Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vi bør styrke naturverdiane i møte med klimaendringane

Mange verdifulle naturtypar er truga av klimaendringane, og menneskeleg bruk kan forsterke problema. I arbeidet med å tilpasse oss eit klima i endring, må vi ta større omsyn til korleis vi brukar natur.

Vi må ha dyr på beite som før og skjøtte områda for å halde unna framande artar, skriv artikkelforfattarane. Her Engnellik som ofte finst i slåtte- og beitemark. Foto: Ingjerd Sørlie Yri
Vi må ha dyr på beite som før og skjøtte områda for å halde unna framande artar, skriv artikkelforfattarane. Her Engnellik som ofte finst i slåtte- og beitemark. Foto: Ingjerd Sørlie Yri

Klimaendringar verkar saman med dei avtrykka vi menneske set i naturen. Det kan tære på både natur og infrastruktur. Ein populær tursti, der mange par fjellsko trakkar jamt og trutt, vil både slite ned vegetasjonen og legge jorda open for erosjon når intens nedbør kjem oftare.

Naturverdiane blir ikkje berre påverka av at klimaet er i endring, men også av måten vi brukar naturen på. Når vi byggjer ned naturområde for å gje plass til hytter, bustadhus, vegar og annan infrastruktur, svekker vi samtidig evna vår til å takle klimaendringane, for det er intakt og samanhengande natur som gir det beste vernet mot ekstremnedbør og flaum, anten det er grasmark, skog eller andre vegetasjonstypar.

Til dømes vil flatehogst av den planta granskogen i bratte område på Vestlandet legge terrenget ope for både snø- og jordskred, og klimaendringane vil auke denne faren.

På oppdrag for Miljødirektoratet har vi analysert naturrisiko i og utanfor verneområde i seks kommunar: Nordreisa, Vevelstad, Tolga, Lom, Luster og Færder. I fire av desse – Vevelstad, Tolga, Lom og Luster – såg vi at viktige naturverdiar skapt av husdyrbeiting står i fare for å bli svekka av klimaendringane.

Mange plante- og soppartar er knytt til beitelandskapet i utmark. Eit våtare og varmare klima, kombinert med mindre bruk og stell av beitemarka, fører til attgroing og gir framande artar fotfeste. I verste fall går slike naturverdiar tapt.

Den menneskelege påverknaden er mangesidig – på den eine sida har vi skapt naturverdiar, men vi risikerer å miste dei ved å bruke naturen annleis. I dette tilfellet er løysinga relativt enkel: Vi må ha dyr på beite som før og skjøtte områda for å halde unna framande artar.

Med litt stell er beitemark rimeleg robust mot klimaendringar. Slik sett burde regjeringa ha gjort meir for å stimulere til tradisjonell beitebruk i framlegget til jordbruksavtale.

Våtmarker er ein annan viktig naturtype. Dei finst overalt i landet vårt, og har ein flaumdempande effekt som betyr mykje for å takle ekstremnedbør. Når vi dyrkar opp eller drenerer myr, gjer vi naturen meir sårbar for klimaendringar, i tillegg til å svekke naturmangfaldet og frigjere eit stort lager av karbon.

Annonse

Bekke- og elveløp er særleg sårbare for klimaendringar fordi stor vassføring aukar utgravinga langs kantane og kan gjere kantane meir ustabile. Difor er det viktig at grunneigarar og bønder syter for at det er nok vegetasjon langs kantane av vassvegane.

"Når klimaendringane og menneskeleg aktivitet verkar saman, kan dei gjere større skade på desse naturverdiane enn dei ville gjort kvar for seg."

Elver og bekker kan ha ein buffereffekt mot klimaendringane ved å regulere vasstraumen og reinse vatn for næringssalt og miljøgifter som blir vaska ut av grunnen ved kraftig regn. I tillegg er kantvegetasjonen eit viktig leveområde for insekt og fuglar, og gir skugge og gode levekår for fisk.

Naturverdiane er ofte eit resultat av tidlegare og pågåande naturlege prosessar. I våre studieområde gjeld det m.a. fossesprutenga og flaummarka ved Mollisfossen i Reisadalen, strand- og ålegrasengene i Færder og artsrike berg- og rasmarker i delar av Høyrokampen naturreservat i Lom.

Når klimaendringane og menneskeleg aktivitet verkar saman, kan dei gjere større skade på desse naturverdiane enn dei ville gjort kvar for seg. Difor må bruken vår vere nøye gjennomtenkt. I Reisadalen er nasjonalparkforvaltninga merksam på utfordringane med stor ferdsel og har sett i verk tiltak for å førebygge erosjon langs breidda av Reisavassdraget.

I Færder arbeider kommunen for å redusere næringsavrenning frå jordbruksareal for å ta vare på ålegrasengene i sjøen. I tillegg gjeld det å sikre at strandsona i Færder ikkje blir bygd ut meir, mellom anna for at strandengene skal kunne flytte seg til høgareliggande terreng når havet stig. I Høyrokampen naturreservat i Lom kan ein legge om stiar for å dempe erosjon og utrasing.

Kva som er dei rette tiltaka for å styrke sårbar natur i møte med klimaendringar og menneskeleg påverknad, må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Ein og same naturtype er ikkje einsarta, og klimapåverknaden vil variere frå stad til stad.

Men generelt gjeld det å verne utsette naturområde mot utbygging, styre ferdsel og bruk i sårbare område, aktivt skjøtte kulturlandskapet med sine naturverdiar og sikre at naturtypane har nok areal til å greie seg i eit endra klima.

Dette ansvaret kviler på alle norske kommunar, men òg på staten, som bør gje eit tydelegare signal om å ta vare på sårbar natur.

Neste artikkel

En utilstrekkelig rapport