpark.

Ved å bygge ned natur med vegar, bustader og hytter og anlegg for fornybar energiproduksjon, frigjer vi karbon som har ligge lagra i jordsmonnet gjennom lang tid. Samstundes hindrar vi framtidig karbonlagring på dei same areala, minkar den flaumdempande evna til naturlege økosystem og reduserer dei alt pressa leveområda for dyr og planter.

Ofte viser politikarar, forskarar og andre til at vi treng meir kunnskap for å sikre natur. Sjølv om det er viktig å intensivere kartlegginga av naturverdiar, må vi unngå at det blir ei sovepute for det som verkeleg tel: å hindre nedbygging av natur. Vi veit meir enn nok til å skjøne at vi ikkje kan ta lett på å bygge nye trasear og breie motorvegar, og at vi bør lytte til transportselskapa som føretrekkjer å utbetre eksisterande vegar framfor å bygge nye.

Vi har også nok kunnskap til å setje grenser for hytteutbygging som legg band på areal i sårbar natur – og vi må lære av naturtapet som vindkraftutbygging har ført til.

I år fryktar europearar vinteren. Forsyningskrisa Europa står i, får det til å haste endå meir med ein offensiv politikk for å bruke mindre energi og bruke energi meir effektivt. Politikarane bør prioritere verkemiddel for å stimulere oss til å velje jord- og fjordvarme til oppvarming, få oss til å bygge mindre hus og reise kortare og sjeldnare for å redusere klimautsleppa og nedbygging av natur.

Regjeringa må difor sørge for at verkemiddelbruken i klimapolitikken ser klima- og naturkrisene i samanheng, og at dette gir seg utslag i den konkrete arealbrukspolitikken.

Neste artikkel

Aktivisme som ødelegger