Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Svensk jordbruk - 25 år i EU

Redusert sjølforsyning og internasjonalisering er resultatet etter den kraftige omlegginga av landbrukspolitikken i Sverige.

Hagebruk på torpet: Svensk jordbruk har gått tilbake siden EU-inntredenen. Foto: Mariann Tvete
Hagebruk på torpet: Svensk jordbruk har gått tilbake siden EU-inntredenen. Foto: Mariann Tvete

I 1995 gjekk Sverige inn i EU, medan Noreg valte EØS-avtalen som samarbeidsplattform, der fisk og landbruk er haldt utanfor. Dermed kunne Noreg halde fram med ein sjølvstendig landbrukspolitikk, med eit nasjonalt tollvern.

I Sverige betydde medlemskapen at jordbrukspolitikk vart underlagt Den felles landbrukspolitikken til EU (CAP), og at handelen med landbruksvarer vart ein del av den frie vareflyten innanfor tollunionen.

Eit av dei tydelegaste utviklingstrekka i svensk jordbruk i medlemskapstida er fallande sjølvforsyning og tap av nasjonalt eigarskap i matindustrien. Likevel er det vanskeleg å seie korleis utviklinga ville ha vore i svensk jordbruk om Sverige ikkje hadde gått inn i EU. Truleg var den omfattande jordbruksreforma, som Sveriges Riksdag vedtok i 1990, mest like utfordrande for mange svenske bønder som EU-medlemskapet.

I Riksdagens reform vart det avgjort at landbruket skulle vere underlagt like vilkår som alle andre næringar. Reforma bygde på ein idé om ei gjennomgåande avvikling av reguleringar og støtteordningar til jordbruket i ei marknadsliberal retning. Den svenske jordbruksreforma vert skildra som radikal samanlikna med EU og dei fleste vestlege land. Slik sett gjekk Sverige inn i EU med ein svært de-regulert jordbrukspolitikk, for å slutte seg til ein langt meir regulert jordbrukspolitikk. Sveriges jordbrukspolitikk betydde ifølgje Rabinowicz (2020) at: «I synnerhet under de första medlemskapsåren ledde Sveriges ”jordbruksradikalism” till att landet blev isolerat.».

Det politiske tankegodset frå reforma har òg vist seg i Sveriges posisjonering opp mot CAP i medlemskapstida, sjølv i møte med eit langt meir konkurransesterkt landbruk i andre medlemsland. For det svenske medlemskapet i EU betydde store endringar og nye utfordringar for jordbruket. På den eine sida fekk bøndene att ein meir aktiv jordbrukspolitikk, men på den andre sida vart verdikjeda til svensk jordbruk konkurranseutsett i ein heilt anna skala enn tidlegare.

Då Sverige gjekk inn i EU vart det nasjonale tollvernet mot EU-land fjerna, og den svenske heimemarknaden vart kraftig konkurranseutsett. Det kom raskt billigare importerte matvarer inn på den svenske marknaden, og svenske forbrukarar valte importerte produkt i stort mon. Dette ga tendensar til overproduksjon av svenske varer og prispress på råvarene. Kombinasjonen av den omfattande dereguleringa av jordbrukspolitikken før medlemskapen og importkonkurransen gjennom medlemskapet, førte til at jordbruket og matindustrien sleit med å hevde seg.

Annonse

Samstundes vart det raskt tydeleg at målet om omfattande eksport til EU var urealistisk. Dette ga utfordringar med avsetjinga og å sikre prisar som spegla produksjonstilhøva og kostnadsnivået i Sverige. Resultatet var tap av marknadsdelar i heimemarknaden til bønder og matindustri frå andre EU-land.

Et luftslott

"Målet om omfattande eksport til EU var urealistisk. Dette ga utfordringar med avsetjinga og å sikre prisar som spegla produksjonstilhøva og kostnadsnivået i Sverige."

Situasjonen har gitt to tydelege utviklingstrekk for svensk jordbruk og matindustri under EU-medlemskapet. Nemleg fall i sjølvforsyninga innan kjerneproduksjonane kjøt og mjølk, og at matindustrien har gått frå å vere bygd rundt nasjonale samvirkeføretak eigd av svenske bønder til transnasjonale føretak med internasjonalt eigarskap.

Ser ein produksjonsvoluma av animalske produkt i lys av befolkningsveksten og konsumvekst, er essensen i utviklinga at Sverige har hatt ein markant reduksjon i sjølvforsyninga. Og det er importerte varer som har teke marknadsveksten. Spesielt vart produksjon av svinekjøt, storfekjøt og mjølk hardt råka. Frå 1995 til 2019 har svineproduksjonen falt med 68 000 tonn, medan importen har auka med 120 000 tonn. Storfekjøtproduksjonen har stagnert, og importen har gått opp med 45 000 tonn. Vidare er mjølkeproduksjonen redusert med ein halv million tonn, og den svensk osteproduksjonen er 48 000 tonn lågare no enn i 1995. Samstundes har importen av ost gått opp med 115 000 tonn sidan 1995.

Det har òg vore ei omfattande endring i eigarskapet i matindustrien. Svensk matindustri har gått frå nasjonale samvirkekonsern, eigd av svenske bønder, til transnasjonale føretak med internasjonalt eigarskap

Før medlemskapet vart det meste av den svenske animalske produksjonen i Sverige tilverka av nasjonale kooperativ. Sjølv om kooperative industriføretak framleis er sentrale i svensk matindustri, er dei ikkje lengre nasjonale, men konsoliderte i internasjonale føretak.

Endringa frå nasjonalt eigarskap til internasjonalt eigarskap har vore svært ulik i mjølkesektoren og kjøtsektoren. Innan kjøtindustrien er dei svenske nasjonale kooperativa overtekne av internasjonale føretak, der svenske bønder ikkje er medeigarar. Medan internasjonaliseringa av det dominerande meieriforetaket Arla har gått frå eit svensk meierikooperativ til eit internasjonalt meierikooperativ. Her er svenske mjølkeprodusentar framleis medeigarar, saman med mjølkeprodusentar i ei rekkje europeiske land. Arla er no verdas fjerde største meieriføretak, målt etter mjølkemottak.

I sum er det mange utviklingstrekk i svensk jordbruk som peikar i retning mot at svensk jordbruk ikkje var robust nok til å møte eit langt meir konkurransesterkt europeisk jordbruk. Og her er det grunn til å anta at den omfattande jordbruksreforma og tankegodset frå Riksdagen om eit de-regulert jordbruk var ei medverkande årsak til at møtet mellom det svenske jordbruket og det europeiske vart so hardt for den svenske verdikjeda for mat.

Neste artikkel

Gjerding til alles beste