Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mobilen din - ein klimaversting?

Smarttelefonen gjer liva våre enklare, men har ei skuggeside som både forbrukarar og styresmakter bør kjenne til.

Lenge leve: Å behalda mobilen din ei stund til er bra for klimaet. Foto: Mostphotos
Lenge leve: Å behalda mobilen din ei stund til er bra for klimaet. Foto: Mostphotos

Dei fleste av oss bruker ein heil del tid på mobilen. Med den kan vi gjere nesten alt, og teknologien blir stadig betre.

I dag kjøper eit gjennomsnittleg norsk hushald ein ny mobil i året, og det er lite snakk om kva det har å seie for klima og miljø. Kor mykje veit du om utsleppa mobilen din fører til i løpet av sitt korte liv?

Å lage ein smarttelefon krev rundt 40 ulike metall, som gull, tinn, kopar og kobolt. I berøringsskjermen som gjer desse mobilane så hendige og lekre, trengst det fleire sjeldne jordmetall. Utvinninga fører både til både avskoging og ureining. I koboltgruvene i Kongo jobbar det dessutan ungar under farlege forhold.

Dei ulike delane som utgjer ein smarttelefon, kjem til fabrikken frå ulike stadar i verda – og frakt betyr utslepp. Vi snakkar om batteri, lydchip, wifi-chip, skjerm og kretskort – ørsmå, avanserte og nødvendige bitar i puslespelet som til saman gir deg ein lynrask datamaskin i lommeformat. Særleg kretskorta skapar store klimagassutslepp, over 60 prosent av utsleppa frå å lage ein mobil.

Sjølve bruken av mobilen må òg teljast med når miljø- og klimakonsekvensar skal målast. Nyare forsking viser at dei samla klimagassutsleppa frå ein mobil, frå «vogge» til «grav», er rundt 57 kg CO2. Av dette kjem 4/5 frå produksjonen og 1/5 frå straumbruk. Legg vi til lagring i skya eller strøyming av video, doblar det klimagassutsleppa knytt til bruk av ein mobil.

Å produsere ein smarttelefon fører til utslepp av 45 kg CO2-ekvivalentar, på linje med å køyre 330 kilometer i bensinbil. Det kan verke lite, men på verdsbasis fører produksjon av smart-telefonar til betydelege klimagassutslepp. I fjor vart det laga 1,5 milliardar smart-telefonar, og utsleppa det skapte svarte til 1,3 gonger Norge sine samla utslepp.

Annonse

Måten ein fraktar nye mobilar til marknaden på, har mykje å seie. Truleg vel dei fleste produsentane no fly, framfor skip, for å få varene raskare ut til kundar verda over. Det betyr større utslepp – for klimaet er flyfrakt opptil 100 gonger «verre» enn frakt med skip.

Når mobilen har gjort sitt, burde han ideelt sett gå til gjenvinning, men ofte blir det ikkje slik. Alt innhaldet vi har lagra på smarttelefonen gjer oss engstelege for å bli utnytta, og mange mobilar endar i ein skuff. Ordningane for resirkulering av elektronikk er relativt gode i Norge, samanlikna med mange land. Det finst ein stor svart økonomi knytt til attvinning av elektronikk, med Ghanas hovudstad Accra som eit skrekkens døme. Ved veldige søppelfyllingar, utan verneutstyr som monnar, jobbar folk med å smelte ut metall frå mobilen sitt indre.

Gjenvinning er vrient på grunn av måten smarttelefonen er konstruert på. Ved kassering blir difor berre enkelte metall tekne vare på, mens resten går tapt. Ny utvinning gir nye miljøproblem.

Det er ikkje alt ved mobilen forskarar veit nok om. Kva strøyming og lagring «kostar» klimaet, let seg ikkje talfeste før vi veit meir om miljøpåverknaden frå datalagringssenter. I dag står slike senter for 1 prosent av energibruken i verda, og bruk av smarttelefonar er blant det som driv utsleppa til vêrs.

Kven skal så ta ansvar for at dei kjære mobilane våre set såpass store spor? Styresmaktene bør heilt klart stille strengare krav til levetid, produktdesign og attvinning. Kvifor ikkje krevje at produsentar dokumenterer låge utslepp gjennom heile livsløpet til produktet? Skattelette på mobilreparasjon er eit anna opplagt verkemiddel.

Å unngå at mobilen er ein klima- og miljøversting, er òg noko produsentar bør ta tak i. Lang levetid – ikkje kortare – og meir tilrettelegging for reparasjon og attvinning er sjølvsagt mogeleg. Vi kan håpe at strengare krav snart følgjer av EU si satsing på sirkulærøkonomi. I tillegg må dei store aktørane stille krav om anstendig gruvedrift.

Så var det oss, då, som leikar med tanken om mobilkjøp til jul. Er det éin ting vi kan gjere, så er det å vente. Mobilar som dreg på åra, kan foryngast med nytt batteri. Knuste skjermar kan erstattast. Men dessverre finst det få mobilverkstader, og det tek lang tid å få utført reparasjon hos dei store aktørane. Ikkje at det er lett; appar og programvare som berre fungerer på nye mobilar, kan tvinge dei mest nøysame forbrukarar til å kjøpe nytt. Å halde ut litt lenger med mobilen du alt har, er likevel ei fin gåve å gje verda i år.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Luftsuppe om biogass