Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi tilpassar oss

Vi er skeptiske til klimaendringane. Men ikkje til klimatilpassing.

Kva skuldast dette? Uansett er me viljuge til å tilpasse oss. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB
Kva skuldast dette? Uansett er me viljuge til å tilpasse oss. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB

Førre veke varsla klima- og miljøminister Espen Barth Eide at regjeringa har sett i gang arbeidet med ei ny stortingsmelding om klimatilpassing, den første på snart ti år. Det er på høg tid. Som Barth Eide skriv: «Kommunene og regjeringen må rett og slett planlegge og bygge for en annerledes fremtid.»

Å driva med klimatilpassing er som å skyta på eit mål i bevegelse, og det målet har flytta seg langt på ti år. I løpet av den tida har Noreg og resten av verda fått sett noko av det framtidas klima vil by på: langvarige og ekstreme hetebølger, ustoppelege skogbrannar, styrtregn, flaum og skred.

Likevel er nordmenn truleg blant dei mest klimaskeptiske i Vest-Europa. I ei fersk undersøking (frå forskingsprosjektet PERITIA) i Tyskland, Italia, Storbritannia, Irland og Polen, i tillegg til Noreg, skil me oss negativt ut i dei fleste spørsmål om skepsis: Me har minst tru på klimaforskarar, minst tru på at klimaendringane skil seg ut i eit historisk perspektiv, og desidert minst tru på at klimaendringane er menneskeskapte.

"Noreg er kjent som eit lite paradoks i det internasjonale klimaarbeidet."

Noreg er kjent som eit lite paradoks i det internasjonale klimaarbeidet, med éin fot i klima- og energiomstillinga og éin fot i den internasjonale fossillobbyen. Me prøver å gå framfor i klimaforhandlingar samtidig som me utviklar oljefelt og borar etter nye.

Òg når det kjem til klimaskepsis gøymer det seg truleg eit paradoks.

I forskinga skil me mellom ulike typar klimaskepsis: om me er skeptiske til at klimaet endrar seg i det heile, om me trur at menneska har skulda eller ikkje, og om me trur på at det faktisk vert så gale i framtida som forskinga seier. Nordmenn tvilar både på klimaendringane og menneska si rolle i det. Me er til og med blant dei som er minst bekymra for klimaendringane.

Annonse

Men me er slett ikkje skeptiske til klimatilpassing. Me vil ha trygge hus og vegar, reint vatn i springen og eit landbruk som kan produsera mat til oss trass i tørke og striregn.

I forskingsprosjektet Norsk klimamonitor jobbar me med å kartlegga den samla klimatilpassingsinnsatsen i det norske samfunnet, og ikkje minst: kva det norske samfunnet meiner om den innsatsen. Desse tala samanliknar ikkje oss med andre land, men gir eit bilete av kva folk tenkjer her.

Der er det klar tale: Over 80 prosent av nordmenn meiner me gjer for lite. Folk vil altså at samfunnet skal førebu seg meir både på lokale utslag av endringar i nedbør, temperatur og havnivå, og på konsekvensar som råkar oss indirekte – som sviktande global matproduksjon – sjølv om det betyr dyrare mat og mindre pengar til andre formål.

60 prosent meiner det er viktigare å bruke pengar på skredsikring enn på nye vegprosjekt. Berre 20 prosent meiner det motsette.

Og ikkje nok med det: Den store elefanten i samferdselspolitikken, og ei av hovudårsakene til «annleisvalet» i 2019, nemleg bompengar, er folk no positive til. I 2019 svarte over halvparten i ei undersøking frå Cicero Senter for klimaforskning at dei var negative til bompengar. I årets Norsk klimamonitor-undersøking svarer over halvparten av nordmenn at dei er villige til å betala meir bompengar for at vegane skal sikrast betre. 15 prosent er usikre. Berre 35 prosent er i mot.

Klimatilpassing har vore eit framandord lenge, men dei siste åra har det kome nærare og nærare. Karusellen av vekselvis rekordtørke, rekordflaum, rekordvarme og rekordnedbør set spor i oss. Den rokkar ved vår grunnleggande oppfatning av tryggleik.

Om lag halvparten av alle nordmenn er samde i at me merkar konsekvensane av klimaendringar no – ikkje i morgon og ikkje om ti, tretti eller hundre år.

Samtidig veit me at det me opplever no, berre er ein forsmak. Me er meir enn modne for ein styrka innsats. Sjølv om stortingsmeldinga helst skulle ha kome i går eller for fleire år sidan, er det ikkje for seint.

Utfordringa no blir å vera ambisiøs nok. Folk veit kva dei vil ha: Meir, styrka og heilskapleg innsats. Den kommande stortingsmeldinga skal vera rettesnora det neste tiåret. Blir den for vag, står me overfor endå eit paradoks: at folk er klare for handling, men at regjeringa ikkje vågar.

Neste artikkel

Yara må ta jorda på alvor