Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kva er berekraftige val av mat?

Vi bør velja mat som er sunn og trygg nok for oss som enkeltpersonar og berekraftig for samfunnet. For å få til det, må vi ta tilbake den eigentlege tydinga av fyndorda vi har pynta oss med og ta inn over oss kompleksiteten i dei.

Mat:
Mat:

Ord som berekraft, grønt skifte, klimakrise, beredskap, sunn og trygg mat finns både i forskingssøknader og partiprogram. Begge er salsdokument, og begge er resultat av ærlege ynskje om å koma med gode løysingar. Det er freistande å tillegga desse fyndorda eit innhald som passar med vår sak. Orda kan bety så mange ting at det er nokså lett å gjera det. Men no har fyndorda teke hemn. Vi har sett at pandemi, styrtregn, ras og tørke også kan ramme i Norge og vi må forhalde oss til deira rette innhald.

Eg var nettopp med på ein forskingssøknad med forskarar i Europa og Sør-Amerika. Det gjer inntrykk å høyre at land som tradisjonelt eksporterer mat og fôr til vår del av verda ikkje lenger har nok avling til sin eigen befolkning. Det er ein vekkar om at berekraft har fleire dimensjonar. Pengar er fine å ha, men har liten verdi om det ikkje er mat å kjøpe. Det er minst fire dimensjonar av berekraft, kvar av dei komplekse: miljø, samfunn, økonomi og helse.

Fleire merkeordningar er lansert for å rettleie forbrukarar til å velje rett. Rettferdig handel, kortreist mat, økologisk produksjon, fisk fanga av berekraftig forvalta bestandar, vegan, glutenfri og nøkkelholmerka mat, er nokon eksempel. Typisk for slike merke er at dei legg mest vekt på ein av berekraftsdimensjonane. Det er ikkje opplagt at det er berekraftig for samfunnet om alle vel varer basert på ei av merkeordningane.

Mitt fagområde er trygg mat. For cirka 20 år sidan bad vi folk rangere ulike matvarer etter kva dei meinte var tryggast. Rangeringa vart om lag som venta, men grunnane folk oppgav overraska.

"Om folk ikkje kan skilje trygt, sunt og haldbart, som trass alt er ganske handterlege omgrep, korleis går det då om berekraftsdimensjonane også skal telje med i valet?"

Trygt, sunt og berekraftig?
Annonse

Ganske mange meinte at rå grønsaker var trygge fordi dei var sunne, at røykelaks var trygg fordi den hadde lang haldbarheitstid, og så vidare. Fiskesuppe, som eg la inn som kontrollgruppe for ei trygg matvare, vart derimot rangert lågt av nokon fordi «det er no so mangt som hamnar i den».

Konklusjonen var at folk ikkje skilde mellom trygg, sunn og haldbar mat. Det er for meg ganske skremmande. Grønsaker er sunne ut frå næringsinnhald, men får nokon gonger tilført sjukdomsframkallande bakteriar frå jorda som gjer dei utrygge om grønsakene ikkje blir vaska. Lang haldbarheitstid er i mange tilfelle med på å gjera mat mindre trygg, tenk berre på kosthaldsrådet til gravide om å unngå røykelaks mot slutten av lagringstida.

Om folk ikkje kan skilje trygt, sunt og haldbart, som trass alt er ganske handterlege omgrep, korleis går det då om berekraftsdimensjonane også skal telje med i valet? Eg føreslår følgjande grunnregel: Vel mat som er sunn og trygg nok for eigen del og berekraftig for samfunnets del.

For å ha effekt, må alle ledd i denne grunnregelen vera oppfylte, samstundes. Om eg som privatperson kastar mindre mat, er det godt for mitt eige samvit, men det blir ikkje berekraftig for samfunnet dersom grunnen til at eg kan kaste mindre er at andre ledd i matkjeda må kaste meir. Det kan skje dersom ein einsidig fokuserer på mindre plastemballasje, utan å ta omsyn til at for lite emballasje kan føre til at ein større del av maten vert øydelagt. Det blir svinn-svinn, ikkje vinn-vinn. Det finns mange liknande eksempel.

Begrepet «trygg nok» er ein nøkkel i grunnregelen. Når ein større del av maten skal brukast, vil det føre til at ein del marginal mat også blir brukt. Det er ei gråsone mellom fullstendig trygg mat og utrygg mat, og denne bør analyserast for å setja ei betre grense for kva som er tilrådeleg.

Truleg kastar vi ein del mat som er trygg nok til å eta, men det finns også ein fraksjon som ikkje er trygg nok å bruke til mat. Mitt inntrykk er at den sida vert oversett når ein planlegg tiltak for mindre matsvinn. Det er både unødvendig og uheldig, for då kan gode hensikter føre til fleire sjukdomstilfelle og dårlegare score på dimensjonane helse og samfunn.

Moralen i denne historia er at berekraft er eit viktig og samansett omgrep som nokon gonger blir brukt for opportunistisk og smalt. Berekraft er komplisert og samansett, og ein må sjå på heilskapen, truleg frå mange vinklar, for å få til tiltak som virkar. Det er freistande å samanlikne med politiske parti. Dei vektlegg også berekraftsdimensjonane ulikt. Ein eittpartistat er ikkje nødvendigvis ei god løysing.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

EU-bønder i hardt vêr mellom jord og bord